Det var i dei dagar Steffen Kverneland og Ragnar Hovland drog til Jølster for å …
Ein god del meir tullete enn eg hadde trudd. Ei herleg lesaroppleving, men eg kunne veldig gjerne tenkt meg meir Astrup i monitor, i alle fall i ei stor og flott bok som dette. Eg hadde vel også håpa på ei meir visuell bok. Her er det mykje fotografi som på ingen måte er gode nok (men fungerer, altså) og lite effektiv bruk av sider. Men dei illustrasjonane som finst frå Kverneland er fantastiske. Eg skulle vel kanskje berre ønskje at det var fleire av dei.
«Der, bortanfor den blå sjøen, ligg landet på den andre sida... Frå eg var eit …
Ein antologi med "fantastiske forteljingar" som var skrive for (og på trykk i) Norsk barneblad. Mange av dei er berre tøys, nokon av dei koser seg med fantasi utan å eigentleg ville noko meir enn det. Og eit par av dei har eit slags bodskap som gjer dei litt meir interessante. Men stort sett er dette fortellingar for born. Høgdepunktet må vel vere Thore Hansen sine illustrasjonar, og at nokre kjente namn dukkar opp. T.d. Brit Bildøen.
Siden Munch utviklet motivet på slutten av 1800-tallet, har utallige kunstnere, blant andre Andy Warhol …
Eg kjøpte denne frå gåvebutikken på Munch-museet, mest fordi eg likte første del godt: Alle dei ulike verka av Munch som er relatert til Skrik. Frå andre verk som har same bakgrunn, skissar og tekstfragment som er knytt til det. Hovuddelen av boka er tre meir teoretiske tekster om korleis Skrik har forplanta seg i kunsten og populærkulturen. Dei teoretiske perspektiva var ikkje så interessante for min del, men eg likte dei ulike døma dei hadde på påverknad.
A young man in modern America is terrorized by visions of an earlier, primitive life. …
Ei fin lita bok av Jack London om noko så uvanleg som "livet før menneskje", der ein følgjer ein fjern slektning ein stad på evolusjonstreet mellom sjimpanse og homo sapiens. Det som gjer boka mest interessant, er korleis han har handsama utfordringa: fortelje historia frå karakterane sine perspektiv, samtidig som karakterane er ganske lite reflekterte. Han har laga ein rammehistorie med premisset at minner kan lagrast genetisk, og at det ofte berre er små bilete og kjensla av å falle. Men eg-personen er eit unntak, og han kan om nettene oppleve mykje frå livet frå ein konkret individ frå "før Adam". Slik får ein altså oppleva det heile frå innsida, men samtidig med eit visst refleksjonsnivå. Fin løysing.
Victor-Marie Hugo Dødsdømt er oversat af Orla Lundbo efter Le dernier jou d'un condamné der …
Premisset her er fint. Den siste stunda for ein som skal døy, skrive i 1829 i Frankrike. Hugo er anonym, og held detaljane i boka til eit minimum slik at ho skal vere så allmenn som mogeleg. Boka er skriven som eit politisk innspel, noko som kjem tydeleg fram i føreordet. Men eg veit ikkje kor engasjerande boka er som roman.
Dette er ei dansk utgjeving som er fin, men eg saknar fotnotar eller forklaringar til mykje av det som står i Hugo sitt føreord. (Det står heller ikkje kor tid boka kom ut.)
Vika, 1963: Et avlyttingsoppdrag setter Krüger & Krogh på sporet av en konspirasjon som truer …
Det er høg kvalitet på innhaldet i denne boka, men i likskap med "arkivboka" som kom før, er dette ekstrainnhald heller enn ein ny, frittståande bok. Eg blei difor litt skuffa over bind 5, særleg etter høgdepunktet som var bind 3 og 4.
Bok følgjer der bok ein slapp, og er eigentleg berre meir av moroa. Eit trekk med serien så langt er at han er ikkje redd for å la hovudpersonen vikle seg inn i handlingar som fører til store konsekvensar for verda historiene er sette i. Som jo er gøy, men gjer ein nysgjerrig på ringverknadane. Eg håper dei seinare bøkene kjem meir inn på det. Eg anar elles at det er ein del visuelle referansar til teikneserier (og anna) her eg ikkje tar.
"Two hundred years ago, Britain lost the Napoleonic War and fell under the thumb of …
Ein teikneserie inspirert av dyreteikningar frå 1800-talet, Sherlock Holmes og truleg litt ulik noir. Eg var først litt kritisk til teikningane (kanskje særleg fargane), men det gløymer ein fort når ein kastar seg inn i universet. Det er kontrafaktisk historie, der Napoleon vann, men England seinare skil seg ut frå det franske riket. Ein Holmes-aktig etterforskar viklar seg inn i ein konspirasjon, og plutseleg står mykje på spel. Inspirasjonane er openberre, utan at det er noko negativt. At det er dyr heller enn menneskje er litt rart, men om ein ser på teikningane som har inspirert han, er det lettare å forstå stilen. Eg har framleis ikkje lese alle fem, men bok ein var god underhalding.
