User Profile

Rudi

Rudi@books.babb.no

Joined 1 month, 4 weeks ago

Lærar i norsk og historie. Datanerd. (Foto: Erik Skybak) (Reviews in Norwegian)

This link opens in a pop-up window

2026 Reading Goal

80% complete! Rudi has read 28 of 35 books.

finished reading Krüger & Krogh åpner arkivet by Bjarte Agdestein (Krüger og Krogh)

Bjarte Agdestein, Endre Skandfer,  Ronald Kabíček: Krüger & Krogh åpner arkivet (Hardcover, Norwegian (Bokmål) language, 2026, Strand forlag) No rating

En skattkiste til alle fans av de hemmelige agentene! Krüger & Krogh åpner arkivet er …

Mitt første møte med denne serien var gjennom nokre store plakatar i Oslo sentrum. Desse er samla i denne boka, saman med ein del anna "ekstramateriale" og nokre intervjuar. Som nyfrelst fan av serien, er dette kjekt stoff. Men heilt ærleg så kunne det meste her vore fordelt mellom albumma som er alt er ute, det er litt tidleg å komme med ei slik bok, om dei ikkje tenkjer å kome med med ein serie av desse også.

finished reading Nord og ned 1 by Bjarte Agdestein (Krüger og Krogh)

Bjarte Agdestein, Endre Skandfer,  Ronald Kabíček: Nord og ned 1 (Hardcover, Norwegian (Bokmål) language, 2022, Strand forlag) No rating

Spesialagentene Krüger og Krogh er tilbake! Under mystiske omstendigheter blir en fiskebåt slukt av havet …

Eg liker godt at dei så tydeleg knyt desse karakterane til Oslo, men eg liker enda betre at dei no viser at dei godt kan boltre seg i andre deler av landet.

finished reading Spøkelseståken by Bjarte Agdestein (Krüger og Krogh)

Bjarte Agdestein, Endre Skandfer,  Ronald Kabíček: Spøkelseståken (Hardcover, Norwegian (Bokmål) language, 2018, Egmont forlag) No rating

En søndagskveld, høsten 1964, må spesialetterforskerne Jacob Krüger og Otto Krogh rykke ut til Akersberget, …

Høgdepunktet i denne er at no er det ikkje berre historiske Oslo som kjem nydeleg fram, men også (ein del av) historia om Oslo. Her blandar dei historie og segn på ein spanande måte. Det var visst litt ueinigheit innad om korleis slutten skulle vere, men eg er nøgd med den dei landa på. Eg liker også at dei no går litt meir inn på kven hovudkarakterane er - kanskje særleg Krüger.

finished reading Brennpunkt: Oslo by Bjarte Agdestein (Krüger og Krogh)

Bjarte Agdestein, Endre Skandfer, Ronald Kabíček: Brennpunkt: Oslo (Hardcover, Norwegian (Bokmål) language, 2014, Strand forlag) No rating

«Brennpunkt: Oslo» er første bind i en splitter ny albumserie om Norges hemmelige helter: Jacob …

Eg forstår godt at denne gjorde inntrykk på teikneserie-Noreg då ho kom. Ein fin start for ein ny serie, og det er tydeleg alt frå første album/bok at skaparane gjer seg flid med å attskape Oslo. Sjølve historia i denne gjorde ikkje så mykje inntrykk, men eg såg fram til kva meir universet hadde å by på.

Chingiz Aitmatov, Chingiz Aĭtmatov: Og dagen varer lenger enn et århundre (Hardcover, Norwegian (Bokmål) language, 1985, Den norske bokklubben) No rating

Eg fekk denne til jul, ei bokklubben-utgåve av ein Sovjetsk bok som utgjer seg for å vere science fiction. Det er ei sanning med stor atterhald, då det i dei 300 sidene kanskje er litt over to sider totalt som passar ei slik skilding. Først og fremst er dei ei bok om ein eldre kar i eit steppelandskap, hans familie og vener og ikkje minst den store kamelen hans. Ho handlar om korleis det gamle ikkje må gå tapt i møte med det nye, og om korleis den raske omstillinga i Sovjet påverka kultur og tradisjonar. Og ho er framleis relevant i dag.

