Her var det mykje bra, altså! Ei god diagnose på tek-drittleggjeringa over alt.
Reviews and Comments
Les nok mest sakprosa, men eg prøver å lese meir skjønnlitteratur.
This link opens in a pop-up window
Ivar Espås Vangen finished reading Enshittification by Cory Doctorow
Ivar Espås Vangen finished reading Red Mars (Mars Trilogy) by Kim Stanley Robinson (Mars (1))
Ivar Espås Vangen finished reading Hvem styrer feeden min? by Bår Stenvik
Ivar Espås Vangen reviewed Generasjon angst by Jonathan Haidt
Skjermen er problemet
5 stars
Mykje har skjedd på dei siste ti åra. Da eg var i praksis på ein ungdomsskole i 2016, framheva dei kor stolte dei var over at skolen var mobilfri. Det hadde dei innført gjennom ein grundig dialog mellom FAU, elevråd og leiinga ved skolen. Resultata var svært positive, rapporterte både foreldre, elevar og skolen sjølv.
Den gongen var det her ganske sjeldan. Ein fekk høyre at det var så "inngripande" å lage reglar om at mobiltelefonen skulle leggjast bort gjennom skoledagen. I dag byrjar mobilfrie skolar derimot å bli regelen.
Det som har skjedd i mellomtida, er at ein til slutt fekk eit nasjonalt ordskifte om kva skjermane gjer med oss, og ikkje minst ungane våre. Den boka som verkeleg fekk gjennomslag internasjonalt var boka "The Anxious generation" av Jonathan Haidt, som i år vart omsett til norsk.
Haidt er ingen medieforskar, men er professor i psykologi. …

Haidt er ingen medieforskar, men er professor i psykologi. Utgangspunktet hans var den ekstreme auka i psykisk uhelse ein har sett i meir eller mindre heile verda frå 2010 og fram til i dag. Det her kjem til uttrykk på mange vis, men ikkje minst angstlidingar og depresjon har vore i valdsam vekst. Ifølgje Haidt er det umogleg å komma utanom inntoget til smarttelefonane, når ein skal forklare fenomenet. Menneskehjernen er ikkje designa for å ha ein barndom og ei ungdomstid som primært foregår på sosiale media. Det er vanskeleg å ikkje la seg overtyde av den etter kvart enorme mengden data som stadfestar utviklinga. Auka har vore langt meir dramatisk enn dei aller fleste, meg sjølv inkludert, truleg har vore klare over.
Koplinga som gjorde spesielt inntrykk på meg, var mellom den totalt ukritiske "omkoplinga" av barndommen som kom med smarttelefonane frå 2010, og prosessen som starta eit par tiår tidlegare, med absurd kontroll over barndommen frå foreldra si side. Allereie frå seint 1980-tal, såg ein teikn til at meir og meir av barndommen vart kontrollert og "skjerma", og at det vart mindre av den sjølvstendige og nokon gonger risikoprega barndommen som var vanleg tidlegare. Meir og meir av fritida vart "styrt" med vaksne til stades. Ifølgje Haidt, er det kombinasjonen av dette, og den seinare fullstendig ukontrollerte bruken av skjermar og sosiale media, som forklarer korfor alt gjekk av hengslane etter 2010 (og eskalerte ytterlagare under pandemien).
Haidt sine løysningar er eigentleg tredelte:
Tving Tek-gigantane til å lage fungerande mekanismar for å halde barn borte frå plattformane deira.
Innfør mobilfri skole, med meir rom for frileik.
At foreldre bør la ungane sine få ei oppvekst utan smart-telefon (før ungdomsskolen) og sosiale medium (16 år), kor dei får rom til å utvikle seg som sjølvstendige individ, også når det finst ein sjanse for at det kan gå litt gale.
Eg trur det er ei endring på gang allereie no. For ti år sidan var det knapt eit offentleg ordskifte om problema knytt til skjermgjeringa av barndommen, og ein fekk få kritiske spørsmål som lærar på foreldremøte om nettbrett og skjerm. I dag ser ein meir og meir at politikarane kappast om å innføre restriksjonar (om ikkje alltid så gjennomtenkte), og at foreldre er langt meir medvite på at ein ikkje ukritisk bør gi unge frie tøylar på smarttelefon og nettbrett.
