Kjerstin finished reading Min tid i disse skogene by Gaute Heivoll
Eg likte denne betre enn eg trudde eg kom til å gjere. Basert på baksideteksten forventa eg ei oppkonstruert tåreperse av typen Å vanne blomster om kvelden, men eg tykte det var meir å hente mellom linene her enn eg hadde trudd, trass i at både språket og handlinga er nokså monotone. Det kan sjølvsagt ha å gjere med at hovudpersonen er ein (etter kvart) gammal og forsiktig mann som ikkje stikk seg fram (ein karaktertype eg veit at eg er veldig svak for), men eg likte også måten dei små opplevingane hans er skrivne på, og korleis livet hans berre går, utan at det kjem nokon tydeleg moral eller samling av trådar eller høgare meining med det heile. Eit mønster eg først oppdaga mot slutten, er korleis hovudpersonen, i dei tilfella der han faktisk har ei sterk meining eller intensjon om noko, alltid endar med å måtte gje seg på det fordi omverda viser seg å ikkje vere som han hadde trudd. Her er ingen "alt er mogleg om du berre vil det sterkt nok". Veldig befriande.
