Back
Connie Willis: Doomsday Book (1993, Bantam Books)

Somewhere in the future, ordinary history students must travel back in time as part of …

Forstår ikkje kvifor eg ikkje har lese denne før, eg elskar jo konseptet med tidsreisande historikarar. Eg las Blackout for nokre år sidan og vart fascinert over kor mykje av boka som går med til å skildre misforståingar og uhell og teknologi som ikkje fungerer som han skal og andre ting som går gale, som eg huskar som veldig forfriskande. Har aldri heilt greidd å tru på den delen av sci-fi-litteraturen som i det store og heile berre er teknologioptimismeporno og alt fungerer som det skal. Spent på om eg vil få same kjensla av denne boka.