Eg trur det er liten tvil om at boka til Haidt har vore viktig globalt for å snu forteljinga om skjermane. Eg vil derfor sterkt tilråde folk å lesa ho, om ikkje anna for å skrive meir kritiske meldingar om ho enn det eg har gjort her. Omkoplinga av barndommen er slik eg ser det ei av dei største utfordringane vi står overfor som samfunn. Eg håper verkeleg at åtvaringane til Haidt blir tatt på alvor.
Ivar Espås Vangen finished reading Generasjon angst by Jonathan Haidt
Ivar Espås Vangen reviewed En kort introduksjon til Israel-Palestina-konflikten by Jørgen Jensehaugen (En kort introduksjon til)
Glitrande introduksjon til ein "vanskeleg" konflkt
5 stars
Det første minnet mitt om "Midtausten-konflikten" er frå 2008/2009 da ein stat som heitte "Israel" bomba over eit område (ikkje ein stat) som heitte "Gaza". Eg gjekk på ungdomsskolen, og forstod ikkje så mykje av det. Både lærarar og folk som uttala seg på TV gjentok at konflikten her var så komplisert, ja om ikkje "den vanskelegaste konflikten i verda".
Sidan den gongen har eg lese mykje; både bøker av historikarar, statsvitarar, journalistar; rapportar frå menneskerettsorganisasjonar, solidaritetsorganisasjonar, og dessutan prøvd å følgje med på nyhenda om området.
Eg går ikkje med på at det her er ein spesielt "komplisert" konflikt; i alle fall om ein med dèt meiner ein konflikt som er vanskeleg å forstå. Det er det ikkje. Spør du meg er konflikten her eigentleg ganske enkel å forstå. Det som derimot er "komplisert", eller "vanskeleg", er å løyse ho. Det er ikkje fordi det er mykje …
Det første minnet mitt om "Midtausten-konflikten" er frå 2008/2009 da ein stat som heitte "Israel" bomba over eit område (ikkje ein stat) som heitte "Gaza". Eg gjekk på ungdomsskolen, og forstod ikkje så mykje av det. Både lærarar og folk som uttala seg på TV gjentok at konflikten her var så komplisert, ja om ikkje "den vanskelegaste konflikten i verda".
Sidan den gongen har eg lese mykje; både bøker av historikarar, statsvitarar, journalistar; rapportar frå menneskerettsorganisasjonar, solidaritetsorganisasjonar, og dessutan prøvd å følgje med på nyhenda om området.
Eg går ikkje med på at det her er ein spesielt "komplisert" konflikt; i alle fall om ein med dèt meiner ein konflikt som er vanskeleg å forstå. Det er det ikkje. Spør du meg er konflikten her eigentleg ganske enkel å forstå. Det som derimot er "komplisert", eller "vanskeleg", er å løyse ho. Det er ikkje fordi det er mykje ein ikkje veit eller forstår, men at den eine parten i konflikten er så uendeleg mykje sterkare enn den andre. Det er ikkje "komplisert", men "urettferdig".
Eg har generelt stor sans for bokserien "En kort introduksjon til", og boka her er ikkje eit unntak. Eg synst det er kjempeviktig at det kjem gode og etterrettelege bøker på norsk som kan skjære gjennom all støyen folk får opp i feeden sin. Jørgen Jensehaugen har gjort eit himla godt arbeid med utgjevinga her.
For det første synst eg boka held eit høgt akademisk nivå. Jensehaugen er godt oppdatert på stoda i forskinga på feltet, utan at boka dermed blir ei smørje av fotnotar. Balansen mellom perspektiva er også godt utført, og sjølv om eg trur det vil vera vanskeleg å halde hovudsympatien med Israel etter å ha lese boka her, synst eg likevel Jensehaugen heile vegen legg fram korleis situasjonen fortona seg frå deira side.
