Back

finished reading Doomsday Book by Connie Willis

Connie Willis: Doomsday Book (1993, Bantam Books)

Somewhere in the future, ordinary history students must travel back in time as part of …

Den mest oppslukande boka eg har lese på lenge. Plottet er eigentleg ekstremt enkelt, men ein må heile tida lese vidare for å sjå om rollefigurane greier å få gjennomført det dei vil gjere når verda deira er så full av misforståingar og teknisk svikt og mangelfull kommunikasjon og uheldige slumpetreff (litt som den verkelege verda!). Historia er lenge nokså komisk og småfrustrerande, men ho tek ei veldig mørk vending etter kvart, nesten uten at ein merkar overgangen. Det tykkjer eg er godt gjort.

Boka vart publisert i 1993, og eg har sett ein del kritikk som går på korleis den delen som føregår i framtida, fungerer: At dei framleis driv med fasttelefon og at det er eit stort poeng at ingen kjem gjennom på telefonen når krisa inntreff. Eg tykte ikkje det var noko problem, men så las eg heller ikkje boka som ei framtidsskildring, men som ei skildring av ei parallell verd. Dessutan er eg gamal nok til å hugse fasttelefonar, så eg fekk eit lite element av nostalgi også.

Samstundes har boka med mange mange element som kjennest nesten skummelt forutsjåande, dei har t.d. nettopp vore gjennom ein pandemi, og dei er plaga med vaksinemotstand og konspirasjonsteoriar og EU-motstand. Religion har anten gjort eit stort comeback eller aldri forsvunne.

Ein sjarmerande detalj er at boka opererer med eit fiktivt Oxford-college innimellom alle dei reelle (Shrewsbury), som visstnok er ei helsing til Dorothy L. Sayers.