Rudi finished reading Jeg velger sannheten by Peter Wessel Zapffe
Historia bak denne utgjevinga gjorde meg interessert. Kort sagt gjorde boka så mykje inntrykk på førsteamanuensis Thorvaldsen ved HVL at han fekk trykka opp eit nytt opplag 40 år etter det første, og gjer dei ut gratis til kven som vil ha. Les om det her: www.khrono.no/gir-bort-1000-boker-om-ukjent-norsk-filosof/1012643
Boka er ei lita lefse, og ho kjem med ei nyttig oversikt over namn og omgrep til slutt, i tillegg til eit nytt og interessant etterord av Inga Bostad. Å kalle det ein dialog er å ta litt hardt i, då det langt på veg er Hermann Tønnessen som får prate ut. Og det gjer han. Resonnementet handlar om at me, menneske, ikkje kan forstå at me skal døy fordi me er laga slik (både arv og miljø). (Trur eg.) Han bruker morosame referanser, historier, lister og rare bilete for å få fram poenga sine. Han kjem stadig med nye sider av kva det vil seie å vere eit menneske, og av og til soper han ihop det heile til ein definisjon, som då han skriv at me er: "ikke-degenererende, fullstendig meme-dirigerte, autonome, gene-uavhengige "bevisste" overlevelsesmaskiner". Av og til ramla eg av lasset, og sjølv når eg hang med så følte eg at eg var ein liten distanse bak feltet. Men det var spanande å kaste meg ut i ein type litteratur eg elles ikkje er vant med å lese. Og boka er full av tankar/ideer/deler som eg er frista å snakke med folk rundt meg om.
