Back

finished reading An Excellent Mystery by Edith Pargeter

Edith Pargeter: An Excellent Mystery (1985) No rating

An Excellent Mystery is a mystery novel by Ellis Peters, the third of four set …

Eg er veldig glad eg har ein haug med Cadfael-bøker i hylla som eg kan dra fram når eg treng kos, dei fyller den same funksjonen som Agatha Christie-bøker, men er endå koselegare. Eg likar den langsame, metodiske framdrifta, variasjonen i karakterane, og at forfattaren følgjer prinsippet om å la alle karakterar utnytte sin eigen kapasitet maksimalt, slik at ingen er dummare enn dei treng å vere og ingen gjer idiotiske ting av omsyn til plottet. Denne boka har ikkje eingong eit mord, berre mistanken om eit, og løysinga er litt vel deus ex machina-aktig, men ikkje verre enn at eg trur på det.