Desse bøkene er både medrivande og frustrerande. Eg må lese vidare for å få vite kva som skjer, men eg slit litt med at eg ikkje greier å tru på forteljaren. Og då meiner eg ikkje det med at ho er fanga i tida, det har eg ingen problem med å tru på. Men eg greier ikkje å tru på at forteljarstemma tilhøyrer ei ung kvinne. Eg ser forteljaren for meg som mykje eldre, meir resignert, meir vand med å vere åleine. Forteljaren lagar seg prosjekt som ho utfører åleine og systematisk over lange tidsrom, og ho er heilt uaffisert av at ho ikkje kan ha sosiale relasjonar eller ha fleire ting enn det absolutt mest nødvendige. Eg greier ikkje å tru på at ei kvinne rundt dei tredve ville ha reagert slik. Så når eg les, blir eg alltid rykka ut av teksten når det kjem ein markør som …
Reviews and Comments
Er i ein fase der eg prøver å bruke mindre tid på internett og meir tid på bøker. Testar ut eit sosialt bokmedium for første gong for å sjå om det funkar for meg.
Les alltid fleire bøker parallelt. Les bøker omatt.
This link opens in a pop-up window
Kjerstin finished reading Om utregning av romfang - II by Solvej Balle (Om utregning av romfang, #2)
Desse bøkene er både medrivande og frustrerande. Eg må lese vidare for å få vite kva som skjer, men eg slit litt med at eg ikkje greier å tru på forteljaren. Og då meiner eg ikkje det med at ho er fanga i tida, det har eg ingen problem med å tru på. Men eg greier ikkje å tru på at forteljarstemma tilhøyrer ei ung kvinne. Eg ser forteljaren for meg som mykje eldre, meir resignert, meir vand med å vere åleine. Forteljaren lagar seg prosjekt som ho utfører åleine og systematisk over lange tidsrom, og ho er heilt uaffisert av at ho ikkje kan ha sosiale relasjonar eller ha fleire ting enn det absolutt mest nødvendige. Eg greier ikkje å tru på at ei kvinne rundt dei tredve ville ha reagert slik. Så når eg les, blir eg alltid rykka ut av teksten når det kjem ein markør som skal signalisere at forteljaren er ung, for eg les henne som ei kvinne på nærare sytti. Og når ho fortel om mannen sin, ser eg også for meg ein mann rundt dei sytti. Blir spennande å sjå om dette endrar seg i bok tre når forteljaren møter ein annan person som også er stranda i tida.
Kjerstin started reading Tycho and Kepler by Kitty Ferguson
Las denne for nokre år sidan og les på nytt no. Eg tilhøyrer dei som likar bøker som får fram personlege drama i vitskapshistoria, og å lese om Kepler sitt strev med å få meining ut av Tycho Brahe sine Mars-observasjonar er eskapisme av beste sort. Bileta og plansjane kjem dessverre ikkje til sin rett i ebokversjonen min, så no vart eg minna om at eg må skaffe meg ein papirversjon.
Kjerstin started reading Stopp våpenkappløpet by Roy Pedersen
Kjerstin finished reading Eneste by Silje Aanes Fagerlund
Ville denne boka ha vore interessant om ho ikkje hadde handla om ekte, "kjende" personar? Vanskeleg å førestille seg korleis ho hadde fungert som fiksjon. Boka gjev eit godt inntrykk av asymmetrien i eit forhold med stor alderforskjell, sett frå den yngre parten sin ståstad. Skildringa av korleis Silje opplever skilsmissen til foreldra er også interessant. Samstundes er det mykje å irritere seg over, både språket som openbert er meint å vere "litterært", og korleis Silje konsekvent stiller høgare krav og forventingar til andre enn ho gjer til seg sjølv. Det gjer vi jo alle, og det er vel nettopp difor det blir irriterande når ein får det så tydeleg framstilt som her. Eg kunne ha ønskt meg litt analytisk distanse til hendingane, det er det ikkje spor av her. Eg tykte det begrensa utbytet litt. Men prosjektet har tydeleg vore å skrive nært og ærleg.

