Reviews and Comments

Kjerstin

Kjerstin@books.babb.no

Joined 1 year, 10 months ago

Er i ein fase der eg prøver å bruke mindre tid på internett og meir tid på bøker. Testar ut eit sosialt bokmedium for første gong for å sjå om det funkar for meg.

Les alltid fleire bøker parallelt. Les bøker omatt.

This link opens in a pop-up window

Ian McEwan: What We Can Know (Hardcover, 2025, Jonathan Cape)

A quest, a literary thriller and a love story, What We Can Know spans the …

Det tok litt tid å forstå kva dette var for ei bok. Basert på omtalar trudde eg det var ein framtidsdystopi, men det er det ikkje. Framtida i denne boka er ikkje skildra på ein truverdig måte. Verda har gjennomlevd atomkrig og klimakatastrofe, men halve menneskeheita har overlevd (om eg hugsar rett), og vår notid, som berre er hundre år unna i boka, blir omtala som om ho skulle ligge i alle fall tusen år tilbake. Det står ingenting om den verdsomspennande svoltkatastrofen som dei som har greie på slikt, fortel oss vil vere resultatet av ein krig med atomvåpen, og som vil ta livet av dei aller fleste menneske. Og eg kjøper heller ikkje at forskarane i boka har tilgang til eit så enormt digitalt arkivmateriale som dei påstår. Alt som nokon gong har vore publisert digitalt, er framleis tilgjengeleg etter alle katastrofane, medan fysisk materiale stort sett er …

Geir Gulliksen: Historie om et ekteskap (Hardcover, norsk language, 2015, Aschehoug) No rating

Dette er en kjærlighetshistorie av i dag, en fortelling om et moderne samliv. Den handler …

No rating

Har aldri lese noko av Gulliksen før, og no fekk eg det for meg at det var på tide, så eg har hatt eit Gulliksen-raid på biblioteket. Denne sklei eg igjennom på nokre få timar, men eg kjem nok til å tenkje på henne ei god stund. Eg likar korleis han prøver å sette ord på kva kjærleik er og korleis han kan forandre seg og ta slutt, det er gjenkjennelege tankar. På det innhaldsmessige planet er det samtidig ikkje så overraskande at det går som det går. Eg får ikkje noko inntrykk av at dei to hovudpersonane har noko felles prosjekt eller noko dei er opptekne av eller bryr seg om, anna enn at dei dyrkar ei felles førestilling om at parforholdet deira er annleis og betre enn andre parforhold. Men slik boka framstiller det, verkar det som dette unike forholdet først og fremst kjem til uttrykk gjennom sex, …

Kyrre Andreassen: Ikke mennesker jeg kan regne med (Hardcover, Norwegian language, 2024, Gyldendal)

En dag, etter tjue års samliv, stilte Svein seg opp foran mikrobølgeovnen og sa at …

Las første halvdel av denne boka i fjor då eg låg nokre dagar på sjukehus og fann henne på pasientbiblioteket. Då eg vart skriven ut, måtte eg levere inn boka, og no vart ho endeleg ledig på hovudbiblioteket så eg fekk lest henne ferdig. Eg elskar måten Linda tenkjer og ordlegg seg på, samtidig som eg er utruleg glad for at eg slepp å ha henne i omgangskrinsen. Utruleg kor mykje sant forfattaren får sagt om kjærleik, vonbrot og bygdesamfunn ved hjelp av ein hovudperson som hovudsakleg driv med sarkasme og dårleg skjult forakt.

Caterina Cattaneo: Finne veien hjem (Hardcover, norsk language, 2025, Liv Forlag / Forlagshuset i Vestfold) No rating

Alexandra ligner ikke seg selv der hun står krumbøyd og kaster opp i hekken utenfor …

Om å gå vidare etter overgrep: Såg denne utstilt på biblioteket og lånte henne på eit innfall, og det er eg glad for! Boka handlar om ei ung jente som opplever ei valdtekt. Men mest handlar det om kræsjet mellom hennar eigne reaksjonar og reaksjonane til dei næraste, sjølv når alt ligg til rette for at det skal gå så bra som det kan: hovudpersonen blir trudd når ho fortel, og ho er omgitt av folk som vil henne vel. Historia er fortalt gjennom mange korte kapittel frå ulike synsvinklar, som gjorde boka til ein pageturner. Prosedyrane og dei ulike psykologiske reaksjonane er truverdige, og kanskje spesielt nyttige å lese om for slike som meg, som ikkje har noka erfaring med tematikken. Eg likar måten dei ulike rollefigurane blir introdusert litt etter litt, slik at det tek litt tid før vi får grep om kven dei er. Eg likar den …

Rune Hesjedal: Kan vi ikke la det ligge (Paperback, norsk language, 2021, Kapabel) No rating

