Eg tenkjer av og til på det radioprogrammet til Harald Eia der dei gjer personlegdomsundersøkjingar. Det at nokon er meir opne enn andre for ulike typer opplevingar. Denne boka har korte, litt svevande vignetter om ei rekke tema, men der alle krinser rundt liv og daud, og om ei eldre syster som aldri fekk leve. Det er fleire fine tankar undervegs i boka, men eg trur ikkje eg er open nok for denne typen tankespinn. Eg registrerer det berre, utan å visualisere eller føle særleg interesse for det. Sjølv om eg prøver. (Med andre ord: ikkje ei dårleg bok, men ho treffer ikkje meg.)
Reviews and Comments
Lærar i norsk og historie. Datanerd. (Foto: Erik Skybak) (Reviews in Norwegian)
This link opens in a pop-up window
Rudi finished reading Intet nytt fra sommerfronten by Therese G. Eide (Intet nytt fra hjemmefronten)
Dette er ein kjempesterk stripeserie. Ho treffer meg nok særleg bra no som eg har barn sjølv, men eg likte ho også lenge før det. Varm, morosam og tidvis passe nerdete.
Rudi finished reading Demon Copperhead by Barbara Kingsolver
Eg las denne utan å lese David Copperfield først, det angrar eg litt på. Eg merka ikkje at boka bygga på Dickens si historie, men når eg les om det no i ettertid, trur eg at det hadde gjort at boka hadde fått eit ekstra lag å setje pris på. For dette var ei god bok.
Det er ei stor bok og mykje å ta tak i, men i kjerna ein plass er ein systemkritikk, men også eit forsøk på å forstå kvifor dei som er "offer" for systemet likevel skuldar på seg sjølv. Eg likte godt korleis boka stadig vekk streifa innom denne motsetnaden.
I siste tredjedel av boka så mista ho litt momentum for min del, men då boka var ferdig merka eg at ho hadde hatt godt tak i meg.
Rudi finished reading Kvinnestemmer i Kinas eldste poesi
Dette er ei samling av tidlege, kinesiske dikt som omsetjaren har tolka som kvinnestemmer. Og kriteriet er tydeleg (og godt): "Mitt viktigste utvalgskriterium har vært å la tvilen komme kvinnene til gode.". Det var berre eit dikt i heile samlinga der eg ikkje heilt kunne sjå kvifor han antok det var skrive av ei kvinne, med dei andre er det lett å forstå at ein kan lese dei som frå eit kvinneperspektiv (og nokon av dei nesten umogeleg å lese som noko anna).
Sjølve dikta er ikkje alltid så interessante, og eg vil tru at mykje går tapt om omsetjinga. Men det er fleire fine bilete og fraser som er brukt. "Brødrene mine lot være å vite", "hanen galer ustanselig", osv. Omsetjaren har også gode forklaringar på kva som ligg i fleire av symbola.
Eit høgdepunkt er dei forklarande tekstene som gjer eit (lite) innblikk i kinesisk lyrikkhistorie, …
Dette er ei samling av tidlege, kinesiske dikt som omsetjaren har tolka som kvinnestemmer. Og kriteriet er tydeleg (og godt): "Mitt viktigste utvalgskriterium har vært å la tvilen komme kvinnene til gode.". Det var berre eit dikt i heile samlinga der eg ikkje heilt kunne sjå kvifor han antok det var skrive av ei kvinne, med dei andre er det lett å forstå at ein kan lese dei som frå eit kvinneperspektiv (og nokon av dei nesten umogeleg å lese som noko anna).
Sjølve dikta er ikkje alltid så interessante, og eg vil tru at mykje går tapt om omsetjinga. Men det er fleire fine bilete og fraser som er brukt. "Brødrene mine lot være å vite", "hanen galer ustanselig", osv. Omsetjaren har også gode forklaringar på kva som ligg i fleire av symbola.
