Back
Maia Kobabe: Genderqueer (Paperback, norsk language, 2023, Måltrost forlag) 5 stars

Maia Kobabes Genderqueer er en fabelaktig tegneseriebok som utforsker kjønn, identitet og hvordan man finner …

Sannsynligvis ikkje noko eg ville plukka opp på eigehand, men fekk denne til bursdagen av broderen. Det er ein interessant sjølvbiografi skrive i ein klår og passe detaljert stil. Teiknestilen kan minne om Scott McCloud sine bøker om å lage teikneseriar, noko som nok har stått på pensum for Kobabe. (Litt kjekt å lese om andre som har studert teikneseriar på college i USA. For meg holdt det med eitt emne, medan Kobabe faktisk har tatt master i emnet, noko som neppe let seg gjere her på berget). Litt synd at noko av det meir kontroversielle innan temaet blir hoppa bukka over. T.d vert hormonblokkarar berre nemnd i ei bisetning, og heile resonnementet om kvifor transmenn ikkje berre er internalisert kvinnehat vert spola fort forbi mellom to ruter. Elles er det som sagt ei fin historie som vert fortald, og om ein liker slice-of-life-sjangeren, kan ein gjerne plukke opp denne.