Da våre forfedre en gang i tiden lærte seg å beherske språket, kunne vi mennesker …

Denne var eit tilfeldig bibliotekfunn, og eg likte henne! Novellene handlar som baksideteksten seier om vanlege folk som ikkje greier å kommunisere, som snakkar forbi kvarandre eller som meiner at dei fortener meir frå sine næraste enn dei får, og difor svarar med same mynt. Eg trur på kjenslene og reaksjonane deira. Det er få stadnamn i forteljingane, men dei er heilt openbert lagt til bergensregionen, som gjer dei ekstra gjenkjennelege. Ein merkar at novellene er skrivne av ein mann, for eit par av kvinnekarakterane er litt vanskeleg å svelgje, men ikkje verre enn det som er vanleg i andre kritikarroste bøker skrivne av menn, og dei mannlege karakterane har flust av svakheiter, dei også. Eg las éi novelle om dagen, som var akkurat passeleg.

Arild Linneberg: Bare om Arnold Busk, fortalt av han selv (Hardcover, norsk language, 2024, Solum Bokvennen) No rating

Tjue år etter at forholdet til den kvinnelige forfatteren tok slutt, bestemmer litteraturprofessor Arnold Busk …

Det einaste som gjer denne boka interessant, er at ho er eit svar på Vigdis Hjorths "Om bare". Innhaldet består stort sett av oppramsing av barar og restaurantar han har vore på, land han har besøkt, og namedropping av forfattarar og filosofar som har skrive ting han på ein eller annan måte finn relevant for eitt eller anna. Alt som er personleg, er såpass vagt formidla at ein må ha eit langt større talent for å lese mellom linjene enn eg har, for å få noko ut av det. Det gjeld særleg hovudpersonens eigne indiskresjonar og dårlege val, som stort sett blir forbigått. No kjenner eg at eg treng ein pause frå den delen av samtidslitteraturen som meiner at uhorvelege mengder alkohol og ligging er det einaste som kvalifiserer til å kallast eit "sant og intenst" liv.

finished reading Jæger: En rekonstruksjon by Ketil Bjørnstad

Ketil Bjørnstad: Jæger (Hardcover, norsk language, 2001, Aschehoug) No rating

Siste halvdel av 1800-tallet var en turbulent tid som satte uslettelige spor i verdenshistorien. Og …

No trur eg kanskje eg har fått nok av kristianiabohemen for ei stund. Eg måtte skumme gjennom dei mange sidene med referat frå diskusjonane i Studentersamfunnet. Og sjølv om dei hadde mykje interessant for seg, så er det jo ei lette å leve i ei tid der trugslar om sjølvmord ikkje er den føretrekte måten å handtere alle livets problem på.

Boka har styrkt meg i trua på at dei som snakkar om kor viktig det er å vere seg sjølv, ikkje anar kva dei snakkar om. Jægers fremste livsprosjekt, såvidt eg kan sjå, var å leve sant, vere tru mot seg sjølv og skrive sitt liv. Det inntrykket eg først og fremst sit att med, er kor utruleg sjølvopptatt han var. Det kjenner eg att fordi eg er slik sjølv, men eg håpar og trur at eg er litt flinkare til å skjule det, og eg kan ikkje …

Elizabeth Strout: Lucy by the Sea (2023, Penguin Books, Limited)

Eg likte stemma i denne boka, det var veldig lett å kjenne att diverse eldre amerikanske damer eg har kjent, og eg set stor pris på bøker som tillet seg å innimellom avslutte ei setning med tre ropeteikn. Og det var interessant å bli teken tilbake til pandemiperioden og bli minna om kor mykje eg har gløymt av alt det absurde vi gjennomlevde. Samstundes kjennest historia akkurat litt for banal til å sette varige spor. Eit overraskande irritasjonsmoment var kor ofte andre menneske brukar namnet til eg-personen. Eg hadde blitt sprø om folk tiltala meg med namn i annakvar setning.

Ketil Bjørnstad: Oda! (Hardcover, norsk language, 1983, Gyldendal) No rating

ODA! er dokumentarromanen om Oda Krohg, embetsmannsdatteren som ble Kristiania-bohemens kvinnelige lederskikkelse – et ideal …

Eg likte denne mykje betre enn eg trudde eg kom til å gjere. Eg har aldri lese noko av Bjørnstad før og har ikkje vore freista til det heller, men her vart eg positivt overraska. Eg tykkjer boka er ein god inngang til Kristianiabohemen, og eg trur på Oda-karakteren. Eg tykkjer det er godt skildra korleis ho prøver å leve i sanning midt oppi eit motkulturelt program, og korleis ho oppdagar at det kanskje ikkje er mogleg.

Veit ikkje om eg kjem til å lese meir av Bjørnstad, men eg er veldig redd for at eg kanskje må lese noko av Hans Jæger.