Kjerstin finished reading I urent farvann by Sidsel Mørck
Eg vart merksam på denne boka via eit lesarinnlegg i Klassekampen ( www.besteforeldreaksjonen.no/2025/07/vare-norske-oljeliv/ ) i sommar, og vart nysgjerrig, så eg lånte henne på biblioteket. Sidsel Mørck er ein forfattar eg ikkje har hatt noko forhold til. Boka er ei nokså konvensjonell livsskildring, men livet det er snakk om, tilhøyrer ein Statoil-ingeniør med ein far som også jobba i oljeindustrien der han vart invalidisert (og radikalisert) for livet. Forteljarstemma er særeigen, hektisk og medrivande og gjer romanen til ein pageturner. Hovudpersonen deltek på Statoil sine tvilsame utanlandseventyr og utviklar ei imponerande (men også truverdig) evne til å sjå gjennom fingrane med alt arbeidsgjevaren driv med av menneskerettsbrot, korrupsjon og miljøsynder. Samstundes saboterer han relasjonane sine til familie og vener. Lesverdig!