Er i ein fase der eg prøver å bruke mindre tid på internett og meir tid på bøker. Testar ut eit sosialt bokmedium for første gong for å sjå om det funkar for meg.
Les alltid fleire bøker parallelt. Les bøker omatt.
Tjue år etter at forholdet til den kvinnelige forfatteren tok slutt, bestemmer litteraturprofessor Arnold Busk …
Det einaste som gjer denne boka interessant, er at ho er eit svar på Vigdis Hjorths "Om bare". Innhaldet består stort sett av oppramsing av barar og restaurantar han har vore på, land han har besøkt, og namedropping av forfattarar og filosofar som har skrive ting han på ein eller annan måte finn relevant for eitt eller anna. Alt som er personleg, er såpass vagt formidla at ein må ha eit langt større talent for å lese mellom linjene enn eg har, for å få noko ut av det. Det gjeld særleg hovudpersonens eigne indiskresjonar og dårlege val, som stort sett blir forbigått. No kjenner eg at eg treng ein pause frå den delen av samtidslitteraturen som meiner at uhorvelege mengder alkohol og ligging er det einaste som kvalifiserer til å kallast eit "sant og intenst" liv.
Siste halvdel av 1800-tallet var en turbulent tid som satte uslettelige spor i verdenshistorien. Og …
No trur eg kanskje eg har fått nok av kristianiabohemen for ei stund. Eg måtte skumme gjennom dei mange sidene med referat frå diskusjonane i Studentersamfunnet. Og sjølv om dei hadde mykje interessant for seg, så er det jo ei lette å leve i ei tid der trugslar om sjølvmord ikkje er den føretrekte måten å handtere alle livets problem på.
Boka har styrkt meg i trua på at dei som snakkar om kor viktig det er å vere seg sjølv, ikkje anar kva dei snakkar om. Jægers fremste livsprosjekt, såvidt eg kan sjå, var å leve sant, vere tru mot seg sjølv og skrive sitt liv. Det inntrykket eg først og fremst sit att med, er kor utruleg sjølvopptatt han var. Det kjenner eg att fordi eg er slik sjølv, men eg håpar og trur at eg er litt flinkare til å skjule det, og eg kan ikkje …
No trur eg kanskje eg har fått nok av kristianiabohemen for ei stund. Eg måtte skumme gjennom dei mange sidene med referat frå diskusjonane i Studentersamfunnet. Og sjølv om dei hadde mykje interessant for seg, så er det jo ei lette å leve i ei tid der trugslar om sjølvmord ikkje er den føretrekte måten å handtere alle livets problem på.
Boka har styrkt meg i trua på at dei som snakkar om kor viktig det er å vere seg sjølv, ikkje anar kva dei snakkar om. Jægers fremste livsprosjekt, såvidt eg kan sjå, var å leve sant, vere tru mot seg sjølv og skrive sitt liv. Det inntrykket eg først og fremst sit att med, er kor utruleg sjølvopptatt han var. Det kjenner eg att fordi eg er slik sjølv, men eg håpar og trur at eg er litt flinkare til å skjule det, og eg kan ikkje la vere å tenkje at Jæger truleg ville vore ein lykkelegare mann om han også hadde prøvd litt meir på det. Han står fram som ein kunstnarsjel i den forstand at han nekta å tilpasse seg verda i sjølv den aller minste grad, og det kan ein ha stor respekt for, men eg har vanskar med å sjå at han oppnådde noko ved det. Det kjem spesielt tydeleg fram i det som står om skrivinga hans, der det blir openbert at skrivinga truleg ville gått lettare, og bøkene ville blitt betre, om han hadde hatt ein redaktør eller hadde nedverdiga seg til å diskutere skrivinga med nokon i staden for å gå seg heilt vekk i sitt eige hovud.
Eit interessant lite sidespor er det vesle som står om korleis pressa fungerte på den tida. Jæger var berre ein av mange skandinavar som prøvde å halde liv i seg på kontinentet ved å sende «korrespondentbrev» til avisene heime, og det går tydeleg fram at det ikkje fall han inn å gjere noko anna enn å bla i dei franske avisene for å sjå om det var noko der han kunne vidareformidle. Det er mykje klaging på media i dag, men eg kjenner meg overtydd om at journalistikken er lysår betre i dag enn ved førre århundreskifte.
Fru McGillicuddy sitter på toget på vei til sin gamle venninne Miss Marple da et …
Fann denne gamle favoritten i ei bokopprydding og les henne ein siste gong før pocketutgåva mi går heilt i oppløysing. Eit lite pusterom før eg går vidare med dei bøkene eg eigentleg har på lista.
Eg likte stemma i denne boka, det var veldig lett å kjenne att diverse eldre amerikanske damer eg har kjent, og eg set stor pris på bøker som tillet seg å innimellom avslutte ei setning med tre ropeteikn. Og det var interessant å bli teken tilbake til pandemiperioden og bli minna om kor mykje eg har gløymt av alt det absurde vi gjennomlevde. Samstundes kjennest historia akkurat litt for banal til å sette varige spor. Eit overraskande irritasjonsmoment var kor ofte andre menneske brukar namnet til eg-personen. Eg hadde blitt sprø om folk tiltala meg med namn i annakvar setning.
