Back
Annie Ernaux: Den unge mannen (Hardcover, norsk language, 2022, Gyldendal) No rating

På slutten av 1990-tallet hadde Annie Ernaux et forhold til en tretti år yngre mann. …

Dette er første boka eg les av Ernaux, og det var ein stor feil å starte her. Eg plukka henne opp fordi eg var nysgjerrig på korleis ho skildrar dette forholdet med så stor alderforskjell. Men boka handlar ikkje eigentleg om det, ho handlar om minne og skriving, og ein skal nok vere godt kjend med Ernaux sitt forfattarskap for å finne noko interessant på desse få sidene. Så mi jakt på ei god bok om eit eldre kvinne/yngre mann-forhold held fram. Får sjå om eg gjev Ernaux ein ny sjanse seinare.

replied to Einar's status

@ejnro Godt å høyre! Eg har allereie skjønt at Ernaux er eitt av dei forfattarskapa der eg må lene meg på andre lesarar, skal eg kome i gang med det. Det eg har lese av bokmeldingar og forlagsomtalar, gjev meg ikkje særleg inspirasjon til å lese henne.

replied to Einar's status

@ejnro Eg har ein hemmeleg draum om å ein dag like ei bok av ein (nyare) nobelprisvinnar! Men eg håpar sjølvsagt å kome dit utan å vere nøydd til å lese alle bøkene deira. (Eg likte Coetzees Polakken, då. Eg prøver meg på dei tynne bøkene først, tydelegvis.)