Back

Historisk roman fra 1600-tallet i Paris, full av dramatiske begivenheter og voldsomme scener, kjærlighet og …

Medrivande klassikar med mange sterke kjensler frå Paris 1482. Inntrykket eg sit att med er at eg ikkje skal prøve å gjere inntrykk på ein prest i sølibat. Kanskje må eg sjølv i sølibat etter å ha lese denne? Men er eg ikkje eigentleg i sølibat etter 13 år som singel? Må eg i tillegg ha eit oppofrande forhold til Gud for at det skal telle som sølibat? Spørsmåla vert fleire og fleire etterkvart som eg les. Ein pageturner. Har vi eit godt ord for det på norsk? Spørsmåla vil jo ingen ende ta!

Anne-Mari Dale les so godt, med lidenskapleg innleving, og uttalar dei franske namna på so overbevisande fransk at eg måtte byrja på franskkurs i Duolingo. Til min store irritasjon kan ho imidlertid ikkje engelsk og uttalar «Sir» som «siir» istaden for «søør».

Lest i løpet av eit døger, reiknar med å få mareritt inn i jula. ⭐️⭐️⭐️⭐️⭐️

@fivrelden Kan det vere at ho uttalar det franske ordet "sire" og ikkje det engelske "sir"? Eg har vel ikkje lese denne boka anna enn kanskje i ei slik forkorta barneutgåve som fanst på skulebiblioteka for lenge sidan, så eg veit ikkje kor mange engelske rollefigurar ho inneheld. Det er kanskje på tide å lese henne!