Boka vart først utgjeve i 2022, altså før Hamas sitt åtak mot Israel 7. oktober 2023. Utgåva eg har lese er 2. utgåve, som har med eit heilt kapittel om det som har skjedd sidan. Eg trur det var klokt å leggje til dette, både fordi mykje har endra seg, men også fordi det han skriv om ulikskapen i status hos palestinarane avhengig av kor dei bur er verdt å sjå nærmare på. "Palestinarane" i dag kan nemleg delast i fleire grupper:
1) Dei som har israelsk statsborgarskap og bur i Israel. Dei utgjer om lag 20 % av folkesetnaden i staten, og har nesten like rettar som jødane i landet. Skilnaden går, som Jensehaugen er inne på, mellom anna i kjøp av eigedom og kor staten løyver offentlege pengar. Det her er nok gruppa palestinarar som har det likast.
2) Palestinarane i Aust-Jerusalem. Eg har det med å gløyme dei sjølv, men det er altså om lag 200 000 palestinarar som har halde fram med å bu i Aust-Jerusalem sjølv om Israel okkuperte området i 1967, og formelt annekterte det i 1980. Palestinarane her har permanent løyve til opphald, men får sjeldan statsborgarskap om dei søker. Dei har altså langt dårlegare rettar enn palestinarane i sjølve Israel.
3) Palestinarane på Vestbreidda og Gaza: dei har ingen rettar i Israel i det heile, sjølv om Israel spesielt på Vestbreidda gjerne kontrollerer nær sagt alle sider ved liva deira. I og med at dei ikkje er statsborgarar, kjem dei under militær jurisdiksjon etter israelske lover. Det er grunnen til at for eksempel palestinske ungar kan hamne i fengsel og bli torturert. På Vestbreidda blir ein gjerne ofte terrorisert av israelske kolonistar, som typisk opererer med støtte frå israelske militære styrkar. På Gaza er det openbert enno verre, også før 2023, kor Israel nøye har halde enklaven under blokade.
4) Dei palestinske flyktningane. Det er framleis 5,7 millionar palestinske flyktningar i verda. Dei fleste av dei er etterkommarar etter dei som flykta i 1947-1949, men ein del flykta også i 1967. Per i dag er det store grupper palestinske flyktningar i både Syria, Jordan, Libanon, på Gaza og på Vestbreidda. Det varierer korleis tilhøva deira er, men etter internasjonal lov har alle saman rett til å vende heim ein gong. Det er dessutan berre i Jordan flyktningane stort sett er innvilga statsborgarskap.
Lenge har det vore eit spørsmål om den israelske okkupasjonen av Vestbreidda er lovleg eller ikkje. Resolusjon 242 frå Tryggingsrådet i SN krevja rett nok at Israel skulle trekke seg ut frå "territorium okkupert i den siste konflikten", altså i 1967, men "territorium" er altså noko anna enn "alle territorium". Da er det fint at Jensehaugen minner oss om at Den internasjonale domstolen (ICJ) i 2023 konkluderte med at okkupasjonen er ulovleg, og at Israel må heve den så snart som råd er, og at kolonistane må ut. Domstolen understreka dessutan, likt både Amnesty, Human Rights Watch og B'T Selem, at systemet på Vestbreidda er rasesegregering, sjølv om domstolen var delt i om det var riktig å nytte nemninga "apartheid".
Eg har ikkje mykje å utsetje på boka. Om noko, så sakna eg kanskje litt meir om dei første forsøka på å ta opp spørsmålet om totstatløysning i SN etter fadesen i 1947. Det er mange som ikkje veit det, men allereie i 1976 var arabarstatane einige om ein resolusjon som tok til orde for to likeverdige statar langs grensene slik dei låg før krigen i 1967. Også palestinarane gjennom PLO hadde implisitt gitt støtte til resolusjonen. Israel boikotta møtet i SN, og USA la ned veto. Slik har det vore heile vegen sidan. For meg er det her viktig, fordi det ofte blir hevda av folk at det er palestinarane som "seier nei" til tostatsløysninga.
Om du lenge har kjent deg litt ustø på historia og bakgrunnen for Midtausten-konflikten, er det her definitivt ei god bok å lese. Ho er oppdatert, sakleg, velskrive, og dessutan så balansert som det er mogleg å vera i ein konflikt som for dei fleste av oss framstår som eit reint overgrep av ein sterk mot ein svak part. Ein blir openbert ingen ekspert på kvar einskild hending, men ein får eit naudsynt overblikk som vil gjera det mykje lettare å fordjupe seg på eiga hand seinare.
