User Profile

Rudi

Rudi@books.babb.no

Joined 5 days, 17 hours ago

Lærar i norsk og historie. Datanerd. (Foto: Erik Skybak) (Reviews in Norwegian)

This link opens in a pop-up window

Rudi's books

2026 Reading Goal

45% complete! Rudi has read 16 of 35 books.

Eugène Ionesco: Morder uden betaling (Paperback, Dansk language, 1964, Arena) No rating

"Morder uden betaling", oversættelse ved Anne-Katrine Gudme. Har information om rollebesætning fra TV-teatrets opførelse, oktober …

Eg har kost meg med å lese eit skodespel av Ionesco før, men dette ville eg heller ha sett framført. Det er likevel eit interessant stykke - det er absurd, men det har ei historie ein kan følgje, og i handlinga er det satire over populisme, ein diskusjon/monolog om ondskap og nokre snedige replikkvekslingar. Det er til og med ein som har ein telefon i lomma, og insisterer på at han kan halde på med den samtidig som han er i samtale med nokon andre. Det er kanskje ikkje så absurd i 2025.

George R. R. Martin: A Knight of the Seven Kingdoms (2014) No rating

For litt over ti år sidan las eg ut boka mi på ein lang togtur, og måtte ty til telefonen for lesestoff. Eg fant fram til The Hedge Knight, ei kort historie frå Game of Thrones-universet. Eg las heile utan pause, og tenkte at eg måtte lese dei to andre ei gong. Og det blei no. Deese tre, små historiene er ein fin måte å kaste seg inn i Westeros utan å måtte setje seg inn i slektsledd og kartgrenser - sjølv om det er høve for det også om ein vil. Eg liker dynamikken mellom dei to karakterene, sjølv om han er klisjéprega. Og dei har alle uventa vendingar undervegs.

John Lennon: In his own write (2000, Simon & Schuster) No rating

In His Own Write is a 1964 nonsense book by English musician John Lennon. His …

Eg er ikkje noko ekspert på Beatles, men fæi Disney+-dokumentaren kom det tydeleg fram at Lennon er morosam. I denne boka skriv han korte tekster (prosa, dikt og drama) med absurd innhald og eit leikent språk. Og det er vel særleg språket som er gøy, der han veksler mellom ekte ord, feilstava ord og ord som liknar. Eg veit ikkje om eg er villig til å genierklære han for innhaldet, men det er gøy å lese.

finished reading Opmærksomhed by Emma Louise Louth (Tænkepauser, #92)

Emma Louise Louth: Opmærksomhed (Paperback, dansk language, Aarshus Universitetsforlag) No rating

Vi har konstant brug for vores opmærksomhed. Til at opbygge viden, planlægge og interagere med …

Eg har høyrt mykje bra om denne serien ("Tænkepauser"), og snubla over denne utgåva i ei gratishylle. Boka går gjennom kva ein i vitskapen trur om merksemd - kor er han i hjernen og kva styrer han? Og kva typer finst det? Det er omtrent som ein lang, litt personleg leksikonartikkel. Den personlege vinklinga er vel det som gjer dette til noko meir enn kva ein lett kan finne på nett. T.d. har forfattaren eit døme på korleis påstanden om at ein berre kan følgje med i 15-20 minutt passar dårleg med korleis ho kan sitte i fleire timar og sjå på Vikings.

Temaet er kanskje ikkje det eg er meist interessert i, men likevel var det ei fornøyeleg lesing.

Ray Bradbury: The Illustrated Man (Paperback, 1978, Bantam Books)

The Illustrated Man is a 1951 collection of eighteen science fiction short stories by American …

Ei novellesamling med science fiction frå 50-talet, men dei held seg fint. Måten "framtida" er skildra på er såpass vag at det ikkje forstyrrer for det han prøver å utforske, og han treffer ofte skremmande godt i kva retning ting har gått. Elton Johns Rocket man er inspirert av ei av desse, som seier litt om kva slags tema dei tek opp. Særleg The Last Night of the World kjem nok til å henge att i meg.

finished reading Przewalskis hest by Maja Lunde (Klimakvartetten, #3)

Maja Lunde: Przewalskis hest (Paperback, Norwegian bokmål language, Aschehoug) No rating

Maja Lunde har erobret verden med sine storslåtte romaner om mennesker og naturen, om foreldre …

Eg liker godt denne serien, Lunde fortener suksessen ho har fått med han. Eg hadde ikkje trudd at ein hesterase skulle fungere like godt som bier og vatn (dei to førre bøkene), men jamen klarer ho å flette saman tre ulike historier og få dei til å spegle kvarandre undervegs sjølv om dei ikkje overlappar. Eg var redd for at ho skulle prøve seg på ein twist til slutt, men det var inga billig løysing. Og sjølv om klima(krisa) er ein del av motivet, er dette mest av alt ei bok om familie.

