Reviews and Comments

Ivar Espås Vangen

Ivarv93@books.babb.no

Joined 1 year, 5 months ago

Les nok mest sakprosa, men eg prøver å lese meir skjønnlitteratur.

This link opens in a pop-up window

Odd Arne Westad: Når stormen kommer (Norsk bokmål language, Cappelen Damm Akademisk)

For å forstå truslene vi står overfor i verden i dag, må vi se tilbake …

1914 - ikkje 1939

Odd Arne Westad legg ut eit godt argument for at verda i dag liknar meir på den verda vi hadde før 1914, enn ho liknar på verda i 1939.

Odd Arne Westad er ein framifrå kald krig-historikar som lenge har vore oppteken av tilhøva mellom stormakter. I boka her, som så vidt eg veit er den første som er vorte omsett til norsk, argumenterer han for at verda i dag har klare likskapar med den verda vi hadde i 1914.

Det her kan framstå framand i eit land kor den einaste historiske analogien folk kjenner til, er overgangen frå mellomkrigstid til den andre verdskrigen. Like fullt har eg lenge vore av ei liknande oppfatning som det Westad kjem med i boka her, og er enno meir overtydd no.

For det første har vi i dag eit internasjonalt system med fleire stormakter, kor nokon er langt sterkare enn …

Hulda Kjeang Mørk: En kort introduksjon til Irans moderne historie (Paperback, Cappelen Damm Akademisk)

En kort introduksjon til Irans moderne historie gir en levende innføring i Irans historie fra …

God introduksjon til eit land dei færraste kjenner godt

Det er ikkje så mykje å seie her anna enn at boka er solid avgrensa, godt dokumentert, og gir eit presist innblikk i Iran gjennom 1900- og 2000-talet. Forfattaren viser korleis Iran heile vegen har vorte hersa med og kontrollert av ulike stormakter, og gjennom deira handlangarar i den iranske eliten. Folkestyret og sjølvstyret har vore skadelidande kvar gong, ikkje minst i kuppet mot den folkevalte nasjonalisten Mohammed Mossadeq i 1953, støtta av britisk og amerikansk etterretning.

Perioden frå 1953 til 1979 er dessutan også interessant, og viser kor hovudlaus strategien om å kjempe for ei tilbakevending til det blodtørstige Pahlavi-kongedynastiet er. Iran var eit helvete for både minoritetar og opposisjon under sja-styret. Det er ikkje slik at diktaturet vart innført først i 1979.

Perioden med prestestyret er også godt dekka. Både prestestyret sin sementering av makta gjennom 1980-talet, kor dei knuste det som var av opposisjon til …

Margrethe Guldal Einarsen: Våkne kvinner (Norsk bokmål language, Dreyers forlag) No rating

Kirsten Hansteen (1903–1974) var feminist, kommunist, antifascist, fredsforkjemper – og Norges første kvinnelige statsråd. I …

Visste du at Noreg sin første kvinnelege statsråd var kommunist? Truleg ikkje, men det var ho. Margrethe Guldal Einarsen har skrive ei framifrå historisk biografi om ei spennande dame som ikkje akkurat har fått stor merksemd av historikarar.

Jostein Gripsrud: Norsk hamskifte? (Vigmostad  Bjørke)

I Det internasjonale gjennombruddet (2017) hevder Terje Tvedt at en politisk elite har ført det …

Passeleg korrektiv til Terje Tvedt

Vi var fleire som lét oss imponere av Terje Tvedt da han i 2017 utgav "Det internasjonale gjennombruddet" (heretter "DIG"). Tvedt eit Noreg som hadde blitt grunnleggjande endra sidan 1960-talet, både som følgje av stor ikkje-vestleg innvandring, men også gjennom framveksta av "Det humanitærpolitiske kompleks" - eit samrøre av elitar i Utanriksdepartementet, bistandsverket og liknande, som nærmast hadde erstatta den norske nasjonsbyggingstanken med multikulturalisme.

Tvedt hadde nok rett i mykje. Det er ikkje vanskeleg å finne gode døme på elendige bistandsprosjekt, sløsing med pengar, og opebert uheldig samrøre mellom ulike aktørar i "komplekset". Heile førestillinga om "fredsnasjonen Noreg" har dessutan blitt flauare og flauare med åra. Epstein-skandalen kan dessutan synest å stadfeste mange av skuldingane Tvedt kom med i DIG.

Når "alle" er einige om at ei bok er så genial, må ein vera på vakt. Eg har derfor prøvd å lese "motboka" som Jostein Gripsrud, professor i …

Åsne Seierstad: Ufred (AudiobookFormat, Norwegian language, 2025, Cappelen Damm) No rating

En januarnatt i 2023 tar en russisk soldat seg over Pasvikelva i Finnmark. Han er …

Mykje bra her, altså. Seierstad har funne interessante folk på reisane sine, også i område av Russland dei fleste nordmenn ikkje veit noko som helst om. Vi får eit interessant innblikk i korleis krigen mot Ukraina har brutalisert det som allereie var eit djupt valdeleg og autoritært samfunn.