Kjerstin started reading Eneste by Silje Aanes Fagerlund
Kjerstin finished reading Ut og stjœle hester by Per Petterson
Eg trur ikkje denne leseopplevinga var så veldig annleis enn første gong eg las denne boka. Også denne gongen sit eg att med om lag like delar glede (over språket og skildringane og framdrifta) og frustrasjon (over alt eg ikkje får vite). Eg trur noko av problemet er at eg er ein veldig bokstavleg lesar, og slit med å lese på eit symbolsk plan. Eg forstår at denne boka er full av symbolikk, men er ikkje i stand til å tolke symbolikken. Så når eg til dømes ikkje får vite noko om korleis livet til eg-personen er blitt påverka av at faren blei borte, er det ekstremt frustrerande. Eg blir også frustrert over kor lite eg får vite om faren sine vurderingar og motivasjonar, men det kan eg leve med sidan han jo berre blir sett gjennom sonen sine auge. Denne gongen klarte eg i det minste å sjå parallellen …
Eg trur ikkje denne leseopplevinga var så veldig annleis enn første gong eg las denne boka. Også denne gongen sit eg att med om lag like delar glede (over språket og skildringane og framdrifta) og frustrasjon (over alt eg ikkje får vite). Eg trur noko av problemet er at eg er ein veldig bokstavleg lesar, og slit med å lese på eit symbolsk plan. Eg forstår at denne boka er full av symbolikk, men er ikkje i stand til å tolke symbolikken. Så når eg til dømes ikkje får vite noko om korleis livet til eg-personen er blitt påverka av at faren blei borte, er det ekstremt frustrerande. Eg blir også frustrert over kor lite eg får vite om faren sine vurderingar og motivasjonar, men det kan eg leve med sidan han jo berre blir sett gjennom sonen sine auge. Denne gongen klarte eg i det minste å sjå parallellen mellom farens forsvinningsnummer og forholdet hovudpersonen har til sine eigne born, og det trur eg at eg gjekk glipp av ved første gongs lesing.
Det eg elles la mest merke til denne gongen, og som gjekk fullstending under radaren første gong eg las denne bka, er kor mykje ho handlar om kroppskjensle, både kjensla av å kunne stole på kroppen sin, og kjensla av å ikkje kunne gjere det. Veldig mykje plass går med til å skildre korleis det kjennest å ha ein kropp som fungerer eller ikkje fungerer, og korleis endra kroppskjensle er ein vesentleg del av aldring.
Kjerstin started reading Ut og stjœle hester by Per Petterson
Kjerstin finished reading Den andre kvinnen by Therese Bohman
Denne likte eg, men eg veit ikkje om det er fordi boka er god, eller om det berre er fordi eg kjenner meg att i kvar einaste setning, også dei som ikkje skildrar ting eg sjølv har opplevd. Eg er ikkje sikker på om høg attkjenningsfaktor er eit teikn på kvalitet, men jammen smakar det godt av og til. Det tyder at det finst andre hjernar som min der ute, og det er alltid ei god oppdaging.
Kjerstin finished reading Le monde sans fin by Christophe Blain
Boka er spekka med tal og statistikk, men gjer ein fabelaktig jobb med å visualisere dei slik at storleikane og endringane over tid blir moglege for hjernen å begripe. Likar spesielt korleis boka får fram at all "effektivisering" eigentleg berre er outsourcing til (fossile) energisystem, og korleis ulike aktivitetar og "effektiviseringa" av dei låser oss fast i stadig høgare (fossilt) energiforbruk. Ikkje like sterk på løysingar, tek knapt opp økonomien i systemet, og nemner ikkje maktforhold eller korleis material- og energiforbruk heng saman med kolonialisme/imperialisme i det heile, men det er heller ikkje oppgåva. Tala i seg sjølv etablerer eit godt grunnlag for politisk diskusjon. Høyrer boka er ein bestselja i Frankrike, burde sjølvsagt kome på norsk!

Kjerstin started reading Den andre kvinnen by Therese Bohman
Kjerstin started reading Min tid i disse skogene by Gaute Heivoll
Kjerstin finished reading Jack by Marilynne Robinson
Jack er ein fascinerande karakter i alle bøkene i Gilead-kvartetten. I denne boka får vite meir om - ikkje kvifor han er som han er, men om korleis det kjennest å vere som han er. Og etter kvart som boka utfaldar seg, får vi vite ein heil del om det umoglege ved å prøve å vere i eit raseblanda parforhold i USA i 1940-/50-åra. Det er skildra på ein stillferdig måte som berre gjer det enno meir sjokkerande.
Kjerstin finished reading Den unge mannen by Annie Ernaux
Dette er første boka eg les av Ernaux, og det var ein stor feil å starte her. Eg plukka henne opp fordi eg var nysgjerrig på korleis ho skildrar dette forholdet med så stor alderforskjell. Men boka handlar ikkje eigentleg om det, ho handlar om minne og skriving, og ein skal nok vere godt kjend med Ernaux sitt forfattarskap for å finne noko interessant på desse få sidene. Så mi jakt på ei god bok om eit eldre kvinne/yngre mann-forhold held fram. Får sjå om eg gjev Ernaux ein ny sjanse seinare.
Kjerstin finished reading The Queen of Attolia by Megan Whalen Turner
Ein av tinga eg likar med denne serien, er korleis verda blir gradvis utvida for kvar bok. Den upålitelege forteljaren frå jakta på McGuffinen i første bok, er i denne boka blitt ei brikke i eit politisk spel mellom nasjonar. I første bok følgde vi han i første person, i denne boka ser vi korleis andre ser han. Gjennom heile boka prøver han å løyse konflikten mellom personlege og politiske mål, og boka finn stor glede i å forvirre lesaren med omsyn til kva desse måla eigentleg går ut på.