Erling Sandmo: Uhyrlig - sjømonstre i kart og litteratur 1491-1895 (Hardcover, Norsk bokmål language, 2017, Nasjonalbiblioteket) No rating

En gang var sjømonstrene en naturlig del av kart og naturhistoriske beretninger. Folk som dro …

Ei fin utgjeving! Til å vere ei bok om illustrasjonar er ho ganske lita, men sidan illustrasjonane gjerne var små detaljar i kart (o.l.) kjem dei godt fram. Boka tek føre seg eit utval "sjømonster", og Sandmo reflekterer rundt kva rolle dei spelte og ser dei i samanheng med tida dei var i. Boka er ikkje akademisk i stil, men er tydeleg eit produkt av akademisk (for)arbeid. Ho er lett å lese, noko mellom eit essay og ein "liste"-sak på Internett. Men det fungerer godt. Mitt einaste eigentlege ankepunkt er at ho ikkje er større, då det undervegs i teksta er ein heil del referansar til andre andre illustrasjonar.

Amalie Skram: Agnete: drama i tre akter (Danish language, 1893, I.H. Schubothe) No rating

Denne blei lest i skodespel-leseringen på jobb. Skram ga berre ut to skodespel i eiga levetid, dette og eit lystspel. I Agnete ser ho på ekteskap frå litt ulike synsvinkel, men med utgangspunkt i ein krets norske bohemar i København. Nokon er skilde, nokon er trulova, nokon er gifte. Sjølv om særleg andre akt ser ut til å vere tenkt som eit tidvis inderleg portrett av Agnete og hennar vanskelege situasjon, så er det mest av alt eit morosamt stykke med fleire gode replikkar. Av og til er det uklart om det er meint som humor eller ikkje, men eg vel å tru det. T.d. blir det å flytte til ein familie i Nordfjord omtalt som å vere begravd levande, og ein onkel frå distriktet henter med seg si niesa som skal bu hos han og sjå på at han er einsam. Eg ser at det er ein fjernsynsteater-variant av …

Bob Woodward, Carl Bernstein: All the President's Men (Paperback, Warner Paperback Library) No rating

All the President's Men is a 1974 non-fiction book by Carl Bernstein and Bob Woodward, …

Eg er svak for journalistikk-historiar, og særleg om gravearbeid. Filmen er knallgod, så eg venta at boka også skulle vere spanande. Og jo, sjølv om utfallet er kjent så er det kjekt å vere med på reisa. Men det er etter kvart ein del namn og detaljar som gjekk litt i ball for meg, sjølv om det ikkje var viktig for å få med heilheita. Og eg skulle ønskje dei brukte meir plass for diskusjonane internt i avisa. Eg håper at eg snublar over oppfølgjaren etter kvart, denne boka sluttar før Nixon må gå av.

Aina Basso: Eg rissa desse runene (Hardcover, norsk language, 2023, Det Norske Samlaget)

Historiske noveller basert på runeinnskrifter

Fiskaren Ragnar dreg opp eit garn som aldri blir …

Ei novellesamling som (stort sett) tek utgangspunkt i runepinnar som er funne på Bryggen i Bergen. Desse trepinnane er interessante, då dei gjer eit innblikk i dagleglivet på Bryggen. Men dei er alle utan noko samanheng, så ein kan berre gjette seg til kva som kan ha vore grunnen til at nokon skreiv t.d. "Gyda seier at du skal gå heim" på ein pinne. Og det er Basso sitt prosjekt her, der ho bruker pinnane til å undersøke liva til folk som ein kanskje elles ikkje møter på i historieverk. Novellene er alle ganske korte, og dei flyt litt inn i kvarandre, der karakterar frå ei novelle kan dukke opp i ein annan. Eg kan ikkje unngå å lese ho litt i lærarmodus - kan eg nytte noko av dette i klasserommet? Og svaret er definitivt ja. Men det betyr jo at det er noko å hente i novellene for …

finished reading Pepar & Gulrot by David Revoy (Pepar & Gulrot, #1)

