Back

finished reading Min tid i disse skogene by Gaute Heivoll

Gaute Heivoll: Min tid i disse skogene (Paperback, norsk language, 2024, Tiden Norsk Forlag) No rating

For alltid skal det være Johannes og Ingeborg. Hun er den ildfulle tjenestejenta på gården …

Eg likte denne betre enn eg trudde eg kom til å gjere. Basert på baksideteksten forventa eg ei oppkonstruert tåreperse av typen Å vanne blomster om kvelden, men eg tykte det var meir å hente mellom linene her enn eg hadde trudd, trass i at både språket og handlinga er nokså monotone. Det kan sjølvsagt ha å gjere med at hovudpersonen er ein (etter kvart) gammal og forsiktig mann som ikkje stikk seg fram (ein karaktertype eg veit at eg er veldig svak for), men eg likte også måten dei små opplevingane hans er skrivne på, og korleis livet hans berre går, utan at det kjem nokon tydeleg moral eller samling av trådar eller høgare meining med det heile. Eit mønster eg først oppdaga mot slutten, er korleis hovudpersonen, i dei tilfella der han faktisk har ei sterk meining eller intensjon om noko, alltid endar med å måtte gje seg …

@Kjerstin Eg har ønskje om å lese meir av denne forfattaren! Eg las nyleg den nyaste boka hans, Himmelens krystall, (som er nominert til Lytternes romanpris). Her følgjer ein ein litt tafatt mann som har vore postbod i bygda heile livet.
Og eg likte veldig godt Sang for 68 forrædere. Der er handlinga lagt til ei bygd på Sørlandet kor ein relativt stor del av befolkninga melde seg inn i NS. Hovudpersonen er ein gut som spelar orgel.