Kjerstin finished reading De siste kjærtegn by Kjersti Anfinnsen
Var spent på denne sidan ho har fått så mykje skryt. Eg tykte ho var heilt grei. Birgitte Solheim er på ein måte ein interessant karakter, men ho er så avvisande til alt og alle at det interessante består meir i kva ein kan ane om livshistoria hennar, enn kva ho sjølv tenkjer og seier. Eg kjem nok til å låne neste bok i trilogien også, om så berre for å sjå kva slags liv som er i vente for ein så gammal person. Men eg trur ikkje denne boka i seg sjølv kjem til å sette varige spor. Det blir spennande å sjå om eg tek feil, sjølvsagt.
