Eivind (like the Terrible) quoted Doggerland by Agnes Ravatn
«Matias», seier eg, utan at han ser opp. «Matias, her har det levd dinosaurar, altså!»
Det står ingenting om det på skiltet, men sidan desse berga faktisk er frå urtida, burde det i prinsippet kunne inkludere dinosaurar. Matias si interesse for dinosaurar var uansett ein kortvarig og overflatisk affære. Eg hadde med misunning og håp sett korleis dei andre i barnehagen, utan noko utprega lovande intellekt så vidt eg kunne bedømme, hadde fordjupa seg i denne evig tiltrekkande materien frå krit- og juratida. Memorert ei uendeleg rekke lange, avanserte spesifikasjonar, vengespenn og toppfart. Korleis dei med eit halvt auge kunne skilje mellom ein diplodocus og ein brachiosaurus, og eg hadde tenkt at sidan Matias er slikt eit inneslutta, forsiktig barn, så burde han nettopp vere typen til å dykke ned på den slags djupner av spesialisert kunnskap. Eg hadde kjøpt tjukke, rikt illustrerte bøker til han, kostbare figurar i tysk kvalitetsplast, men det hadde ikkje resultert i noko.
— Doggerland by Agnes Ravatn










