Kjerstin finished reading Om utregning av romfang - II by Solvej Balle (Om utregning av romfang, #2)
Desse bøkene er både medrivande og frustrerande. Eg må lese vidare for å få vite kva som skjer, men eg slit litt med at eg ikkje greier å tru på forteljaren. Og då meiner eg ikkje det med at ho er fanga i tida, det har eg ingen problem med å tru på. Men eg greier ikkje å tru på at forteljarstemma tilhøyrer ei ung kvinne. Eg ser forteljaren for meg som mykje eldre, meir resignert, meir vand med å vere åleine. Forteljaren lagar seg prosjekt som ho utfører åleine og systematisk over lange tidsrom, og ho er heilt uaffisert av at ho ikkje kan ha sosiale relasjonar eller ha fleire ting enn det absolutt mest nødvendige. Eg greier ikkje å tru på at ei kvinne rundt dei tredve ville ha reagert slik. Så når eg les, blir eg alltid rykka ut av teksten når det kjem ein markør som skal signalisere at forteljaren er ung, for eg les henne som ei kvinne på nærare sytti. Og når ho fortel om mannen sin, ser eg også for meg ein mann rundt dei sytti. Blir spennande å sjå om dette endrar seg i bok tre når forteljaren møter ein annan person som også er stranda i tida.