Kjerstin reviewed Historie om et ekteskap by Geir Gulliksen
Har aldri lese noko av Gulliksen før, og no fekk eg det for meg at det var på tide, så eg har hatt eit Gulliksen-raid på biblioteket. Denne sklei eg igjennom på nokre få timar, men eg kjem nok til å tenkje på henne ei god stund. Eg likar korleis han prøver å sette ord på kva kjærleik er og korleis han kan forandre seg og ta slutt, det er gjenkjennelege tankar. På det innhaldsmessige planet er det samtidig ikkje så overraskande at det går som det går. Eg får ikkje noko inntrykk av at dei to hovudpersonane har noko felles prosjekt eller noko dei er opptekne av eller bryr seg om, anna enn at dei dyrkar ei felles førestilling om at parforholdet deira er annleis og betre enn andre parforhold. Men slik boka framstiller det, verkar det som dette unike forholdet først og fremst kjem til uttrykk gjennom sex, …
Har aldri lese noko av Gulliksen før, og no fekk eg det for meg at det var på tide, så eg har hatt eit Gulliksen-raid på biblioteket. Denne sklei eg igjennom på nokre få timar, men eg kjem nok til å tenkje på henne ei god stund. Eg likar korleis han prøver å sette ord på kva kjærleik er og korleis han kan forandre seg og ta slutt, det er gjenkjennelege tankar. På det innhaldsmessige planet er det samtidig ikkje så overraskande at det går som det går. Eg får ikkje noko inntrykk av at dei to hovudpersonane har noko felles prosjekt eller noko dei er opptekne av eller bryr seg om, anna enn at dei dyrkar ei felles førestilling om at parforholdet deira er annleis og betre enn andre parforhold. Men slik boka framstiller det, verkar det som dette unike forholdet først og fremst kjem til uttrykk gjennom sex, og sex er jo strengt teke ikkje så unikt, det er vel tverimot ekstremt allmennmenneskeleg. Ho er treningsnarkoman (i seg sjølv eit teikn på at livet manglar meining), han har ryddemani, og det er det. Med det som utgangspunkt er det ikkje så overraskande at minst ein av dei er veldig open for noko nytt og uventa, noko som får henne til å kjenne seg viktig og levande. Dette er ikkje meint som kritikk av boka, tvertimot. Det interessante er jo å få eit innblikk i korleis dette forholdet, som eigentleg er eit heilt alminneleg forhold (eller, om ein vil, unikt på same måten som alle forhold er unike), går i oppløysing. Og boka viser at det går i oppøysing på kjende måtar, som det nettopp difor er viktig å prøve å sette ord på.













