Back
Per Petterson: Ut og stjœle hester (Paperback, norsk language, 2012, Oktober)

Sommeren 1948 bor Trond og faren hans på ei seter ved ei elv nær grensa …

Eg trur ikkje denne leseopplevinga var så veldig annleis enn første gong eg las denne boka. Også denne gongen sit eg att med om lag like delar glede (over språket og skildringane og framdrifta) og frustrasjon (over alt eg ikkje får vite). Eg trur noko av problemet er at eg er ein veldig bokstavleg lesar, og slit med å lese på eit symbolsk plan. Eg forstår at denne boka er full av symbolikk, men er ikkje i stand til å tolke symbolikken. Så når eg til dømes ikkje får vite noko om korleis livet til eg-personen er blitt påverka av at faren blei borte, er det ekstremt frustrerande. Eg blir også frustrert over kor lite eg får vite om faren sine vurderingar og motivasjonar, men det kan eg leve med sidan han jo berre blir sett gjennom sonen sine auge. Denne gongen klarte eg i det minste å sjå parallellen mellom farens forsvinningsnummer og forholdet hovudpersonen har til sine eigne born, og det trur eg at eg gjekk glipp av ved første gongs lesing.

Det eg elles la mest merke til denne gongen, og som gjekk fullstending under radaren første gong eg las denne bka, er kor mykje ho handlar om kroppskjensle, både kjensla av å kunne stole på kroppen sin, og kjensla av å ikkje kunne gjere det. Veldig mykje plass går med til å skildre korleis det kjennest å ha ein kropp som fungerer eller ikkje fungerer, og korleis endra kroppskjensle er ein vesentleg del av aldring.