User Profile

Trond Sneås Skauge

trondss@books.babb.no

Joined 10 months, 3 weeks ago

This link opens in a pop-up window

Trond Sneås Skauge's books

Currently Reading

2025 Reading Goal

15% complete! Trond Sneås Skauge has read 6 of 40 books.

Lisbeth Dreyer: Vestlandshagen (Hardcover, norsk language, 2014, Skald) 4 stars

Vestlandet er ei skattekiste av hagar, frå dei små og idylliske til dei storlagne og …

Ei kjekk overrasking frå foreldra mine til bursdagen min. Flotte tekstar og mange fine hagar. Saknar likevel nokre openberre kandidatar, Tjorehagen t.d., samt litt fleire oversiktsbilete som viser heilskapen i hagane, men alt i alt ei flott praktbok frå Skald! (Denne fekk meg til å gå litt amok på januarsalet til Skald, så det kjem gjerne meir derfrå seinare)

Jan Grue: Det kinesiske rommet (Hardcover, norsk language, Gyldendal) 3 stars

  1. Skillet mellom kunstig intelligens og menneskelig bevissthet er for lengst utvisket på internett. Står den …

Noko skuffande. Såg ein del som hadde den som ein av årets bøker i fjor, og for meg var den verkeleg ikkje der. Gjennom heile boka tenkte eg at hovudpersonen eigentleg var Bjørn Beltø, noko som seier mykje om stilen boka er skriven i. Noko bra var det likevel, men heilskapen vart for ujamn og uttrekt...

Maia Kobabe: Genderqueer (Paperback, norsk language, 2023, Måltrost forlag) 5 stars

Maia Kobabes Genderqueer er en fabelaktig tegneseriebok som utforsker kjønn, identitet og hvordan man finner …

Sannsynligvis ikkje noko eg ville plukka opp på eigehand, men fekk denne til bursdagen av broderen. Det er ein interessant sjølvbiografi skrive i ein klår og passe detaljert stil. Teiknestilen kan minne om Scott McCloud sine bøker om å lage teikneseriar, noko som nok har stått på pensum for Kobabe. (Litt kjekt å lese om andre som har studert teikneseriar på college i USA. For meg holdt det med eitt emne, medan Kobabe faktisk har tatt master i emnet, noko som neppe let seg gjere her på berget). Litt synd at noko av det meir kontroversielle innan temaet blir hoppa bukka over. T.d vert hormonblokkarar berre nemnd i ei bisetning, og heile resonnementet om kvifor transmenn ikkje berre er internalisert kvinnehat vert spola fort forbi mellom to ruter. Elles er det som sagt ei fin historie som vert fortald, og om ein liker slice-of-life-sjangeren, kan ein gjerne plukke opp denne.

Håkon Bleken: I sannhet forfulgt av meg selv (Hardcover, norsk language, Communicatio Forlag) 4 stars

I sannhet forfulgt av meg selv er Håkon Blekens tredje samling aforismer og bilder, der …

Kona fann fram denne i høve dødsfallet til Bleken i dag. I følgje Goodreads las eg boka i 2021 óg, utan at eg kunne hugse det. Likevel er det ei solid samling aforismer det her er snakk om. Eg trur faktisk eg må utforske sjangeren litt meir, så no vert det mellom anna Blekenjakt på bruktmarknaden, for å få fatt på dei to første aforismesamlingane hass.

Jan Grue: Det kinesiske rommet (Hardcover, norsk language, Gyldendal) 3 stars

  1. Skillet mellom kunstig intelligens og menneskelig bevissthet er for lengst utvisket på internett. Står den …

Han forstår dem ikke. Han vet at det er et gap mellom dem. Generasjon korona, generasjon alltid online, generasjon psykisk helse. Men at de var generasjon barnedrap, det var ... uventet. Ikke veldig woke. Men ekstremt ubehagelig.

Det kinesiske rommet by 

Douglas Coupland: JPod (Paperback, 2007, Bloomsbury USA, Bloomsbury Publishing USA) 4 stars

JPod

4 stars

Eg har sett TV-serien jPod (2008), noko som nok farger synet mitt på boka ein heil del. Sjølv om serien følgjer hovudplottet i boka rimelig trufast, er det veldig mange plottråder i serien, ein aldri finn i boka. Dette er ikkje eit sakn, men det er mogleg eg kom meir inn i universetet i boka, enn ein som ikkje hadde denne bakgrunnen ville gjort. Eg fekk nemleg eit inntrykk av at skildringane av både miljø og karakterar ikkje ville vere nok til å gje den store indre detaljrikdommen, som eg hadde alleie frå side 1.

Nok om det. Boka var ein liten fest å lese. Eit av grepa Coupland gjer i denne boka, er at han fjerner så-og-seie alt av moral og moralisme. Alt er med andre ord greit, og karaktereane i boka løfter knapt eit augenbryn, sjølv om det er både innslag av mord og menneskehandel. I dette ligg …