User Profile

Kjerstin

Kjerstin@books.babb.no

Joined 9 months, 3 weeks ago

Er i ein fase der eg prøver å bruke mindre tid på internett og meir tid på bøker. Testar ut eit sosialt bokmedium for første gong for å sjå om det funkar for meg.

Les alltid fleire bøker parallelt. Les bøker omatt.

This link opens in a pop-up window

Kjerstin's books

To Read (View all 7)

Currently Reading (View all 6)

Didier Blonde: Oslo, de mémoire (Paperback, Fransk language, 2024, Gallimard) No rating

Inga. Je me suis répété ce nom, si clair, que j’avais dû lui dire bien …

Vart merksam på denne gjennom Facebook-gruppa Tur de France, ein av dei få tinga eg kjem til å sakne når eg slettar FB-kontoen min. Kor mange franske romanar opnar med eit Lillebjørn Nilsen-sitat? Hovudpersonen blir beden om å assistere ein norsk dokumentarfilmskapar som vil lage dokumentar om Sara Fabricius (aka Cora Sandel) sine år i Paris, og om karakteren hennar Alberte som bur i Paris gjennom store delar av Alberte-trilogien. Alberte-bøkene er mellom mine absolutte favorittbøker, og Paris-skildringane hennar er fantastiske, så eg måtte sjølvsagt lese denne. Arbeidet med filmen om Cora Sandel gjer at hovudpersonen gradvis byrjar gjenoppdage minne frå sin eigen ungdom då han var eit par månader i Oslo i lag med norske Inga. Ei langsam, fin og vemodig bok, og på same tid som hovudpersonen gjenoppdagar Oslo, fekk eg gjenoppdage Paris ved å følgje han og den norske filmdama i fotspora til Cora Sandel.

quoted Gilead by Marilynne Robinson (Gilead Quartet, #1)

Marilynne Robinson: Gilead No rating

Gilead is a novel written by Marilynne Robinson published in 2004. It won the 2005 …

In a spirit of Christian forgiveness very becoming to men of the cloth, and to father and son, they had buried their differences. It must be said, however, that they buried them not very deeply, and perhaps more as one would bank a fire than smother it. They had a particular way of addressing each other when the old bitterness was about to flare up. 'Have I offended you in some way, Reverend?' my father would ask. And his father would say, 'No, Reverend, you have not offended me in any way at all. Not at all.' And my mother would say, 'Now, don't you two get started.'

Gilead by  (Gilead Quartet, #1) (Page 39)

Trude Marstein: Så mye hadde jeg (Paperback, Norsk language, 2019, Gyldendal) No rating

Så mye hadde jeg er en roman om den aldri hvilende lengselen etter et liv …

Så mye hadde jeg

No rating

Eitt av folkeeventyra eg las som barn, handla om ein fattiggut som fekk eit ønske oppfylt, og han ønska seg at alle kvinner han møtte, skulle bli forelska i han. Med hjelp frå alle desse kvinnene han møtte på sin veg og som fekk lyst til å gjere ting for han ved første augnekast, var det berre å styre strake vegen mot kongsgarden og prinsessa (som også vart forelska ved første blikk) og halve kongeriket.

Hovudpersonen Monika i Så mye hadde jeg er den kvinnelege versjonen av denne guten. Kvar mann ho møter, blir forelska i henne og får lyst til å gje henne noko, og det tek ho imot fram til ho blir lei og får lyst på ein ny mann. Det finst sikkert slike folk der ute, og det er på ein måte interessant å vite korleis det er å vere dei, men det var eit premiss som …