Reviews and Comments

Rudi

Rudi@books.babb.no

Joined 5 days, 22 hours ago

Lærar i norsk og historie. Datanerd. (Foto: Erik Skybak) (Reviews in Norwegian)

This link opens in a pop-up window

finished reading Fvonk by Erlend Loe

Erlend Loe: Fvonk (Norwegian language, 2011, Cappelen Damm) No rating

Etter at Gang- og Mosjonsforbundet har blitt avviklet på grunn av medlemsjuks, har den middelaldrende …

Eg har likt Erlend Loe heilt sidan han fekk meg til å lese att på ungdomsskolen. Litt av premisset for bøkene hans er at me menneske eigentleg er ganske enkle, men så kjem eit lag at vaksenheit å skjuler det etter kvart. Om ein er med på dette premisset, noko ikkje alle er, så er bøkene meir enn berre tullete. Men det er ofte ganske mykje rein tull også. Det er fleire element i boka som minner om det som har dukka opp i andre bøker av Loe, men er let meg ikkje provosere av det.

No, tretten år seinare, er det ganske vilt å tenke på at denne boka kom kort tid etter Utøya. Boka gjer ikkje narr av Jens Stoltenberg, men han koser seg med karaktertrekka hans. Eg liker å tru at tanken er at Stoltenberg her er sjølve Noreg etter den vanskelege tida.( Men det gjer …

Brit Bildøen: Sju dagar i august (Nynorsk language, 2014, Samlaget) No rating

Ei bok om ei veke i eit ektepar sitt liv. Gjennom veka så blir ein kjent med korleis dei har havna der dei er no - blant anna at dei har mista ei på Utøya. Eg likte godt korleis boka klarar å flette inn ulike (og nyanserte) problemstillingar i liva til dei to. Det eskalerer litt, men det er jo nettop difor det er desse sju dagane i august boka handler om, og ikkje tida før og etter.

Ismail Kadare, Christine Amadou: Hvem fulgte Dorutine hjem? (Paperback, Norsk bokmål language, 2006, Cappelen) No rating

Historien om Doruntine bygger på en albansk middelalderberetning: en ung pike giftes bort til en …

Då eg las boka, tenkte eg at dette er jo berre ein som har skrive ein meir omstendeleg versjon av eit eventyr. Skal han ikkje gjere noko med historia? Heldigvis fekk historia seg ein vri etterkvart, og eg sat att med ei særs god leseoppleving. Eg håpar at dette ikkje blir mitt siste møte med Kadare.

Herbjørg Wassmo: Juni-vinter (Paperback, Norsk bokmål language, Solum) No rating

Et skuespill (for radio) om en gammel mann som får uventa besøk av sitt barnebarn.

Eit fint, lite skodespel om ein mann som bur for seg sjølv etter at kona har døydd. Han har lite kontakt med dotter si, men få plutseleg besøk av barnebarnet som sjølv har havna i trøbbel. Det er kort nok til at ein kan lese det frå perm til perm, og karakterane levande nok til at det er lett å sjå for seg situasjonen. Og skrive sjarmerande dialektalt.

Umberto Eco: Rosens navn (Norwegian (Bokmål) language, 1984, Tiden) No rating

For eit verk! Eg har sett filmen, så eg hugsa delar av krimplottet, men sjølve krimmen er berre ein liten del av boka. Du blir kasta inn i eit munkekloster i mellomalderen, med dei intrigar og teologiske kranglar som foregår der. Dette er ei vanskeleg verd å ha kontroll på, men boka klarer fint å manøvrere lesaren gjennom den eine konflikten etter den andre. Og ikkje minst er det ei hylling av bokverda i seg sjølv.

Fin, lita bok som det er lett å plassere i bås Da vi var yngre. Jeg synes karakterene og situasjonene i boka er spennende nok til at den kunne vært lenger, men det er noe takknemlig med ei såpass lita og lukka historie. Særlig foreldrene og deres historie kunne jeg tenkt meg å lese mer om. Språket er også et av høydepunktene.

Dinas bok følgjer Dina, ei kvinne på midten av 1800-talet som er noko annleis sett saman enn andre, noko som gjer at ho kan gå på tvers av det ein ventar frå kvinner som ho - på godt og vondt. Det var herleg å kaste seg inn i Noreg på 1800-talet, og kjekt å følgje ein ufortsigbar "helt". Hadde ein framleis hatt særemne, hadde et utfordra ein elev til å sjå på Dina opp mot Isak Sellanrå frå Markens Grøde. Eg gler meg til å lese meir frå Wassmo.

Kenneth Mydland: Da Kurt Cobain stjal musikken (2023, Caldris) No rating

Romanen utspiller seg i årene da Kurt Cobain forviste hårete åttitallsrockere ut av stjernehimmelen. I …

Denne romanen handlar om oppveksten i ei lita bygd på sørvestlandet ca. 80-90-talet, det vil seie like før mi tid. Det er ein debutroman på eit mindre forlag, og eg tenkte fleire gonger at dette ville nok neppe ha overlevd hos eit større forlagshus. Men eg er glad ho kom ut, for ho skildrar ei tid som eg kjenner att, men som elles kanskje ikkje ville vore representert i litteraturen.

Eg kjøpte denne som ein kuriositet då da han dukka opp i ein bruktbutikk. Eg har vekse opp med årlege påskeferiar på Knaben, så det var spanande at nokon hadde laga dikt om staden. Samlinga er tredelt, de første del er "Knaben-balladen" som tek utgangspunkt i at gruvene blei lagt ned. Boka (og Arnljot Eggen) er tydeleg på venstresida, og det er ein klar sympati for arbeidarane i kampen mot storkapitalen (og staten). Men for min del var også interessant å høyre om korleis dette var ein konflikt den gong då, eg hugsar det berre som hyttegrend. Dikta i første del er eigentleg ikkje så spanande, dei er moderne i form, men ikkje i innhald. Det kunne like godt ha vore ein rekke kronikkar.

