Back
Kerstin Ekman: Hendelser ved vann (Paperback, norsk language, 2018, Aschehoug) No rating

I begynnelsen av syttiårene skjer et grufullt dobbeltmord i bygden Svartvattnet i Nord-Sverige. En ung …

Vanskeleg å vite heilt kva eg meiner om denne. Kanskje eg kan seie at det er ei god bok som ikkje er for meg? Eg kan sjå at ho har kvalitetar i språket og konstruksjonen, men dei er ikkje av den typen som skapar store leseopplevingar for mitt vedkommande. Eg irriterte meg ofte over skrivemåten under lesinga, særleg når folk gjorde og sa ting eg berre ikkje greidde å tru på. Og det finst sikkert folk som er så manisk opptekne av sex som karakterane i denne boka, men det blir litt slitsamt når det gjeld absolutt alle, absolutt heile tida. Samtidig likte eg godt skildringane av bygde-Sverige og den temmeleg gufne atmosfæren ho greidde å skape utan at eg heilt kan setje fingeren på korleis. Det kjem nok til å sitje i, men eg tvilar på eg kjem til å lese boka på nytt.