Eg saknar kanskje likevel litt meir..fakta, rett og slett. Eg kjenner meg ikkje så mykje klokare på korleis krigen eigentleg har påverka folk flest i kvardagen, både høg og låg. Heller ikkje får eg vita noko særleg om korleis (og korfor) russarar skil seg så grunnleggjande frå resten av Europa i fleire viktige verdispørsmål. Eg forstår at det her ikkje skal vera ei sånn bok, men eg må berre innrømme at eg ikkje eigentleg lærte så mykje nytt om Russland, sjølv om boka er velskrive og svært spennande.

Audun Lysbakken: I alle dager (Aschehoug) No rating

Audun Lysbakken ble valgt inn på Stortinget samtidig som terroren rammet USA høsten 2001. Han …

Stødig ettermæle

No rating

Lysbakken er ein partileiar som har imponert meg veldig. Han tok over som leiar for eit parti som nærmast var å rekne som eit konkursbo. Samstundes vart saka om "Jenteforsvaret" rulla opp som ein medieskandale kor Lysbakken satt med hovudansvaret som Barne- og likestillingsminister.

Mange ville nok ha gitt seg der. Lysbakken greidde derimot å løfte partiet sitt opp frå søla, breie det ut, rekruttere fleire tusen medlemmar, og dessutan vise korleis ein kan stå på prinsippa sine og seie nei til regjeringssamarbeid (valet 2021), men likevel få gjennom viktig politikk som opposisjonsparti på Stortinget.

Under Lysbakken har SV dessutan blitt utfordra av både Raudt og MDG, som stort sett var uviktige konkurrentar før han tok over. Dei to partia har gjort det vanskeleg for SV å opptre slik dei tidlegare har pleidd. Det har vore spennande å sjå korleis Lysbakken omforma SV til eit slags omdreiningspunkt for …

Hans-Wilhelm Steinfeld: Den slaviske tragedien (2024, Orkana forlag) No rating

Den slaviske tragedien handler om Russlands dominans, undertrykkelse og negative tilstedeværelse i livene til de …

Det er mykje bra i boka her, og det er verkeleg spennande når Steinfeld greier å dra inn personlege historiar med alle moglege høgtståande sovjetiske og russiske toppfolk frå karrieren sin som korrespondent i Moskva. Det er også spennande å lese om det han fant ut som hovudfagsstipendiat på sovjetisk jordbrukshistorie på 1970-talet.

Samstundes blir boka litt rotate. Den raude tråden er nokre gonger vanskeleg å gripe oppe i alle omvegane han tek gjennom forteljinga, og dessutan gjentek han seg sjølv fleire gonger. Det er eit gjennomgåande problem med bøker som er gjeve ut på små forlag. Eg synst dessutan det han skriv om den pågåande krigen mot Ukraina er meir prega av ønsketenking enn av sober analyse, og spesielt med røynslene vi har fått sidan boka vart publisert tidleg i 2024.

Øystein Sjølie: Oljeboka (Paperback, 2024, Ignis forlag)

Klimaendringene er menneskeskapte og skaper mange typer problemer over mye av verden. Men selv om …

Utfordring til miljørørsla

Debatten om norsk oljeproduksjon er verkeleg polarisert. På den eine sida kan det synest som at ein har klimafornektarar som ikkje trur at CO2 har nokon konsekvensar for temperaturauke på jorda, mens ein på den andre sida har folk som har som viktigaste politiske prioritering at olje- og gassnæringa i Noreg skal bli nedlagt.

Men kva med alle som er mellom disse posisjonane?

Øystein Sjøli har gjort eit forsøk på å skrive ei bok som ryddar litt i ordskiftet. Han oppgir tidleg i boka at klimaendringane er både reelle og svært truleg delvis menneskeskapte, og han nyttar gjennomgåande rapportane frå klimapanelet i FN som autoritativ kjelde i spørsmålet her. Eg synst han gjer ein god jobb i å ikkje karikere dei av oss som ønskar raskare omstilling til grøn energi, samstundes som at han markerer klart kor usemja ligg. Det er eigenskapar vi treng mykje meir av i …

Magnus E. Marsdal: Frp-koden (Norwegian language, 2007, Forlaget Manifest)

Forfatteren vil finne en forklaring på Fremskrittspartiets framgang, og stiller spørsmålet: Hvordan kan så mange …

Framleis brennande aktuell

Eg hugsar at eg las boka her da eg gjekk på vidaregåande. Den gongen kunne eg verkeleg ikkje, akkurat som fleire av dei som er omtala i boka, forstå korfor så mange ålreite folk kunne røyste på eit parti som Framstegspartiet.

Boka her gjorde det litt meir tydeleg for meg. Når dei tradisjonelle venstrepartia tar til seg høgresida sin økonomiske politikk, samstundes som at dei OGSÅ fører ein verdipolitikk som framandgjer delar av arbeidarklassen, legg ein seg lageleg til for hugg for høgrepopulistar. Ein ser det same i land etter land.

Det er mange parallellar her. FrP gjorde sitt beste val nokonsinne i år. Dei er definitivt tilbake på nivået dei låg på frå 2000 til 2010. Det interessante som har endra seg sidan boka vart skrive, er at ein i fleire land faktisk har sett at det har vore mogleg for ytre venstre å yte truverdig motstand. …