Kjerstin finished reading Alberte-trilogien by Cora Sandel
Ferdig for denne gong. For ei bok! For eit språk! For ei verd! Alle som har latt seg lure av myten om at norsk er eit så fattig språk, bør lese Cora Sandel. Og det same gjeld alle forfattarspirer. Korleis greier Sandel å skape ein pageturner ut av verdas mest passive hovudperson, som lever eit liv der nesten ingenting skjer? Anar ikkje, men faktum er at ho greier det. Albertes motstand mot verda sluttar aldri å vere interessant, og dei befriande konkrete omgjevnadene ho lever i, er verdsbygging på høgaste nivå. Er nesten freista til å snu boka og starte på nytt.