David Revoy: Pepar & Gulrot (Hardcover, Nynorsk language, 2023, Outland forlag) No rating

Ei fin bok for unge lesarar. Eg liker godt formatet, med korte historier der lite (faktisk) står på spel. Men mest av alt liker eg prosjektet, der teikneseriane er laga med open og fri programvare, og gjeve ut fritt. Outland forlag har gjort seg flid med å samle dei i ei fin utgjeving, men bakgrunnen for sjølve prosjektet skulle eg gjerne ha sett at kom tydelegare fram enn det gjer. Eg vil nok gje denne i gåve til unge familiemedlem og borna til vener.

Vladimir Sorokin, Hege Susanne Bergan: Køen (Norsk bokmål language, 2009, Flamme forlag) No rating

Norsk oversettelse av Sorokins post-moderne roman, der alt er bygget opp av replikker.

Her blei eg fenga av coveret på Fretex, det er ei fin utgjeving. Boka er ein post-moderne roman der ein får høyre kva som blir sagt i ein kø i Sovjet. Det er uklart kva dei står i kø for, men nokre detaljar kjem fram etterkvart. Det er hundrevis som står i køen, så ein får berre høyre fra ein liten del av han. Og det kjem ikkje fram kven som seier kva. Eg likte boka godt, det gjer eit inntrykk av ein sosial arena som ikkje finst meir, samtidig som det er eit snodig litterært eksperiment.

finished reading Tristan og Isolde by Joseph Bédier (Thorleif Dahls kulturbibliotek)

Joseph Bédier, Joseph Bédier, Lorentz Eckhoff: Tristan og Isolde (Norsk bokmål language, 1997, Aschehoug) No rating

En rekonstruksjon av Tristan og Isolde på fransk prosa oversatt til norsk av Lorentz Eckhoff

Dette er ein rekonstruert utgåve av Tristan og Isolde som tek føre seg innhald frå mange ulike variantar. Ulempa med å lese denne, er at det jo er ei utgåve som aldri faktisk fantes i mellomalderen. Men fordelen er at ein får eit inntrykk av kva ein finn i dei ulike variantane. Og det er ei historie der det skjer mykje rart, så boka blei eigentleg aldri kjedeleg. Særleg likte eg dei hundre spedalske som dukka opp.

finished reading Solskyer. by Kristian Elster (U-bøkene)

Kristian Elster d.e. har dukka opp som namn i litteraturhistoria nokre gonger, men alltid som ein av dei berre var store i si tid. Denne boka ramla plutseleg i fanget på meg, så og sidan ho var ganske kort, kasta eg meg over ho. Det er ein tidvis ganske enkel fortelling om ulukkeleg forelsking, men nokre av karakterportretta er ganske fine. T.d. ein eldre, einsam mann som romanen sakte opnar opp for oss.

Men eg blei også distrahert av eit sidespor, romanen har nokre ganske rare skildringar av blikk, og særleg eit av dei er heilt absurd: "et overrasket, forunderligt nøgternt-forstandigt, skarpt-inkvirerende, misfornøjet-afværgende Blik". Inspirert av det, leita eg opp dei fleste blikka skildra i hans forfattarskap og laga ein slags generator: puha.no/2025/03/17/liste-kristian-elster-d-e-sine-blikk/

Douglas Coupland: JPod

JPod is a novel by Douglas Coupland published by Random House of Canada in 2006. …

Ei tullete bok frå 2006 som tek samtida på kornet, eller i alle fall delar av ho. Boka følgjer ein kar som jobbar med speldesign, og høgdepunktene i boka vil eg seie er samspelet mellom han og dei andre han jobbar med. Særleg dei ulike utfordringane dei gjer kvarandre - truleg mest for å unngå å måtte jobbe. Samtidig går boka av og til litt langt, og nokre trekk (som eit halvhjerta forsøk på sjølvironi) synst eg ikkje fungerte så godt. Men det var kjekt å sjå tilbake på ei internett-nerde-tid som eg kjenner meg att i.