Ivar Espås Vangen reviewed Våre kamper by Jonas Bals
Sterkt forsøk på ei antifascistisk historieskriving
4 stars
Ifølgje Jonas Bals har historikarar vore alt for opptekne av fascismen si historie, og alt for lite opptekne av antifascismen. Det vil eg seie meg einig med han i. Derfor har eg lenge gleda meg til å lese boka her, som set antifascistane heilt frå den amerikanske borgarkrigen og til starten på den andre verdskrigen i fokus.
Boka er heilt klart verdt å lese, sjølv om ho er lang. Det er mykje å lære her, både om illgjerningane til fascistane i både Tyskland, Italia og i Noreg, men også om korleis vanlege folk gjorde sitt for å kjempe imot. Hovudaktørane i antifascismen er ifølgje Bals' framstilling den organiserte arbeidarrørsla, i hovudsak Arbeidarpartiet, men også enkeltmenneske som stortingspresident Carl Joachim Hambro frå Høgre, og Dagblad-journalisten Ragnar Vold.
Her ligg kanskje også den svake sida til boka. Kor er for eksempel liberalarane i framstillinga her? Eg er ingen ekspert på …
Ifølgje Jonas Bals har historikarar vore alt for opptekne av fascismen si historie, og alt for lite opptekne av antifascismen. Det vil eg seie meg einig med han i. Derfor har eg lenge gleda meg til å lese boka her, som set antifascistane heilt frå den amerikanske borgarkrigen og til starten på den andre verdskrigen i fokus.
Boka er heilt klart verdt å lese, sjølv om ho er lang. Det er mykje å lære her, både om illgjerningane til fascistane i både Tyskland, Italia og i Noreg, men også om korleis vanlege folk gjorde sitt for å kjempe imot. Hovudaktørane i antifascismen er ifølgje Bals' framstilling den organiserte arbeidarrørsla, i hovudsak Arbeidarpartiet, men også enkeltmenneske som stortingspresident Carl Joachim Hambro frå Høgre, og Dagblad-journalisten Ragnar Vold.
Her ligg kanskje også den svake sida til boka. Kor er for eksempel liberalarane i framstillinga her? Eg er ingen ekspert på mellomkrigstida, men eg er temmeleg trygg på at sentrumsliberale parti og rørsler i både Noreg, Tyskland og Italia gjorde eitt og anna i kampen mot fascismen i perioden. Bals erklærer sjølv at han vil skrive ei historie om mangfaldet i antifascismen og ikkje berre den mest aktivistiske sida, men det er likevel det siste som blir via mest merksemd her.
Kommunistpartia blir med rette kritisert i framstillinga for å ha drive sekterisk splittingsmakeri, og lenge ikkje såg verdien i å stå samla mot fascismen. Her synst eg Bals er veldig god når han behandlar 1920-talet, men på 1930-talet hoppar han over linjeskiftet på Komintern sin 7. kongress i 1935, kor ein faktisk landa på å skipe "folkefrontar" mot fascismen, kor ein i tillegg til partia frå arbeidarrørsla også skulle involvere borgarlege demokratisk innstilte parti. Ein kan diskutere kor vellykka denne forseinka endringa var, men Bals registrerer knapt skiljet.
Den siste innvendinga mi handlar om definisjonsspørsmålet: kva er fascisme? Eg er eigentleg einig med Bals i at ein ikkje bør henge seg for mykje opp i reint akademiske øvingar kor ein skal finne Definisjonen (med stor D). Likevel trur eg boka hadde vore tent med litt klarare innramming av fascismen, ikkje minst når bind 2 (som eg ikkje har lese enno), tar for seg tida etter den andre verdskrigen. Bals trekk på ei side fram definisjonen til Roger Griffin, kor fascismen blir forstått som "palingenetisk ultranasjonalisme", altså ein nasjonalisme som søker gjenføding av nasjonen utover rammane til det liberale demokratiet. Greitt nok, men han seier seg likevel einig med Robert Paxton, som heller oppmodar til å sjå på kva fascistane har gjort, framfor kva dei sjølv har hatt å seie om seg sjølv. Her underslår Bals usemja mellom dei to perspektiva: Griffin si forståing baserer seg nettopp på at ein skal ta fascistane på alvor, også når dei legg ut om visjonane sine med eigne ord.