Andre del har same tematikk, men er ikkje knytt til Knaben spesifikt. Diktet om orda "arbeidstakar" og "arbeidsgivar" var finnurleg, og det er godt å …

Hanna Resvoll Holmsen: Hanna Resvoll-Holmsen - natur bevart i bilder (2023, Nasjonalbiblioteket) No rating

Botanikeren Hanna Resvoll-Holmsen (1873-1943) blir omtalt som Norges første miljøverner. Hun var en foregangskvinne på …

Fin fotobok som tar for seg bilder tatt av en vitenskapskvinne som en del av hennes arbeide - men som også står godt på egne ben. Boka har et kort forord som tar for seg hvem Hanna Resvoll-Holmsen var og bakgrunnen for bildene. Jeg elsker bibliotek og arkiv, og jeg liker veldig godt de som graver i slikt for å vise frem perlene som finnes.

In (2021, Houghton Mifflin Harcourt Publishing Company) No rating

En tegneserieroman jeg leste uten noe forkunnskap. Jeg kjente raskt igjen illustrasjonene fra New Yorker-tegneserier, men jeg hadde ikke noe forhold til forfatteren. Selve plottet er ikke nødvendigvis så interessant - ung mann med en slags personlig krise. Men jeg liker veldig godt hvordan boka får frem følelsen av å komme i kontakt med andre - å ha mer enn bare høflighetsfraser og småprat.

Tony Warriner: REVOLUTION: The Quest for Game Development Greatness (2023, UFO Spares) No rating

Revolution: The Quest for Game Development Greatness charts the journey of celebrated adventure game developer …

Eg såg ei gong nokon seie at Kickstarter er som TV-shop for milenials. Eg endte i alle fall opp med å støtte denne boka, sjølv om eg ikkje har eit særleg sterkt forhold til Broken sword-serien. Eg har spelt minst to av spela, så har eg vel prøvd nokre av dei tidlega spela til Revolution Software også. Men dette er vel helst ei bok for fansen. Men: eg liker godt å lese om spelutvikling, og det var interessant å lese om problema (og suksessane) dei møtte undervegs som britiske "point and click adventure"-skaparar. Og denne boka er litt uvanleg, sidan ho knapt går inn på sjølve historiene i dei svært historie-baserte spela. Det er omtrent berre tekniske utfordringar (og praktiske/økonomiske problem).

Eg trur ikkje eg vil råde andre enn spesielt interesserte i å lese denne boka, men eg trur ikkje det er stor fare for at ein går i …

John Sigvart Jamtli: Tungtvannsaksjonen (Norwegian (Bokmål) language, 2023, Strand forlag) No rating

Sabotør-serien minnar meg om europeiske teikneseriar som Asterix og Obelix og Blåjakkene. Ein tydeleg visuell stil med mange detaljar, ei blanding av seriøst plott og morosame stikk undervegs og ei historisk forankring. Det kan godt vere at me har meir av dette i Noreg, men eg har ikkje lese det i så fall. Og det seier vel noko om at me har begynt å få andre verdskrig litt på avstand. Denne boka tek utgangspunkt i ei historie eg kjenner til frå før, og det gjer at ho kanskje blir enda meir interessant - det blir som ein leik over noko kjent, og eg er ikkje redd for å bli "lurt" av teikneserieformatet. Eg liker også godt at det er kommentarar bak i boka der forfattaren fortel om friheitar han har tatt seg.

finished reading Egalias døtre by Gerd Brantenberg (En Paxbok ; 509)

Gerd Brantenberg: Egalias døtre (Norwegian language, 1977, Pax)

Egalia’s Daughters (original title: Egalias døtre) is a novel by Gerd Brantenberg that was …

Denne har dukka opp i radaren min ein del opp gjennom åra, men no var tida endeleg inne for å lese ho. Kort sagt: Det er ei bok som viser ei alternativ verkelegheit der kvinnerolla og mannsrolla er bytt om. Det er ei herleg leik med språket, og med å snu idear (og uttrykk) på hovudet, får ho tydeleg og grundig vist kor mannsprega samfunnet er. Boka er på eit vis absurd, men det inneber av verda med lev i også er absurd. (Det vil seie: noko har enda seg sidan boka kom ut, men mange av poenga held seg framleis godt.)

Med andre ord: poenget med boka går rett heim og gjer ho til interessant lesnad. Men det er ikkje ei særleg gøy bok. Handlinga kunne med fordel vore meir spissa, karakterane meir interessante og verda meir engasjerande. Men eg vil tru det er vanskeleg å få til …

John Steinbeck: Travels with Charley (1986, Penguin Books)

Eg får ikkje nok av Steinbeck. Dette er første sakprosa-boka eg har lese av han, og det er ein slags ferdaminne over ei reise rundt i USA rundt 1960 (like før han vinn nobelprisen). I klassisk amerikanarstil så reiser han rundt i ein stor bil som han kan overnatte i. Han har med seg jaktutstyr og hunden sin Charlie, men han har ikkje tankar om å gå på jakt. Det er berre så han har ei forklaring om nokon spør kva han driv med på avsides stader.

Steinbeck skildrar eit splitta folk, men prøver å sjå kva dei har til saman. Han peiker på (og punkterer) stereotypar på vegen, og han er best når han fortel historiar eller fortel om samtalar han har hatt med dei han møter på vegen. Siste del av boka er den mest intense, då havnar han i rasekonflikten i sørstatane og prøver å forstå …