(Eg har elles vitsa om at dette er den beste kirgisiske boka eg har lese. Tru om det vil endra seg.)

Olav R. Øyehaug: Kodane, Essensen og Botnen (Paperback, Norsk nynorsk language, Kolon forlag) No rating

Kodane Essensen Botnen omfatter dei tre samlingane Kodane, Essensen og Botnen.

Herlege, korte forteljingar. Lette å lese, men samtidig lette å tenke på i ettertid. Dei er gjerne absurde, men ofte treffande (utan at det nødvendigvis er nokon punchline). Av og til også kjekk leik med språket. Ein av dei handlar om ein gut som finn ut at blodet hans smakar veldig godt, og dermed blir skeptisk til om alle andre ønskjer å spise han. Ein annan handlar om ein kar som gret så heftig at tastaturet blir øydelagt mens han skriv. Osv! Ei kjekk leseoppleving.

finished reading Grisens år by Eirik S. Røkkum (Fº, #519)

Eirik S. Røkkum: Grisens år (Hardcover, Norsk bokmål language, Flamme Forlag) No rating

Grisens år er et klimalangdikt satt til fremtiden, der kloden, en svinesti, putrer over av …

Eit langdikt som består av fem monologar som på ulikt vis skildrer moralsk forfall i ei nær(?) framtid. Boka er full av bilete, sitatat og idear. Forlaget vil ha det til at det handlar om klima, men det er er berre ein del av bilete. Det er vel meir enn noko ein kritikk av korleis dei rike utnyttar folka/verda rundt seg. Det er ikkje ei nyansert utforsking av tema, men meir som ein kynisk hevnfantasi (til tider). Og et er det jo fornøyeleg nok det, på eit vis. Det er spanande å lese langdikt, uansett. Det er sikker lagt inn arbeid i formuleringane som gjekk over hovudet på meg, og det var ikkje alltid eg forstod kvifor det plutselig var rim (eller bokstavrim) - men ho var aldri vanskeleg å lese og hadde ei god framdrift.

Peter Wessel Zapffe, Arne Næss, Hermann Tønnessen, Inga Bostad: Jeg velger sannheten (Paperback, Norsk bokmål language, 2025, Forlaget POP) No rating

"Jeg velger sannheten" er en filosofisk dialog mellom Hermann Tønnessen og Peter Wessel Zapffe, med …

Historia bak denne utgjevinga gjorde meg interessert. Kort sagt gjorde boka så mykje inntrykk på førsteamanuensis Thorvaldsen ved HVL at han fekk trykka opp eit nytt opplag 40 år etter det første, og gjer dei ut gratis til kven som vil ha. Les om det her: www.khrono.no/gir-bort-1000-boker-om-ukjent-norsk-filosof/1012643

Boka er ei lita lefse, og ho kjem med ei nyttig oversikt over namn og omgrep til slutt, i tillegg til eit nytt og interessant etterord av Inga Bostad. Å kalle det ein dialog er å ta litt hardt i, då det langt på veg er Hermann Tønnessen som får prate ut. Og det gjer han. Resonnementet handlar om at me, menneske, ikkje kan forstå at me skal døy fordi me er laga slik (både arv og miljø). (Trur eg.) Han bruker morosame referanser, historier, lister og rare bilete for å få fram poenga sine. Han kjem stadig med nye sider av …

Steffen Kverneland: Vampyr (Hardcover, Norsk bokmål language, Cappelen Damm) No rating

En gotisk røverroman om den dystre hemmeligheten bak vår største maler, om svik, fortvilelse og …

Steffen Kverneland brukte fleire år på sin Munch-biografi. I denne romanen, som kom nokre år seinare, leikar han seg med kjeldematerialet og skriv ein gotisk grøssar. Eg har veldig sansen for prosjektet og koste meg gjennom heile boka, men eg skulle ønskje han reindyrka meir den brev/dagbok-roman-aktige sida av prosjektet. Altså der han kombinerer ulike "kjelder" for å fortelje historia, og for det meste prøver å gjere det med ei stram maske. Men samtidig så er det jo kjekt å lese Kvernelands la "seg sjølv" få køyrd seg.

