Back
Jon McGregor: Reservoir 13 (2017) No rating

Midwinter in the early years of this century. A teenage girl on holiday has gone …

Dette var noko utanom det vanlege! Vi følgjer eit lokalsamfunn over tretten år, frå det tidspunktet der ei ung jente forsvinn sporlaust på heden over landsbyen. Boka handlar ikkje om forsvinninga, men om korleis lokalsamfunnet lever vidare etterpå. Ved første augnekast er det inga historie, berre ei oppramsing av små kvardagssituasjonar som menneska og naturen i landsbyen tek del i. Men ettersom åra går, hopar det seg opp tilstrekkeleg mange situasjonar til at det blir ei slags forteljing likevel. Ein byrjar lære namna på personane og gle seg til neste gong kameraet sveipar innom dei. Vi får aldri vite alt om nokon. Det er som ei ekte bygd, eller i Allheimen for den del: Ein støyter på dei same personane jamleg og trur at ein kjenner dei, og innimellom skjer det ting som gjer at ein får eit glimt bakom fasaden og forstår at dei også har opplevingar og tankar og erfaringar ein aldri har visst om. Språket er tørt og passivt og gjev inntrykk av at alle hendingar som blir fortalde, er like viktige, anten det gjeld eit dødsfall eller eit møte på puben eller ein reveunge som kjem ut av hiet for første gong. Dermed blir ein heile tida tvinga til å gjere seg opp si eiga meining om kva som skjer og kva det tyder. Eg oppdaga at boka må lesast langsamt, for at eg skulle få tid til å fordøye innhaldet. Denne kjem eg nok til å lese fleire gonger.