Rudi finished reading Odyssevskvædet by Homer
Odyssevskvædet er baade godt bygt og rikt; paa den eine sida hev me Telémakos og …
Då det var ca. 24 veker fram til premieren av Nolan sin film, tok eg i gang med lesinga. Planen var ein song i veka. Boka var bestilt frå antikvariat, men då ho var litt sein, byrja eg med utskrifter. Men boka kom aldri, og eg gjekk lei av utskriftene. Etter litt fram og tilbake med antikvariatet, måtte eg kjøpe boka frå ein annan stad. Og då var tida gått frå meg, og dette er ikkje eit verk som inviterer til nilesing. (Men det gjekk innan premieren, altså.)
Og fy søder for eit verk, eg forstår godt at dei arbeida med å ta var på det i så mange år, og at dei nedskrivne variantane har blitt kopiert vidare. Ei historie fortalt ukronologisk, tvetydige karakterer, actionsekvensar, humor (sarkasme!) og mykje meir. Og det ser ut som om det også var eit poeng å bruke diktekunsten til å ta vare på levemåte og kultur. (Og historie og geografi.)
Men eg må innrømme at eg sleit litt med å halde fokuset i nokon av gudeforteljingane og falske forhistoriene til Odyssevs. Og Garborg sin versjon er definitivt interessant, men det var ein del setningar og formuleringar som bar preg av eit påtvinga versemål. Eg vil ikkje tilrå denne varianten om ikkje nettopp Garborg og landsmål er store trekkplaster for din del.
