Kjerstin finished reading Polakken by J. M. Coetzee
Eg likar denne om mogleg endå betre no enn då eg las henne første gongen. Men er jammen ikkje heilt sikker på kvifor. Eg likar mangelen på sentimentalitet, sjølv om eg vanlegvis er ein sucker for melodrama. Eg likar hovudpersonen Beatriz som nektar å la seg affisere av at ho er blitt livets store kjærleik for polakken. Eg likar at ho ikkje gjev han noko (falskt) håp sjølv om ho gjev han nokre smuler på vegen. Eg likar at det ikkje er noka oppbyggeleg historie om kjærleikens kraft, på same tid som det kanskje er det likevel. Eg har lese nokre meldarar som har gjort ei mengd subtile observasjonar i boka som eg ikkje ser i det heile, så det er sikkert fullt opp av akademiske grunnar til at boka er god. For min del kan eg berre seie at eg likar å lese henne, og nok kjem til å lese henne fleire gonger. Det er nesten så eg blir freista til å lese meir Coetzee, hadde berre ikkje dei andre bøkene hans sett så deprimerande ut.
