Er i ein fase der eg prøver å bruke mindre tid på internett og meir tid på bøker. Testar ut eit sosialt bokmedium for første gong for å sjå om det funkar for meg.
Les alltid fleire bøker parallelt. Les bøker omatt.
"On his deathbed in 1601, the Danish nobleman and greatest naked-eye astronomer, Tycho Brahe, begged …
Las denne for nokre år sidan og les på nytt no. Eg tilhøyrer dei som likar bøker som får fram personlege drama i vitskapshistoria, og å lese om Kepler sitt strev med å få meining ut av Tycho Brahe sine Mars-observasjonar er eskapisme av beste sort. Bileta og plansjane kjem dessverre ikkje til sin rett i ebokversjonen min, så no vart eg minna om at eg må skaffe meg ein papirversjon.
@ejnro Eg har alltid med flid unngått sjøvbiografiske romanar, men no heilt i det siste har eg merka ein ny nysgjerrigheit på dei. Vanlegvis har eg unngått dei fordi eg ikkje er ineressert i livet til forfattarar, eg er interessert i kva som blir resultatet når dei skriv fiksjon, kva type historiar dei skriv og kva val dei tek om teksten. Men no har eg såvidt byrja snuse litt på dei sjølvbiografiske romanane, for å sjå kva folk vel å leggje vekt på og på kva nivå. (Men eg er enno ikkje der at eg vurderer å lese Knausgård.)
Eneste er en roman om kjærlighet – den første, store kjærligheten i livet til en …
Ville denne boka ha vore interessant om ho ikkje hadde handla om ekte, "kjende" personar? Vanskeleg å førestille seg korleis ho hadde fungert som fiksjon. Boka gjev eit godt inntrykk av asymmetrien i eit forhold med stor alderforskjell, sett frå den yngre parten sin ståstad. Skildringa av korleis Silje opplever skilsmissen til foreldra er også interessant. Samstundes er det mykje å irritere seg over, både språket som openbert er meint å vere "litterært", og korleis Silje konsekvent stiller høgare krav og forventingar til andre enn ho gjer til seg sjølv. Det gjer vi jo alle, og det er vel nettopp difor det blir irriterande når ein får det så tydeleg framstilt som her. Eg kunne ha ønskt meg litt analytisk distanse til hendingane, det er det ikkje spor av her. Eg tykte det begrensa utbytet litt. Men prosjektet har tydeleg vore å skrive nært og ærleg.

@ejnro Ja, sikkert! Eg er halvveges i boka no og må innrømme at eg kjenner på ein vag irritasjon. Så kanskje eg blir nøydd til å lese Espedal av same grunn.
Eneste er en roman om kjærlighet – den første, store kjærligheten i livet til en …
Eg held fram med å utforske kjærleiksforhold med stor aldersskilnad. Har ikkje prøvd å lese Tomas Espedal fordi eg mistenkjer at han ville irritere meg, så eg les Silje sin versjon i staden.
Sommeren 1948 bor Trond og faren hans på ei seter ved ei elv nær grensa …
Eg trur ikkje denne leseopplevinga var så veldig annleis enn første gong eg las denne boka. Også denne gongen sit eg att med om lag like delar glede (over språket og skildringane og framdrifta) og frustrasjon (over alt eg ikkje får vite). Eg trur noko av problemet er at eg er ein veldig bokstavleg lesar, og slit med å lese på eit symbolsk plan. Eg forstår at denne boka er full av symbolikk, men er ikkje i stand til å tolke symbolikken. Så når eg til dømes ikkje får vite noko om korleis livet til eg-personen er blitt påverka av at faren blei borte, er det ekstremt frustrerande. Eg blir også frustrert over kor lite eg får vite om faren sine vurderingar og motivasjonar, men det kan eg leve med sidan han jo berre blir sett gjennom sonen sine auge. Denne gongen klarte eg i det minste å sjå parallellen …
Eg trur ikkje denne leseopplevinga var så veldig annleis enn første gong eg las denne boka. Også denne gongen sit eg att med om lag like delar glede (over språket og skildringane og framdrifta) og frustrasjon (over alt eg ikkje får vite). Eg trur noko av problemet er at eg er ein veldig bokstavleg lesar, og slit med å lese på eit symbolsk plan. Eg forstår at denne boka er full av symbolikk, men er ikkje i stand til å tolke symbolikken. Så når eg til dømes ikkje får vite noko om korleis livet til eg-personen er blitt påverka av at faren blei borte, er det ekstremt frustrerande. Eg blir også frustrert over kor lite eg får vite om faren sine vurderingar og motivasjonar, men det kan eg leve med sidan han jo berre blir sett gjennom sonen sine auge. Denne gongen klarte eg i det minste å sjå parallellen mellom farens forsvinningsnummer og forholdet hovudpersonen har til sine eigne born, og det trur eg at eg gjekk glipp av ved første gongs lesing.
Det eg elles la mest merke til denne gongen, og som gjekk fullstending under radaren første gong eg las denne bka, er kor mykje ho handlar om kroppskjensle, både kjensla av å kunne stole på kroppen sin, og kjensla av å ikkje kunne gjere det. Veldig mykje plass går med til å skildre korleis det kjennest å ha ein kropp som fungerer eller ikkje fungerer, og korleis endra kroppskjensle er ein vesentleg del av aldring.
@ejnro Dette er einaste boka eg har lese av Petterson, men eg har alltid tenkt at eg vil lese fleire. Kanskje denne gjenvisitten kan bli starten på noko slikt.
Sommeren 1948 bor Trond og faren hans på ei seter ved ei elv nær grensa …
Las denne nokså nyleg etter at ho kom ut og likte henne, men sat att med mange spørsmål etterpå. No vil eg sjå om eg oppdagar noko eg ikkje såg første gongen.
En lidenskapelig kjærlighetshistorie mellom en gift mann og en elskerinne, men også en roman som …
Denne likte eg, men eg veit ikkje om det er fordi boka er god, eller om det berre er fordi eg kjenner meg att i kvar einaste setning, også dei som ikkje skildrar ting eg sjølv har opplevd. Eg er ikkje sikker på om høg attkjenningsfaktor er eit teikn på kvalitet, men jammen smakar det godt av og til. Det tyder at det finst andre hjernar som min der ute, og det er alltid ei god oppdaging.
La rencontre entre un auteur majeur de la bande dessinée et un éminent spécialiste des …
Boka er spekka med tal og statistikk, men gjer ein fabelaktig jobb med å visualisere dei slik at storleikane og endringane over tid blir moglege for hjernen å begripe. Likar spesielt korleis boka får fram at all "effektivisering" eigentleg berre er outsourcing til (fossile) energisystem, og korleis ulike aktivitetar og "effektiviseringa" av dei låser oss fast i stadig høgare (fossilt) energiforbruk. Ikkje like sterk på løysingar, tek knapt opp økonomien i systemet, og nemner ikkje maktforhold eller korleis material- og energiforbruk heng saman med kolonialisme/imperialisme i det heile, men det er heller ikkje oppgåva. Tala i seg sjølv etablerer eit godt grunnlag for politisk diskusjon. Høyrer boka er ein bestselja i Frankrike, burde sjølvsagt kome på norsk!