Ivar Espås Vangen rated Frp-koden: 5 stars

Frp-koden by Magnus E. Marsdal
Forfatteren vil finne en forklaring på Fremskrittspartiets framgang, og stiller spørsmålet: Hvordan kan så mange sympatiske mennesker stemme på det …
Les nok mest sakprosa, men eg prøver å lese meir skjønnlitteratur.
This link opens in a pop-up window

Forfatteren vil finne en forklaring på Fremskrittspartiets framgang, og stiller spørsmålet: Hvordan kan så mange sympatiske mennesker stemme på det …
Likte du den første Arbeidarhjerte-boka, vil du elske den her. Det er få forfattarar som verkeleg greier å skrive ein seriøs klassereiseroman som verkeleg treff samtida så godt som Tiller. Alt for ofte blir sånne romanar enten håplaust tilbakeskuande, eller panegyriske hyllestar av kor fantastisk det er å "komme seg bort" frå arbeidarklassen. Sånn er det ikkje i boka her.
Persongalleriet er også glitrande. Eg tar meg i å "kjenne att" nærmast kvar einaste ein av dei, alt frå "kommunist-faren" til hovudpersonen, til studiekameratane, og elevane hans på vidaregåande. Ein kan irritere seg grenselaust av nærmast samtlege, og det er nettopp der Tiller er på sitt beste. Absolutt ingen andre forfattarar greier så presist å skildre korleis heilt normale samtalar og omgang mellom folk kan gå fullstendig i lås.
Alt i alt: boka her kan eg tilråde 100 %. Les ho. Les ho forrige. Og kos deg!

