Trond Sneås Skauge reviewed JPod: A Novel by Douglas Coupland
JPod
4 stars
Eg har sett TV-serien jPod (2008), noko som nok farger synet mitt på boka ein heil del. Sjølv om serien følgjer hovudplottet i boka rimelig trufast, er det veldig mange plottråder i serien, ein aldri finn i boka. Dette er ikkje eit sakn, men det er mogleg eg kom meir inn i universetet i boka, enn ein som ikkje hadde denne bakgrunnen ville gjort. Eg fekk nemleg eit inntrykk av at skildringane av både miljø og karakterar ikkje ville vere nok til å gje den store indre detaljrikdommen, som eg hadde alleie frå side 1.
Nok om det. Boka var ein liten fest å lese. Eit av grepa Coupland gjer i denne boka, er at han fjerner så-og-seie alt av moral og moralisme. Alt er med andre ord greit, og karaktereane i boka løfter knapt eit augenbryn, sjølv om det er både innslag av mord og menneskehandel. I dette ligg mykje av humoren, men òg dei meir alvorlege temaa ein evt. kan trekke ut av historia. Ein bør mao. ikkje ha for store problem med post-modernisme, korkje når det kjem til form eller innhald, når ein set seg ned med denne.
Noko av harselarsen, kan hende særleg den som råkar autismespekteret og det feminsitiske kollektivet John Doe kjem frå, kan i dag verke noko datert - og er noko som held meg frå å gje boka heilt full pott. Kam Fong står likevel att som ein ein av dei mest elskelege (menneskesmuglande) karakterane frå lesinga mi dei siste åra.