Back

@TanteGulo@snabelen.no Ja, eg har jo ein tendens til å synast at den Austen-boka eg les til ei kvar tid, er favoritten. Det einaste eg kjenner meg nokså sikker på, er at Mansfield Park og Northanger Abbey ikkje er favorittar (men eg har lese begge berre éin gong, så kanskje eg må gje dei ein sjanse til). Uansett er omattlesingsfaktoren skyhøg!

@Kjerstin
Samme!
NA er for enkel til å vere den beste, sjølv om den har ein av mine favorittkarakterar: Isabella Thorpe. Eg har ein tendens til å like å lese om dei karakterane som er utspekulerte. MP har nokre veldig interessante karakterar, medan eg eigentleg mislikar Fanny Price. Ho er så frustrerande. Men Maria Bertram er gøy!

@Kjerstin ja, den versjonen var heilt krise. Dei endra òg heile poenget med forholdet mellom Anne og Fred (som eg har vorte vant til å kalle han etter diskusjonane på Discord).
Eg kjem òg til å sjå dei nye P&P og S&S. Håpar dei er bra. Om det blir for mykje pene folk, kostymer og smoldering passion samstundes som dei drit litt i historia det heile er basert på, så blir det eit nei frå meg. (Eg har framleis ingen planar om å sjå Wuthering Heights).