Back
Ketil Bjørnstad: Oda! (Hardcover, norsk language, 1983, Gyldendal) No rating

ODA! er dokumentarromanen om Oda Krohg, embetsmannsdatteren som ble Kristiania-bohemens kvinnelige lederskikkelse – et ideal …

Eg likte denne mykje betre enn eg trudde eg kom til å gjere. Eg har aldri lese noko av Bjørnstad før og har ikkje vore freista til det heller, men her vart eg positivt overraska. Eg tykkjer boka er ein god inngang til Kristianiabohemen, og eg trur på Oda-karakteren. Eg tykkjer det er godt skildra korleis ho prøver å leve i sanning midt oppi eit motkulturelt program, og korleis ho oppdagar at det kanskje ikkje er mogleg.

Veit ikkje om eg kjem til å lese meir av Bjørnstad, men eg er veldig redd for at eg kanskje må lese noko av Hans Jæger.