Eit høgdepunkt er dei forklarande tekstene som gjer eit (lite) innblikk i kinesisk lyrikkhistorie, eit anna er korleis ulike utgåver av teiknet for "kvinne" fungerer som illustrasjonar undervegs. Som siste dikt i boka, kjem plutseleg "Mulan", som viser seg å opprinneleg vere ein ballade. Her er siste strofe, attdikta til norsk av Harald Bøckman: "Harefar kjennes på hoppende fot / haremor synes litt vag / Men hvem kna vel vite hvem som er hvem / når de begge hopper i lag."
Rudi finished reading Eventyret om den grønne slange og den skjønne lilje by Johann Wolfgang von Goethe
Dette er eit av dei første kunsteventyra, visstnok, og eg liker kor rart det er. Det er komponert, men likevel basert på det som for min del ser mest ut som ei rekke innfall. Eventyret går frå å følgje ein karakter til ein annan. Denne utgåva var utan illustrasjonar, men eg ser føre meg at nokon kunne ha laga ein veldig flott illustrert utgåve, då det er meir enn nok rike bilete å ta frå i teksta.
Dette er eit av dei første kunsteventyra, visstnok, og eg liker kor rart det er. Det er komponert, men likevel basert på det som for min del ser mest ut som ei rekke innfall. Eventyret går frå å følgje ein karakter til ein annan. Denne utgåva var utan illustrasjonar, men eg ser føre meg at nokon kunne ha laga ein veldig flott illustrert utgåve, då det er meir enn nok rike bilete å ta frå i teksta.
Rudi finished reading The Carrier Bag Theory of Fiction by Ursula K. Le Guin
Guin si tekst er godt pakka inn med forord, preface, kjeldeliste og illustrasjonar - men når du først kjem til ho, skriv ho godt om korleis litteratur (og teknologi) er meir som ein sekk/bag enn eit spyd. Samlarane var dei viktigste for å overleve (med maten i ein sekk), men historiene rundt bålet er om jegrar (og spyd). Men ho vel å la teknologien i hennar science fiction ikkje vere fancy spyd, men sekkar som menneskje kan bli utforska i.
Rudi finished reading Troll i ord by Asbjørn Aarnes
Ei samling korte tekster frå litteraturforskaren Asbjørn Aarnes, først publiserte i Dag og Tid. Her kjem han med ei samling anekdotar, refleksjonar og truleg nokre skrøner om sitt eige liv og det intellektuelle eliten han var ein del av. Eg skulle ønskje fleire av dei "store" namna han fortel om var folk eg hadde kjennskap til, då det truleg hadde gitt historiene meir brodd. Men det er morosamt når diktaren Alf Larsen er skaka etter å ha vore på pissoar saman med forbrytaren (og forfattaren) Arthur Omre, eller når kristne deltakarar på eit Obstfelder-seminar blir paniske av hans skildringar av helvete. Eg liker også korleis samnorsk-debatten har set sine spor hos Aarnes.
Rudi finished reading Mesterboken by Jean Tauler
Denne boka skryt av å ha vore ein viktig inspirasjon for både Luther og Hauge, og sjølve omsetjinga er gjort av Hans Nilesen Hauge. At han i tillegg ikkje var så stor, gjorde at mi interesse var vekka. Dette er ei historie om ein "mester" som blir belært av ein lekmann i korleis å vere ein god kristen, og dette premisset er sjølvsagt interessant i ei tekst frå 1300-talet. Men historia er ikkje så interessant, og om ein ikkje er påskrudd frekvensen i slike teologiske skrifter, er det vanskeleg å sjå korleis dei er inspirerande. Eit høgdepunkt er kanskje at lekmannen formulerer sine levesetninger alfabetisk, med ca. ein regel per bokstav i alfabetet. Tru korleis dei har handsama dette i omsetjinga frå tysk.
