Verdt å lese for alle med interesse for psykiatri og kriminalomsorg
5 stars
Randi Rosenqvist er verkeleg ein nestor innan norsk psykiatri. Som psykiater har ho lang erfaring frå ulike institusjonar, ikkje minst i skjæringspunktet mellom kriminalomsorg og helsevesenet. I boka her skildrar ho utviklinga i norsk psykiatri dei siste 25 åra, både på godt og vondt.
Rosenqvist si hovudtese er at psykiatrien grunnleggjande har vorte bygd ned. Ho viser mellom anna til tala på døgnplassar, som har sokke frå ein topp på 18 000 sengeplassar i 1960, til 3604 i 2021. Mange av pasientane var det openbert riktig å fase inn til andre tilbod, men ein utilsikta konsekvens har blitt at dei aller sjukaste i dag ofte mistar den langvarige behandlinga dei treng, og dessverre ofte blir "svingdørspasientar" på ulikt nivå i psykiatrien og/eller i fengselsvesenet.
Boka til Rosenqvist er kjempeaktuell i valkampen i år, kor det ligg an til at psykiatri blir eit ikkje-tema som vanleg. Kanskje kan meir iherdig lesing …
Randi Rosenqvist er verkeleg ein nestor innan norsk psykiatri. Som psykiater har ho lang erfaring frå ulike institusjonar, ikkje minst i skjæringspunktet mellom kriminalomsorg og helsevesenet. I boka her skildrar ho utviklinga i norsk psykiatri dei siste 25 åra, både på godt og vondt.
Rosenqvist si hovudtese er at psykiatrien grunnleggjande har vorte bygd ned. Ho viser mellom anna til tala på døgnplassar, som har sokke frå ein topp på 18 000 sengeplassar i 1960, til 3604 i 2021. Mange av pasientane var det openbert riktig å fase inn til andre tilbod, men ein utilsikta konsekvens har blitt at dei aller sjukaste i dag ofte mistar den langvarige behandlinga dei treng, og dessverre ofte blir "svingdørspasientar" på ulikt nivå i psykiatrien og/eller i fengselsvesenet.
Boka til Rosenqvist er kjempeaktuell i valkampen i år, kor det ligg an til at psykiatri blir eit ikkje-tema som vanleg. Kanskje kan meir iherdig lesing av boka her bidra til å endre på det.