Eg ser at det kjem film av denne snart, eg er spent på korleis dei løysar det. Eg håper dei held att litt i markedsføringa, slik at ikkje alle veit kva dei går til.

Eg snubla over denne på Fretex og hadde litt sansen for illustrasjonane. Det er ei dansk attforteljing av dei norrøne gudedikta. Ho er skrive på femtitalet, men er framleis lettlesen og fin. Både Stephen Fry og Neil Gaiman har i dei siste åra gjeve ut liknande bøker, så eg tenkte det var på sin plass å lese eit skandinavisk forsøk.

Eg kjenner ikkje historiene godt nok til å vite om det er gode attforteljingar. Tru kor tid eg skal kaste meg over eddaene?

Las denne med elevar. Ein stor suksess for min del, i den forstand at eg hadde det kjekt. Eg trur også at mange av elevane koste seg. Det tok litt tid å kome inn i, og det hadde kanskje vore lurt å visualisere lesinga litt med bilete frå ei oppsetjing.

Sjølve stykket har eg lese nokre gongar før, men det er ei stund sidan no. Eg likte kor erkebergenske enkelte av figurane var. Det er ikkje mykje subtilitet i stykket, men det var vel heller ikkje noko mål. Eg liker også godt korleis Grieg skildrar kva han se for seg av musikkovergangar, bruk av lys og liknande. Det er noko anna enn Ibsen sine dører.

Ein fin novellesamling som skildrar folk, ofte arbeidsfolk, som på ulikt vis opplever at noko skurrar i livet. Ein blir stort sett kasta inn i situasjonar, der ein må navigere oss inn i kva det er som skjer, og kven det er som fortel (eller blir fortalt om). Det blei stort sett til at eg las ei og ei novelle, sjølv om det ikkje er store boka. Det er på ein måte litt krevjande å bli kasta ut i ein ny skjebne kvar gong, sjølv om eg aldri var misnøgd då novellene var over.

Ei lita bok som samlar kinesiske spøkelseshistoriar. To hovudtankar: 1) Forordet er rosinen i denne pølsa. Det er den lengste teksta i boka, og det hamrar laus mot Vesten og om kor gode kinesarar (og dei kinesiske styresmaktene) er i forhald til dei. Skikkeleg propaganda. 2) Spøkelseshistoriane har alle same tema: folk som ikkje er så redde for spøkelse. For slik er dei beste kinesarane, meinar boka. Men tru om dei som samla desse historiene, som alle ser ut til å vere frå antikvare kjelder, eigentleg berre har det som eit påskudd for å få lov til å gje boka ut?

Sjølve historiane er ofte ganske kjedlege og lette å gløyme. Men det er veldig fine illustrasjonar til.

Øystein Hellesøe Brekke: Kontoret (Hardcover, Bokmål language, 2024, Bonnier norsk forlag)

Kontoret er historien om hanseatene i Norge, for første gang samlet i én fremstilling. Boken …

Eg har tidlegare vore guide på Bryggen i Bergen og prata høgt og mykje om kva hanseatane gjorde. Eg skulle ønske eg hadde lese denne boka den gong då. Ikkje fordi eg sa mykje som var feil, men fordi eg i for stor grad omtalte dei som ein fast form, heller enn eit endrande landskap. Denne boka får flott fram korleis dei klarte å halde ein viss kontinuitet, sjølv om dei gjekk gjennom store endringar. Og eg liker korleis han hentar fram konkrete historiar (gjerne frå rettsdokument) og brukar dei til å forstå tida han skildrer.

Samtidig blei det av og til litt for mange namn og hendingar på få sider, som gjorde at det av og til gjekk litt i ball for meg. Men det handlar sikkert like mykje om at eg delte opp lesinga over lang tid.