Reviews and Comments

Andreas H.O.

tanketom@books.babb.no

Joined 2 years, 9 months ago

Netthode, røynd geriljaarkivar, nyfiken, spelglad, småbarnspappa, har eit rekreasjonelt forhold til rekneark, sykler på ein el-omafiets, gjer Kessel Run på under 12 ps. Tidlegare radiofjes. #dftba #grønn

Tove Jansson: Sommarboken (Swedish language, 1972, Bonnier) No rating

Byrja av ein eller anna grunn å lese denne høgt for femåringen som nattabok, kanskje mest for å teste noko som ikkje er openbart laga for barn. Ho er fascinert av Sophia og farmora, men synest det er litt keisamt at det ikkje er så mange bilete.

“Lat som om pappa er ei lydbok,” seier eg. “Du har ikkje bilder i lydboka heller”. “Åja, det er sant,” seier ho.

Fint for meg også, som ikkje har lese boka før.

Matt Dinniman: The Dungeon Anarchist's Cookbook: Dungeon Crawler Carl Book 3 (Paperback, 2021, Independently published)

Welcome to the Gun Show!

The top ten list is populated. The sponsorship program …

Siste halvdel av boka inn før spenningsklimakset her var første gong eg kjende på at pagene ikkje turna seg så lett som før, som også gjenspeglar seg i at det tok meir tid å lese denne enn dei andre – men heldigvis hadde eg ein telefon med dårleg batteri og eit par jobbreiser på transportmiddel utan USB-ladar denne veka, så difor vart e-boklesaren igjen min ven.

Men eg har jo byrja å lese den fjerde boka no, så…

Matt Dinniman: Dungeon Crawler Carl (Hardcover, 2024, Penguin Publishing Group)

The apocalypse will be televised! Welcome to the first book in the wildly popular and …

Kva om dataspel var bok!?

Romvesen tek over jorda og laga Hunger Games som sadistisk medieøkologi med tungt D&D-aktige reglar, og ein kis og katta til eksen hans (som no kan snakke!) må spele spelet.

Ready Player One, men med faktisk sjarm og luddig nok verden og eigenverdi. Mykje spelsnacks for den parodilystne og ein og anna sexvits innimellom. Når den er pageturnete er den pageturnete, men det er nok ikkje mange som likar eksposisjon om reglar betre enn forfattar Dinniman. Kjem du deg gjennom dei første par regelforklaringane er du nok safe.

Sjølv om eg ikkje var overvettes begeistra kjøpte likevel oppfølgjaren ganske sporenstreks, men det er jo også fordi denne boka eigentleg ikkje har ein slutt (det er den første i ein serie på ti bøker, åtte er publisert).

Lydboka er visstnok veldig god!

John Darnielle, John Keogh: This Year : 365 Songs Annotated (2025, Farrar, Straus & Giroux) No rating

Mest for dei som allereie er fans

No rating

Sikkert eigentleg ikkje interessant for anna enn fansen? Kanskje?

Eg har høyrd mykje på John Darnielle og hans The Mountain Goats, spesielt sidan pandemien, då podcasten "I Only Listen to The Mountain Goats" blei ei fast rutine på gåturane mine. Det er eit fantastisk band, som spenner vidt over både tiår og sjangrar – først 90-talsversjonen med Darnielle sjølv som skråler med ein kassegitar inn i ein kassettspelar, til bluesjazzdadrockbandet dei (stort sett) er i dag.

Med denne boka visar Darnielle først og fremst at han er ein gjennomtenkt poet, 366 songtekstar (langt frå alle i bandets historie!) annotert med små og store tekstar om tida han skreiv songen, eit fiktivt univers der The Mountain Goats berre laga songar om Ozzy Osbourne, det tekniske bak skrivinga, skilnaden på poesi og songtekst, eller inspirasjonen bak dei rikhaldige songane – anten det er antikke myter, hans eigne mangslungne religion, eit …

Agnes Ravatn: Doggerland (Hardcover, Nynorsk language, 2025, Samlaget)

Intenst kammerspel-om ein familie og eit forlag på randa av kollaps.

I den mektige …

Mennesket - den beste språkmodellen

Eg elskar Agnes Ravatn. Kvar gong eg trur eg har taket på ho, så snor ho seg or grepet, og gjer noko uventa. Det er 2025, vi bur her no, og om det er éin person eg vil skal skrive ein roman som handlar om generasjonsskifte i forlagsbransjen, men kanskje eigentleg handlar om vår sterkt menneskelege svolt på å lage og innta historier, så er det ho.