Det er uklart for meg om stykket (frå 1836) framstår så modernistsisk for meg fordi det er på norsk ved Jon Fosse og basert på uferdige fragmenter - eller om det også då var så moderne i forma då det blei skrive. Innhaldet er utan tvil moderne, med psykologiseringa av ein mordar (m.m.!). Dette teaterstykket er bitte lite, så eg kan godt tilrå å lese det om du snublar over det.
Rudi finished reading Sporanes by Åsta Østmoe Kostveit
Eg har lenge vore nysgjerrig på bergkunst, og plukka opp denne lille boka brukt. Hadde ikkje kjenskap til Sporanes-feltet, men boka viser fine bilete av funna der og gjer ein god jobb med å forklare kva ein veit om dei og kvifor ein trur det. I oppveksta var det fleire helleristingar berre eit steinkast frå skulen, og det er ein fin mystikk i det. Eg har tenkt at ein stor kunstbok med norske motiv (og omtaler) hadde vore flott, men enn så lenge var dette ein god smakebit.
Rudi finished reading Bilen med det store hjertet. by Åsmund Forfang
Ei science fiction novellesamling skriven av ein 19 år gammal Åsmund Forfang, men alderen kjem ikkje tydeleg fram. Eg vil tru boka er inspirert av Bradbury si samling "The illustrated man", med ei interessant rammeforteljing som eigentleg ikkje er så vesentelg for for dei ulike novellene.
Når eg les norsk science fiction, er eg eigentleg ute etter noko som forankrar dei som norske, sjølv om det ikkje er heilt rettferdig. I denne samlinga er det ikkje mykje av det, men ein kan kjenne att naturen i fleire av dei (og nokre referanser til folketru). I "Tømmerhuggere" ser ein også den samtidige miljøkampen spele ei rolle, og i likskap med "En godværsdag i juli" så er barne/ungdomsperspektivet eit poeng i seg sjølv. Dette likte eg godt. Elles er novellene stort sett interessante, sjølv om eg ikkje veit kor lenge eg kjem til å hugse noko frå dei.
Rudi finished reading I døde språks selskap by Ola Wikander
Denne boka gir ei fin innføring i fleire "daude" språk. Det er ikkje ei grundig gjennomgang av syntaks og morfologi, men heller informasjon om språket, korleis me veit kva me veit om det, kva slags tekster som framleis finst og kva utfordringar som språket byr på. Og for alle språka er det eit representativ utdrag i original og omsetjing. Wikander si stemme gjer det til noko meir enn ei serie leksikonartiklar, sjølv om boka på eit vis gjer same nytte. Dette er nok eit godt første møte med mange av desse språka.
Rudi finished reading Tårnene i Maury-skoven - Samlet bind 1 by Hermann
Det tok flaut lang tid før eg forstod at Hermann ikkje var namnet på sjølve serien, så eg lurte på kven av karakterane som kom til å bli avslørt som hovudpersonen. Men om ein ser vekk frå at Hermann er forfatteren, så liker eg godt at det i desse tre første historiene ikkje er tydeleg kven som er hovudpersonen (på same måte som det er seinare i serien).
Teikningane er flotte, men av og til blei nokre av andleta for like. Særleg for menna (men dei fleste er jo menn). Historiene er spanande, og eg liker at ein gradvis blir trygge på kva som foregår. Ein blir på ein måte kasta inn i ei ny handling, og må navigere oss gjennom han mens han foregår.
Rudi finished reading Krüger & Krogh åpner arkivet by Bjarte Agdestein (Krüger og Krogh)
Mitt første møte med denne serien var gjennom nokre store plakatar i Oslo sentrum. Desse er samla i denne boka, saman med ein del anna "ekstramateriale" og nokre intervjuar. Som nyfrelst fan av serien, er dette kjekt stoff. Men heilt ærleg så kunne det meste her vore fordelt mellom albumma som er alt er ute, det er litt tidleg å komme med ei slik bok, om dei ikkje tenkjer å kome med med ein serie av desse også.














