Ivar Espås Vangen reviewed Generasjon angst by Jonathan Haidt
Skjermen er problemet
5 stars
Mykje har skjedd på dei siste ti åra. Da eg var i praksis på ein ungdomsskole i 2016, framheva dei kor stolte dei var over at skolen var mobilfri. Det hadde dei innført gjennom ein grundig dialog mellom FAU, elevråd og leiinga ved skolen. Resultata var svært positive, rapporterte både foreldre, elevar og skolen sjølv.
Den gongen var det her ganske sjeldan. Ein fekk høyre at det var så "inngripande" å lage reglar om at mobiltelefonen skulle leggjast bort gjennom skoledagen. I dag byrjar mobilfrie skolar derimot å bli regelen.
Det som har skjedd i mellomtida, er at ein til slutt fekk eit nasjonalt ordskifte om kva skjermane gjer med oss, og ikkje minst ungane våre. Den boka som verkeleg fekk gjennomslag internasjonalt var boka "The Anxious generation" av Jonathan Haidt, som i år vart omsett til norsk.
Haidt er ingen medieforskar, men er professor i psykologi. Utgangspunktet hans var den ekstreme auka i psykisk uhelse ein har sett i meir eller mindre heile verda frå 2010 og fram til i dag. Det her kjem til uttrykk på mange vis, men ikkje minst angstlidingar og depresjon har vore i valdsam vekst. Ifølgje Haidt er det umogleg å komma utanom inntoget til smarttelefonane, når ein skal forklare fenomenet. Menneskehjernen er ikkje designa for å ha ein barndom og ei ungdomstid som primært foregår på sosiale media. Det er vanskeleg å ikkje la seg overtyde av den etter kvart enorme mengden data som stadfestar utviklinga. Auka har vore langt meir dramatisk enn dei aller fleste, meg sjølv inkludert, truleg har vore klare over.
Koplinga som gjorde spesielt inntrykk på meg, var mellom den totalt ukritiske "omkoplinga" av barndommen som kom med smarttelefonane frå 2010, og prosessen som starta eit par tiår tidlegare, med absurd kontroll over barndommen frå foreldra si side. Allereie frå seint 1980-tal, såg ein teikn til at meir og meir av barndommen vart kontrollert og "skjerma", og at det vart mindre av den sjølvstendige og nokon gonger risikoprega barndommen som var vanleg tidlegare. Meir og meir av fritida vart "styrt" med vaksne til stades. Ifølgje Haidt, er det kombinasjonen av dette, og den seinare fullstendig ukontrollerte bruken av skjermar og sosiale media, som forklarer korfor alt gjekk av hengslane etter 2010 (og eskalerte ytterlagare under pandemien).
Haidt sine løysningar er eigentleg tredelte:
Tving Tek-gigantane til å lage fungerande mekanismar for å halde barn borte frå plattformane deira.
Innfør mobilfri skole, med meir rom for frileik.
At foreldre bør la ungane sine få ei oppvekst utan smart-telefon (før ungdomsskolen) og sosiale medium (16 år), kor dei får rom til å utvikle seg som sjølvstendige individ, også når det finst ein sjanse for at det kan gå litt gale.
Eg trur det er ei endring på gang allereie no. For ti år sidan var det knapt eit offentleg ordskifte om problema knytt til skjermgjeringa av barndommen, og ein fekk få kritiske spørsmål som lærar på foreldremøte om nettbrett og skjerm. I dag ser ein meir og meir at politikarane kappast om å innføre restriksjonar (om ikkje alltid så gjennomtenkte), og at foreldre er langt meir medvite på at ein ikkje ukritisk bør gi unge frie tøylar på smarttelefon og nettbrett.
Eg trur det er liten tvil om at boka til Haidt har vore viktig globalt for å snu forteljinga om skjermane. Eg vil derfor sterkt tilråde folk å lesa ho, om ikkje anna for å skrive meir kritiske meldingar om ho enn det eg har gjort her. Omkoplinga av barndommen er slik eg ser det ei av dei største utfordringane vi står overfor som samfunn. Eg håper verkeleg at åtvaringane til Haidt blir tatt på alvor.
