Intenst kammerspel-om ein familie og eit forlag på randa av kollaps.
I den mektige Høst-familien har forlagsverksemd vore livsgrunnlaget i generasjonar. No er det tid for eit skifte: Matriark og forleggar Myrna Høst nærmar seg pensjonsalder, og dei to barna hennar - den litterært gåverike Filip og den økonomisk orienterte Henny - posisjonerer seg begge for å ta over.
Men når Myrna kallar inn familien til strategisamling på ei isolert øy i havgapet, er det ikkje berre framtida til forlaget som skal avgjerast. I utkanten av maktkampen står Edda. Ho er redaktør og gift med Filip - og meir innvoven i familieløyndomane enn nokon anar. Når det dukkar opp eit manuskript som trugar med å avsløre alt, er det duka for eit klaustrofobisk oppgjer mellom generasjonar, mellom litterære ideal og kommersiell overleving, og mellom løgn og sanning.- Korleis kan Edda bevare løyndomen sin når både forlaget og hennar …
Intenst kammerspel-om ein familie og eit forlag på randa av kollaps.
I den mektige Høst-familien har forlagsverksemd vore livsgrunnlaget i generasjonar. No er det tid for eit skifte: Matriark og forleggar Myrna Høst nærmar seg pensjonsalder, og dei to barna hennar - den litterært gåverike Filip og den økonomisk orienterte Henny - posisjonerer seg begge for å ta over.
Men når Myrna kallar inn familien til strategisamling på ei isolert øy i havgapet, er det ikkje berre framtida til forlaget som skal avgjerast. I utkanten av maktkampen står Edda. Ho er redaktør og gift med Filip - og meir innvoven i familieløyndomane enn nokon anar. Når det dukkar opp eit manuskript som trugar med å avsløre alt, er det duka for eit klaustrofobisk oppgjer mellom generasjonar, mellom litterære ideal og kommersiell overleving, og mellom løgn og sanning.- Korleis kan Edda bevare løyndomen sin når både forlaget og hennar eiga framtid står på spel?
I denne skarpe og intense romanen utforskar Ravatn korleis makt, arv og løgner spelar seg ut i ei tid der sjølve eksistensen av litteraturen er truga.
Doggerland-er eit intenst kammerspel -om ein familie og eit forlag på randa av kollaps.
Eg elskar Agnes Ravatn. Kvar gong eg trur eg har taket på ho, så snor ho seg or grepet, og gjer noko uventa. Det er 2025, vi bur her no, og om det er éin person eg vil skal skrive ein roman som handlar om generasjonsskifte i forlagsbransjen, men kanskje eigentleg handlar om vår sterkt menneskelege svolt på å lage og innta historier, så er det ho.