Ein kan lure på korleis Mìmir har tid til å skrive så mange bøker samstundes som han er stortingsrepresentant, pappa, kjærast og podcastar. Det begynner å bli openbert at denne mannen har fleire timar i døgnet enn oss andre.
Uansett: boka her var jævleg god. Ikkje fordi ein nødvendigvis lærer så mykje nytt. Gjennom boka kjem Mímir inn på både arbeidsliv, pensjon, barnehage, sjukehus, EU, boligpolitikk, jernbane og skatt. Han argumenterer godt for korfor det er idiotisk at norske politikarar legg seg på rygg for openbert destruktiv politikk frå EU, korfor helseforetaksmodellen i grunn handla både om sparing og å avgrense demokratisk kontroll, og korfor det var heilt hòl i hovudet å privatisere jernbanen.
Om ein allereie er langt ute på ytre venstre politisk vil nok mykje av det her framstå som litt kjedeleg og traust sosialdemokratisk nostalgi. Men kva så? Det er faktisk eit problem i Noreg …
Ein kan lure på korleis Mìmir har tid til å skrive så mange bøker samstundes som han er stortingsrepresentant, pappa, kjærast og podcastar. Det begynner å bli openbert at denne mannen har fleire timar i døgnet enn oss andre.
Uansett: boka her var jævleg god. Ikkje fordi ein nødvendigvis lærer så mykje nytt. Gjennom boka kjem Mímir inn på både arbeidsliv, pensjon, barnehage, sjukehus, EU, boligpolitikk, jernbane og skatt. Han argumenterer godt for korfor det er idiotisk at norske politikarar legg seg på rygg for openbert destruktiv politikk frå EU, korfor helseforetaksmodellen i grunn handla både om sparing og å avgrense demokratisk kontroll, og korfor det var heilt hòl i hovudet å privatisere jernbanen.
Om ein allereie er langt ute på ytre venstre politisk vil nok mykje av det her framstå som litt kjedeleg og traust sosialdemokratisk nostalgi. Men kva så? Det er faktisk eit problem i Noreg at Arbeidarpartiet sjølv ikkje gjer den jobben ein forventar av eit sosialdemokratisk parti. Da går faktisk stafettpinnen vidare. Mímir har gjort den jobben eg skulle ønske at Ap gjorde sjølv - nemleg å innsjå at mykje av den nyliberale dreiinga sidan 1980-talet har øydelagt mykje av det arbeidarrørsla kjempa for.
Når ein les boka forstår ein også kva ordet "konservativ" eigentleg tyder - nemleg å ta vare på det gode ein har i samfunnet ein lever i. På mange måtar er boka her noko av det mest konservative eg har lese. Det dreier seg trass alt om eit forsvar for mykje av det dei fleste av oss set pris på med landet vi bur i. Det er dette som er konservativt - ikkje revolusjonære vyar om å kutte fleire hundre milliardar frå statsbudsjettet, som vi kan få inntrykk av andre stadar.
Eg håper folk les boka her. Ikkje først og fremst oss i Mìmir sitt eige parti, men aller helst folk frå heile det store raudgrøne laget i politikken. I boka her trur eg det er mykje klokt ein kan einast om. Kanskje kan den til og med overtyde ein og annan forvirra FrP-veljar som trur Framstegspartiet sin politikk vil gjera Noreg greitt att..
Randi Rosenqvist er verkeleg ein nestor innan norsk psykiatri. Som psykiater har ho lang erfaring frå ulike institusjonar, ikkje minst i skjæringspunktet mellom kriminalomsorg og helsevesenet. I boka her skildrar ho utviklinga i norsk psykiatri dei siste 25 åra, både på godt og vondt.
Rosenqvist si hovudtese er at psykiatrien grunnleggjande har vorte bygd ned. Ho viser mellom anna til tala på døgnplassar, som har sokke frå ein topp på 18 000 sengeplassar i 1960, til 3604 i 2021. Mange av pasientane var det openbert riktig å fase inn til andre tilbod, men ein utilsikta konsekvens har blitt at dei aller sjukaste i dag ofte mistar den langvarige behandlinga dei treng, og dessverre ofte blir "svingdørspasientar" på ulikt nivå i psykiatrien og/eller i fengselsvesenet.
Boka til Rosenqvist er kjempeaktuell i valkampen i år, kor det ligg an til at psykiatri blir eit ikkje-tema som vanleg. Kanskje kan meir …
Randi Rosenqvist er verkeleg ein nestor innan norsk psykiatri. Som psykiater har ho lang erfaring frå ulike institusjonar, ikkje minst i skjæringspunktet mellom kriminalomsorg og helsevesenet. I boka her skildrar ho utviklinga i norsk psykiatri dei siste 25 åra, både på godt og vondt.
Rosenqvist si hovudtese er at psykiatrien grunnleggjande har vorte bygd ned. Ho viser mellom anna til tala på døgnplassar, som har sokke frå ein topp på 18 000 sengeplassar i 1960, til 3604 i 2021. Mange av pasientane var det openbert riktig å fase inn til andre tilbod, men ein utilsikta konsekvens har blitt at dei aller sjukaste i dag ofte mistar den langvarige behandlinga dei treng, og dessverre ofte blir "svingdørspasientar" på ulikt nivå i psykiatrien og/eller i fengselsvesenet.
Boka til Rosenqvist er kjempeaktuell i valkampen i år, kor det ligg an til at psykiatri blir eit ikkje-tema som vanleg. Kanskje kan meir iherdig lesing av boka her bidra til å endre på det.

En stor og underfundig roman fra Japans mest populære forfatter. På 15-årsdagen rømmer Kafka Tamura fra den iskalde faren sin …

Då Gregor Samsa vakna i senga si ein morgon av urolege draumar var han forvandla til eit uhyrleg kryp.
…
Mykje spennande her. Det er godt å lese eit verk om norsk økonomi kor forfattaren ikkje heng seg for mykje opp i olja. Det skurrar likevel litt når han tek til orde for å kutte fleire hundre milliardar i offentleg sektor, utan eigentleg å forklare korleis fet skal vera mogleg med busetjingsmønsteret vi har i landet her. Samanlikninga med dansk helse- og skolevesen blir litt haltande.

En morgen i slutten av august står Bjørn Hansen på Kongsberg jernbanestasjon og venter på sønnen sin. Han er blitt …

«Jeg ser etter faren min. Han har vært død i fjorten år nå, og jeg ser etter ham likevel. Jeg …