Rudi finished reading Kvinnestemmer i Kinas eldste poesi
Dette er ei samling av tidlege, kinesiske dikt som omsetjaren har tolka som kvinnestemmer. Og kriteriet er tydeleg (og godt): "Mitt viktigste utvalgskriterium har vært å la tvilen komme kvinnene til gode.". Det var berre eit dikt i heile samlinga der eg ikkje heilt kunne sjå kvifor han antok det var skrive av ei kvinne, med dei andre er det lett å forstå at ein kan lese dei som frå eit kvinneperspektiv (og nokon av dei nesten umogeleg å lese som noko anna).
Sjølve dikta er ikkje alltid så interessante, og eg vil tru at mykje går tapt om omsetjinga. Men det er fleire fine bilete og fraser som er brukt. "Brødrene mine lot være å vite", "hanen galer ustanselig", osv. Omsetjaren har også gode forklaringar på kva som ligg i fleire av symbola.
Eit høgdepunkt er dei forklarande tekstene som gjer eit (lite) innblikk i kinesisk lyrikkhistorie, eit anna er korleis ulike utgåver av teiknet for "kvinne" fungerer som illustrasjonar undervegs. Som siste dikt i boka, kjem plutseleg "Mulan", som viser seg å opprinneleg vere ein ballade. Her er siste strofe, attdikta til norsk av Harald Bøckman: "Harefar kjennes på hoppende fot / haremor synes litt vag / Men hvem kna vel vite hvem som er hvem / når de begge hopper i lag."