Bals' si motvilje mot ein tydeleg definisjon og avgrensing av fascismen mot andre tilstøytande fenomen på ytre høgre, gjer at "alt" reaksjonært grums plutseleg blir fascisme. Kanskje er ikkje det heilt feil, men i så fall blir det vanskelegare å trekke ut lærdommar til dagens situasjon frå boka, slik Bals tydeleg gir uttrykk for at han ønsker lesaren skal gjera. Han skildrar for eksempel godt korleis Arbeidarpartiet på 1930-talet var tydelege på at ein måtte handtere faktisk fascistisk aktivitet frå organisasjonar som Nasjonal Samling og Fedrelandslaget annleis enn arrangement frå "normale" borgarlege parti som Høgre.
Korleis står den lærdommen seg i dag? Når er eit høgrepopulistisk parti "normalt" nok til å bli møtt med normale politiske metodar, og når går det over til at ein bør hindre dei frå å drive aktivitetane sine? Sånne spørsmål er viktige, men da treng ein ei betre analyse enn den Bals legg opp til i del 1.
No vart det mykje kritisk her, men eg synst likevel boka i hovudsak var god. Motsett av fleire andre meldarar, synst eg for eksempel det er klokt å inkludere den amerikanske rasismen i sørstatane i ei historie om antifascismen, ikkje minst fordi det er umogleg å forstå MAGA-rørsla og liknande, utan å forstå den amerikanske rasistiske historia.
Ivar Espås Vangen reviewed Når stormen kommer by Odd Arne Westad
1914 - ikkje 1939
4 stars
Odd Arne Westad legg ut eit godt argument for at verda i dag liknar meir på den verda vi hadde før 1914, enn ho liknar på verda i 1939.
Odd Arne Westad er ein framifrå kald krig-historikar som lenge har vore oppteken av tilhøva mellom stormakter. I boka her, som så vidt eg veit er den første som er vorte omsett til norsk, argumenterer han for at verda i dag har klare likskapar med den verda vi hadde i 1914.
Det her kan framstå framand i eit land kor den einaste historiske analogien folk kjenner til, er overgangen frå mellomkrigstid til den andre verdskrigen. Like fullt har eg lenge vore av ei liknande oppfatning som det Westad kjem med i boka her, og er enno meir overtydd no.
For det første har vi i dag eit internasjonalt system med fleire stormakter, kor nokon er langt sterkare enn …
Odd Arne Westad legg ut eit godt argument for at verda i dag liknar meir på den verda vi hadde før 1914, enn ho liknar på verda i 1939.
Odd Arne Westad er ein framifrå kald krig-historikar som lenge har vore oppteken av tilhøva mellom stormakter. I boka her, som så vidt eg veit er den første som er vorte omsett til norsk, argumenterer han for at verda i dag har klare likskapar med den verda vi hadde i 1914.
Det her kan framstå framand i eit land kor den einaste historiske analogien folk kjenner til, er overgangen frå mellomkrigstid til den andre verdskrigen. Like fullt har eg lenge vore av ei liknande oppfatning som det Westad kjem med i boka her, og er enno meir overtydd no.
For det første har vi i dag eit internasjonalt system med fleire stormakter, kor nokon er langt sterkare enn alle dei andre, men kor ein også har ei kjensle av nedgang og trugsmål frå oppadstormande konkurrentar. Westad argumenterer godt for at USA i dag minnar mykje om Storbritannia i 1914, og at Kina har mange trekk som liknar på Det tyske keisarriket. Dagens USA sin framandfrykt og krampaktige grep for å halde seg oppe som imperium og Kina sin frykt for å bli "for seine" med å utnytte den makta dei har opparbeidd seg dei siste tiåra, er ein farleg miks når ein ser dei i høve til historia.
I 1914 vart det krig, og så mange som 40 millionar menneske vart drepne eller skada. Men det tyder ikkje at krig var uunngåeleg den gongen, og heller ikkje at det er uunngåeleg i dag. Westad slår derfor eit slag for diplomatiet, og vilje til å gjera kompromiss i sakar kor usemje kan føre til krig. Løysningsforslaga hans på Taiwan, Ukraina og Palestina blir litt for enkle for min del, men det er uansett først og fremst den historiske drøftinga som var grunnen til at eg las boka her, og den var god.
