Kjerstin finished reading Om utregning av romfang - V by Solvej Balle (Om utregning av romfang, #5)
The plot thickens, som det heiter. Tara har no levd i den 18. november i til saman nesten 30 år, og så langt har ho akseptert det utan å stille spørsmål. Men no ser ho ut til å ha bestemt seg for at ho vil ut. Blir spennande å sjå kva som skjer i neste bok!
Tara har ei særeigen forteljarstemme som er mykje av grunnen til at eg har funne desse bøkene så medrivande, men som også kan bli litt monoton i lengda. Dei to første bøkene, då ho var åleine, var fulle av spørsmål. I denne siste boka, der dei er mange menneske, blir det veldig mange setningar som byrjar med "vi". Det er mange rollefigurar involvert, men ein blir ikkje særleg kjend med nokon av dei. Det er den filosofiske overbygninga som interesserer forteljaren, ikkje dei personlege relasjonane. Det er interessant korleis forteljaren gjer lange tidssprang utan at noko særleg skjer, men ein får likevel kjensla av kor mykje tid som har gått. No når Tara (og dei andre som er fanga i den 18. november) tek til å bli eldre, blir det spennande å sjå korleis måten dei handterer tidsfangenskapen på, vil endre seg.