Mest for dei som allereie er fans
Sikkert eigentleg ikkje interessant for anna enn fansen? Kanskje?
Eg har høyrd mykje på John Darnielle og hans The Mountain Goats, spesielt sidan pandemien, då podcasten "I Only Listen to The Mountain Goats" blei ei fast rutine på gåturane mine. Det er eit fantastisk band, som spenner vidt over både tiår og sjangrar – først 90-talsversjonen med Darnielle sjølv som skråler med ein kassegitar inn i ein kassettspelar, til bluesjazzdadrockbandet dei (stort sett) er i dag.
Med denne boka visar Darnielle først og fremst at han er ein gjennomtenkt poet, 366 songtekstar (langt frå alle i bandets historie!) annotert med små og store tekstar om tida han skreiv songen, eit fiktivt univers der The Mountain Goats berre laga songar om Ozzy Osbourne, det tekniske bak skrivinga, skilnaden på poesi og songtekst, eller inspirasjonen bak dei rikhaldige songane – anten det er antikke myter, hans eigne mangslungne religion, eit ynskje om å skrive ein musikal om ei dame på ein Kawasaki-motorsykkel, eller berre ei kjensle han hadde ein dag.
Anbefalast!
Om du vil ha ei faktisk introduksjon til bandet har eg ei liste her: open.spotify.com/playlist/6tzNxA730G4ZrWHNaYZSrN?si=356fabce52a54501