Den engelske folkesangeren Nick Drake døde ung og ukjent etter å ha gitt ut kun …
Eg hadde ikkje særleg kunnskap om Nick Drake før eg las denne, men eg har forstått at eg trives i Jason sine verder. No også. Ein får jo eit inntrykk av at Drakes liv er perfekt for Jason sin strek, men det kan jo vere at han har tilpassa terrenget til kartet. Uansett så liker eg godt korleis Drakes frustrasjon og kjensle om å vere framand for verda kjem til uttrykk visuelt.
Eg hadde ikkje særleg kunnskap om Nick Drake før eg las denne, men eg har forstått at eg trives i Jason sine verder. No også. Ein får jo eit inntrykk av at Drakes liv er perfekt for Jason sin strek, men det kan jo vere at han har tilpassa terrenget til kartet. Uansett så liker eg godt korleis Drakes frustrasjon og kjensle om å vere framand for verda kjem til uttrykk visuelt.
Eg kjøpte denne for å støtte Kurzgesagt, då eg har vore glad i deira YouTube-videoar i ei årrekke. Eg kjøpte også kalenderen deira fleire år, og denne boka er ein samling av kunsten (og tankane) frå dei. Det var først då han kom i posten eg skjønte kor stor han var.
Det er helst åra som handler om historie som engasjerer meg. Særleg når dei er blitt gode i gassen og bakar inn små historier i illustrasjonane. Stilen deira er fin, og eg forstår at dei vil fremma bileta. Men eg hadde gjerne lese meir om prosessen og faktasjekken bak.
Odyssevskvædet er baade godt bygt og rikt; paa den eine sida hev me Telémakos og …
Då det var ca. 24 veker fram til premieren av Nolan sin film, tok eg i gang med lesinga. Planen var ein song i veka. Boka var bestilt frå antikvariat, men då ho var litt sein, byrja eg med utskrifter. Men boka kom aldri, og eg gjekk lei av utskriftene. Etter litt fram og tilbake med antikvariatet, måtte eg kjøpe boka frå ein annan stad. Og då var tida gått frå meg, og dette er ikkje eit verk som inviterer til nilesing. (Men det gjekk innan premieren, altså.)
Og fy søder for eit verk, eg forstår godt at dei arbeida med å ta var på det i så mange år, og at dei nedskrivne variantane har blitt kopiert vidare. Ei historie fortalt ukronologisk, tvetydige karakterer, actionsekvensar, humor (sarkasme!) og mykje meir. Og det ser ut som om det også var eit poeng å bruke diktekunsten til å ta vare …
Då det var ca. 24 veker fram til premieren av Nolan sin film, tok eg i gang med lesinga. Planen var ein song i veka. Boka var bestilt frå antikvariat, men då ho var litt sein, byrja eg med utskrifter. Men boka kom aldri, og eg gjekk lei av utskriftene. Etter litt fram og tilbake med antikvariatet, måtte eg kjøpe boka frå ein annan stad. Og då var tida gått frå meg, og dette er ikkje eit verk som inviterer til nilesing. (Men det gjekk innan premieren, altså.)
Og fy søder for eit verk, eg forstår godt at dei arbeida med å ta var på det i så mange år, og at dei nedskrivne variantane har blitt kopiert vidare. Ei historie fortalt ukronologisk, tvetydige karakterer, actionsekvensar, humor (sarkasme!) og mykje meir. Og det ser ut som om det også var eit poeng å bruke diktekunsten til å ta vare på levemåte og kultur. (Og historie og geografi.)
Men eg må innrømme at eg sleit litt med å halde fokuset i nokon av gudeforteljingane og falske forhistoriene til Odyssevs. Og Garborg sin versjon er definitivt interessant, men det var ein del setningar og formuleringar som bar preg av eit påtvinga versemål. Eg vil ikkje tilrå denne varianten om ikkje nettopp Garborg og landsmål er store trekkplaster for din del.
Hvit er en bevegende kortroman om hengivenhet. Før den navnløse fortelleren selv ble født, fikk …
Eg tenkjer av og til på det radioprogrammet til Harald Eia der dei gjer personlegdomsundersøkjingar. Det at nokon er meir opne enn andre for ulike typer opplevingar. Denne boka har korte, litt svevande vignetter om ei rekke tema, men der alle krinser rundt liv og daud, og om ei eldre syster som aldri fekk leve. Det er fleire fine tankar undervegs i boka, men eg trur ikkje eg er open nok for denne typen tankespinn. Eg registrerer det berre, utan å visualisere eller føle særleg interesse for det. Sjølv om eg prøver. (Med andre ord: ikkje ei dårleg bok, men ho treffer ikkje meg.)