Rudi finished reading Kodane, Essensen og Botnen by Olav R. Øyehaug
Herlege, korte forteljingar. Lette å lese, men samtidig lette å tenke på i ettertid. Dei er gjerne absurde, men ofte treffande (utan at det nødvendigvis er nokon punchline). Av og til også kjekk leik med språket. Ein av dei handlar om ein gut som finn ut at blodet hans smakar veldig godt, og dermed blir skeptisk til om alle andre ønskjer å spise han. Ein annan handlar om ein kar som gret så heftig at tastaturet blir øydelagt mens han skriv. Osv! Ei kjekk leseoppleving.