ODA! er dokumentarromanen om Oda Krohg, embetsmannsdatteren som ble Kristiania-bohemens kvinnelige lederskikkelse – et ideal …
Eg likte denne mykje betre enn eg trudde eg kom til å gjere. Eg har aldri lese noko av Bjørnstad før og har ikkje vore freista til det heller, men her vart eg positivt overraska. Eg tykkjer boka er ein god inngang til Kristianiabohemen, og eg trur på Oda-karakteren. Eg tykkjer det er godt skildra korleis ho prøver å leve i sanning midt oppi eit motkulturelt program, og korleis ho oppdagar at det kanskje ikkje er mogleg.
Veit ikkje om eg kjem til å lese meir av Bjørnstad, men eg er veldig redd for at eg kanskje må lese noko av Hans Jæger.
ODA! er dokumentarromanen om Oda Krohg, embetsmannsdatteren som ble Kristiania-bohemens kvinnelige lederskikkelse – et ideal …
Eg fryktar at det å byrje å interessere seg for Kristiania-bohemen er eit teikn på at ein har starta på nedturen, men no har eg kome borti ekko av dei i så mange samanhengar i det siste, at eg fann ut eg like gjerne kunne lese ei bok i staden for å slå dei opp på wikipedia heile tida.
I begynnelsen av syttiårene skjer et grufullt dobbeltmord i bygden Svartvattnet i Nord-Sverige. En ung …
Vanskeleg å vite heilt kva eg meiner om denne. Kanskje eg kan seie at det er ei god bok som ikkje er for meg? Eg kan sjå at ho har kvalitetar i språket og konstruksjonen, men dei er ikkje av den typen som skapar store leseopplevingar for mitt vedkommande. Eg irriterte meg ofte over skrivemåten under lesinga, særleg når folk gjorde og sa ting eg berre ikkje greidde å tru på. Og det finst sikkert folk som er så manisk opptekne av sex som karakterane i denne boka, men det blir litt slitsamt når det gjeld absolutt alle, absolutt heile tida.
Samtidig likte eg godt skildringane av bygde-Sverige og den temmeleg gufne atmosfæren ho greidde å skape utan at eg heilt kan setje fingeren på korleis. Det kjem nok til å sitje i, men eg tvilar på eg kjem til å lese boka på nytt.
Midwinter in the early years of this century. A teenage girl on holiday has gone …
Dette var noko utanom det vanlege! Vi følgjer eit lokalsamfunn over tretten år, frå det tidspunktet der ei ung jente forsvinn sporlaust på heden over landsbyen. Boka handlar ikkje om forsvinninga, men om korleis lokalsamfunnet lever vidare etterpå. Ved første augnekast er det inga historie, berre ei oppramsing av små kvardagssituasjonar som menneska og naturen i landsbyen tek del i. Men ettersom åra går, hopar det seg opp tilstrekkeleg mange situasjonar til at det blir ei slags forteljing likevel. Ein byrjar lære namna på personane og gle seg til neste gong kameraet sveipar innom dei. Vi får aldri vite alt om nokon. Det er som ei ekte bygd, eller i Allheimen for den del: Ein støyter på dei same personane jamleg og trur at ein kjenner dei, og innimellom skjer det ting som gjer at ein får eit glimt bakom fasaden og forstår at dei også har opplevingar og tankar …
Dette var noko utanom det vanlege! Vi følgjer eit lokalsamfunn over tretten år, frå det tidspunktet der ei ung jente forsvinn sporlaust på heden over landsbyen. Boka handlar ikkje om forsvinninga, men om korleis lokalsamfunnet lever vidare etterpå. Ved første augnekast er det inga historie, berre ei oppramsing av små kvardagssituasjonar som menneska og naturen i landsbyen tek del i. Men ettersom åra går, hopar det seg opp tilstrekkeleg mange situasjonar til at det blir ei slags forteljing likevel. Ein byrjar lære namna på personane og gle seg til neste gong kameraet sveipar innom dei. Vi får aldri vite alt om nokon. Det er som ei ekte bygd, eller i Allheimen for den del: Ein støyter på dei same personane jamleg og trur at ein kjenner dei, og innimellom skjer det ting som gjer at ein får eit glimt bakom fasaden og forstår at dei også har opplevingar og tankar og erfaringar ein aldri har visst om. Språket er tørt og passivt og gjev inntrykk av at alle hendingar som blir fortalde, er like viktige, anten det gjeld eit dødsfall eller eit møte på puben eller ein reveunge som kjem ut av hiet for første gong. Dermed blir ein heile tida tvinga til å gjere seg opp si eiga meining om kva som skjer og kva det tyder. Eg oppdaga at boka må lesast langsamt, for at eg skulle få tid til å fordøye innhaldet. Denne kjem eg nok til å lese fleire gonger.
Jay Gatsby har slått seg opp til millionær, og holder selskaper for hundrevis av mennesker. …
Har kjent på ein uforklarleg trong til å lese denne på nytt ei stund. Primært på engelsk, sekundært på nynorsk, men ventelista på biblioteket var for lang, så no les eg ei bokmålsutgåve.
Birgitte Solheim har blitt så gammel at de fleste av vennene hennes er døde. Ensom …
Var spent på denne sidan ho har fått så mykje skryt. Eg tykte ho var heilt grei. Birgitte Solheim er på ein måte ein interessant karakter, men ho er så avvisande til alt og alle at det interessante består meir i kva ein kan ane om livshistoria hennar, enn kva ho sjølv tenkjer og seier. Eg kjem nok til å låne neste bok i trilogien også, om så berre for å sjå kva slags liv som er i vente for ein så gammal person. Men eg trur ikkje denne boka i seg sjølv kjem til å sette varige spor. Det blir spennande å sjå om eg tek feil, sjølvsagt.