@Kjerstin
Samme!
NA er for enkel til å vere den beste, sjølv om den har ein av mine favorittkarakterar: Isabella Thorpe. Eg har ein tendens til å like å lese om dei karakterane som er utspekulerte. MP har nokre veldig interessante karakterar, medan eg eigentleg mislikar Fanny Price. Ho er så frustrerande. Men Maria Bertram er gøy!
@TanteGulo@snabelen.no No merkar eg kor lite eg hugsar frå Mansfield Park, så det er nok på tide å lese henne på nytt. Det einaste eg hugsar, var at eg vart frustrert over Fanny og nok avskreiv heile boka på grunn av henne.
@Kjerstin Ja, slik var mitt første møte med boka òg. Fanny er veldig frustrerande. Og så var opplevinga farga av at eg hadde sett filmen frå ca 1999 mange gongar, og dei har tatt seg ein god del friheiter.
@TanteGulo@snabelen.no Ja, er glad eg stort sett har lese bøkene før eg har sett filmane. Prøvde å sjå nyinnspelinga av Persuasion på Netflix, men der var jo Anne Elliott blitt ein heilt annan person, så eg gav opp på halvvegen. Men gler meg likevel til nyinnspelingane av P&P og S&S :-D
@Kjerstin ja, den versjonen var heilt krise. Dei endra òg heile poenget med forholdet mellom Anne og Fred (som eg har vorte vant til å kalle han etter diskusjonane på Discord).
Eg kjem òg til å sjå dei nye P&P og S&S. Håpar dei er bra. Om det blir for mykje pene folk, kostymer og smoldering passion samstundes som dei drit litt i historia det heile er basert på, så blir det eit nei frå meg. (Eg har framleis ingen planar om å sjå Wuthering Heights).
@TanteGulo@snabelen.no Eg tykkjer jo eigentleg det finst mange nok versjonar av alle saman til at vi greier oss heilt fint, men det er no likevel stas å sjå dei same personane med nye fjes.