Til sist synst eg omsetjinga til norsk er litt skuffande. Det heiter ikkje "i Balkan", men "på". Det heiter heller ikkje "handelsunioner", men "fagforeiningar'. Det her er faktisk på linje med Google translate i 2010. Skjerpings.
Ivar Espås Vangen finished reading Stormfulle høgder by Emily Brontë (Skalds klassikarar)
Ivar Espås Vangen rated Stormfulle høgder: 5 stars

Stormfulle høgder by Emily Brontë (Skalds klassikarar)
«Stormfulle høgder» (1847) er ein av dei mest lesne engelske klassikarane i verda og den einaste romanen skriven av poeten …
Ivar Espås Vangen finished reading En kort introduksjon til Vietnamkrigen by Stein Tønnesson (En kort introduksjon til)
Ivar Espås Vangen finished reading Døden i Venezia by Thomas Mann (Skalds klassikarar)
Ivar Espås Vangen reviewed En kort introduksjon til Irans moderne historie by Hulda Kjeang Mørk (En kort introduksjon til, #16)
God introduksjon til eit land dei færraste kjenner godt
5 stars
Det er ikkje så mykje å seie her anna enn at boka er solid avgrensa, godt dokumentert, og gir eit presist innblikk i Iran gjennom 1900- og 2000-talet. Forfattaren viser korleis Iran heile vegen har vorte hersa med og kontrollert av ulike stormakter, og gjennom deira handlangarar i den iranske eliten. Folkestyret og sjølvstyret har vore skadelidande kvar gong, ikkje minst i kuppet mot den folkevalte nasjonalisten Mohammed Mossadeq i 1953, støtta av britisk og amerikansk etterretning.
Perioden frå 1953 til 1979 er dessutan også interessant, og viser kor hovudlaus strategien om å kjempe for ei tilbakevending til det blodtørstige Pahlavi-kongedynastiet er. Iran var eit helvete for både minoritetar og opposisjon under sja-styret. Det er ikkje slik at diktaturet vart innført først i 1979.
Perioden med prestestyret er også godt dekka. Både prestestyret sin sementering av makta gjennom 1980-talet, kor dei knuste det som var av opposisjon til …
Det er ikkje så mykje å seie her anna enn at boka er solid avgrensa, godt dokumentert, og gir eit presist innblikk i Iran gjennom 1900- og 2000-talet. Forfattaren viser korleis Iran heile vegen har vorte hersa med og kontrollert av ulike stormakter, og gjennom deira handlangarar i den iranske eliten. Folkestyret og sjølvstyret har vore skadelidande kvar gong, ikkje minst i kuppet mot den folkevalte nasjonalisten Mohammed Mossadeq i 1953, støtta av britisk og amerikansk etterretning.
Perioden frå 1953 til 1979 er dessutan også interessant, og viser kor hovudlaus strategien om å kjempe for ei tilbakevending til det blodtørstige Pahlavi-kongedynastiet er. Iran var eit helvete for både minoritetar og opposisjon under sja-styret. Det er ikkje slik at diktaturet vart innført først i 1979.
Perioden med prestestyret er også godt dekka. Både prestestyret sin sementering av makta gjennom 1980-talet, kor dei knuste det som var av opposisjon til venstre, men også den håplause kampen mot Saddam Husseins Irak, som var støtta av nærmast heile regionen + USA. Perioden med reformvennleg leiing i landet frå 1997 til 2005 er også interessant, og viser at ein truleg hadde eit rom for å gjera Iran til ein meir "normal" aktør i det internasjonale systemet. Den sjansen greip ein ikkje.
Boka her vil eg verkeleg tilråde folk som skulle ønske dei visste meir om Iran no som Epstein-regimet sine rakettar regnar over dei. Eg kan garantere at du vil bli klokare.
Ivar Espås Vangen finished reading Våkne kvinner by Margrethe Guldal Einarsen
Visste du at Noreg sin første kvinnelege statsråd var kommunist? Truleg ikkje, men det var ho. Margrethe Guldal Einarsen har skrive ei framifrå historisk biografi om ei spennande dame som ikkje akkurat har fått stor merksemd av historikarar.