User Profile

Ivar Espås Vangen

Ivarv93@books.babb.no

Joined 1 year, 6 months ago

Les nok mest sakprosa, men eg prøver å lese meir skjønnlitteratur.

This link opens in a pop-up window

Ivar Espås Vangen's books

Currently Reading

2026 Reading Goal

65% complete! Ivar Espås Vangen has read 34 of 52 books.

Ola Innset: Kampen om verdiene (Hardcover, norsk language, 2025, Manifest) No rating

Antallet milliardærer i Norge vokser for hvert år, og de rike gir enorme pengegaver til …

Det viktigste vi kan gjøre for å utvide og forbedre velferdsstaten i Norge er imidlertid å øke skattene for de som har aller mest.Mer av de rikes kjøpekraft må inndras. Da vil vi kunne bruke flere av våre menneskelige ressurser på felles velferd, istedenfor produksjon av overskudd ti llandets bedriftseiere. I framtida vil en slik vridning av arbeidskraftressurser over mot felles velferd bli tvinende nødvendig

Kampen om verdiene by  (Page 104)

Det er eit godt poeng. Ein talar mykje om "offentleg sløsing" for tida, men den private sløsinga er openbert mykje verre. Eg har aldri vore inne på ein sjukeheim og tenkt "fy faen, har vi råd til alt det her??". Vanlegvis har eg tenkt det stikk motsette.

Men går ein rundt i byen og ser på kor mykje kompetanse og arbeidskraft som sløsast bort i marknadsføring, reklame og venleiksalongar, er det tydeleg at spørsmålet passar betre andre stadar enn i velferden.

@jaran@snabelen.no Ja, ein kan jo meine at det er rart, men det er jo heller ikkje noko nytt. Mange nordmenn var jo veldig opptekne av Vietnamkrigen også, utan at den eigentleg påverka dei noko særleg. Det er lange tradisjonar i Noreg for å vera oppteken av urett også andre stadar enn i eige land. Konflikten her er spesiell fordi den har vara så lenge, og fordi Noreg var 100 % pro-israelske fram til 1967 (og nokre år etter, for det meste).

Jørgen Jensehaugen: En kort introduksjon til Israel-Palestina-konflikten (Paperback, 2024, Cappelen Damm Akademisk)

En kort introduksjon til Israel–Palestina-konflikten gir en lett tilgjengelig men samtidig grundig og forskningsbasert framstilling …

Glitrande introduksjon til ein "vanskeleg" konflkt

Det første minnet mitt om "Midtausten-konflikten" er frå 2008/2009 da ein stat som heitte "Israel" bomba over eit område (ikkje ein stat) som heitte "Gaza". Eg gjekk på ungdomsskolen, og forstod ikkje så mykje av det. Både lærarar og folk som uttala seg på TV gjentok at konflikten her var så komplisert, ja om ikkje "den vanskelegaste konflikten i verda".

Sidan den gongen har eg lese mykje; både bøker av historikarar, statsvitarar, journalistar; rapportar frå menneskerettsorganisasjonar, solidaritetsorganisasjonar, og dessutan prøvd å følgje med på nyhenda om området.

Eg går ikkje med på at det her er ein spesielt "komplisert" konflikt; i alle fall om ein med dèt meiner ein konflikt som er vanskeleg å forstå. Det er det ikkje. Spør du meg er konflikten her eigentleg ganske enkel å forstå. Det som derimot er "komplisert", eller "vanskeleg", er å løyse ho. Det er ikkje fordi det er mykje …

Kurt Vonnegut: Breakfast of Champions (1999, Dell) No rating

Breakfast Of Champions is vintage Vonnegut. One of his favorite characters, aging writer Kilgore Trout, …

I am going to make a wild guess now: I think that the end of the Civil War in my country frustrated the white people in the North, who won it, in a way which has never been acknowledged before. Their descendants inherited that frustration, I think, without ever knowing what it was.

Breakfast of Champions by  (Page 246)

Kurt Vonnegut sin forteljarrøyst spådde MAGA allereie i 1973.

Jonas Bals: Våre kamper (Hardcover, Norsk bokmål language, Res Publica)

Fascismen er tilbake som en politisk kraft, men det er også antifascismen. Hva var og …

Sterkt forsøk på ei antifascistisk historieskriving

Ifølgje Jonas Bals har historikarar vore alt for opptekne av fascismen si historie, og alt for lite opptekne av antifascismen. Det vil eg seie meg einig med han i. Derfor har eg lenge gleda meg til å lese boka her, som set antifascistane heilt frå den amerikanske borgarkrigen og til starten på den andre verdskrigen i fokus.

Boka er heilt klart verdt å lese, sjølv om ho er lang. Det er mykje å lære her, både om illgjerningane til fascistane i både Tyskland, Italia og i Noreg, men også om korleis vanlege folk gjorde sitt for å kjempe imot. Hovudaktørane i antifascismen er ifølgje Bals' framstilling den organiserte arbeidarrørsla, i hovudsak Arbeidarpartiet, men også enkeltmenneske som stortingspresident Carl Joachim Hambro frå Høgre, og Dagblad-journalisten Ragnar Vold.

Her ligg kanskje også den svake sida til boka. Kor er for eksempel liberalarane i framstillinga her? Eg er ingen ekspert på …

Odd Arne Westad: Når stormen kommer (Norsk bokmål language, Cappelen Damm Akademisk)

For å forstå truslene vi står overfor i verden i dag, må vi se tilbake …

1914 - ikkje 1939

Odd Arne Westad legg ut eit godt argument for at verda i dag liknar meir på den verda vi hadde før 1914, enn ho liknar på verda i 1939.

Odd Arne Westad er ein framifrå kald krig-historikar som lenge har vore oppteken av tilhøva mellom stormakter. I boka her, som så vidt eg veit er den første som er vorte omsett til norsk, argumenterer han for at verda i dag har klare likskapar med den verda vi hadde i 1914.

Det her kan framstå framand i eit land kor den einaste historiske analogien folk kjenner til, er overgangen frå mellomkrigstid til den andre verdskrigen. Like fullt har eg lenge vore av ei liknande oppfatning som det Westad kjem med i boka her, og er enno meir overtydd no.

For det første har vi i dag eit internasjonalt system med fleire stormakter, kor nokon er langt sterkare enn …