Reviews and Comments

Rudi

Rudi@books.babb.no

Joined 5 days, 21 hours ago

Lærar i norsk og historie. Datanerd. (Foto: Erik Skybak) (Reviews in Norwegian)

This link opens in a pop-up window

Keum Suk Gendry-Kim, Jarne Byhre: Ugress (Paperback, Norsk bokmål language, 2024, Pax) No rating

Den koreanske tegneserien Ugress forteller historien om Okseon Yi, som blir tvunget inn i prositusjon …

Ein enkel strek og fine teikningar, men ein grufull historie om valdtekt og misbruk av menneske. Den føyer seg i tradisjonen etter Maus, der ein gjennom teikneserien kan setje bilete på korleis ein oppfattar noko. Eit ekte intervju med offeret er utgangspunktet, men ein forstår at dette er teiknaren sin forståing av det som blir fortald. Snubla over denne då eg såg gjennom Mammut-salet, men har no lyst til å finne meir av Gendry-Kim.

Lisa Aisato: Livet - illustrert (Hardcover, Norsk bokmål language, Kagge forlag) No rating

Lisa Aisatos samlede verker. Ingen illustrerer menneskenes frykt, håp og drømmer som Lisa Aisato. Her …

Aisato har her samla illustrasjoner gjort til ulike formål i ei bok med livslaup som raud tråd, og det fungerer eigentleg veldig fint. Illustrasjonane er ikkje meint å vere humoristiske, men dei har alle "eit poeng", gjerne eit visuelt eit, som gjer at dei fungerer fint uavhengige av dei korte tekstene (ofte berre ei halv setning). Sidan dei ikkje blei laga for å vere i ei samling, varierer teiknestilen litt - men det likte eg eigentleg.

Johan Harstad: Under brosteinen, stranden! (Hardcover, Bokmål language, 2024)

Det er vanskeleg å vite kva ein skal tru om ei bok som dette mens ein les ho. Eg kan hugse at eg kjeda meg og var skeptisk undervegs, men eg var open for at boka kunne retteferdiggjere mykje av det til slutt. Og tja, det gjorde ho vel. Eller kanskje er det så lenge sidan at eg har gløymt kor "ille" det var, men eg la ho jo aldri frå meg. Og boka si "McGuffin" var god nok til å halde meg interessert. Men eg tenkte fleire gonger undervegs at Harstad sin forteljarglede nok er større enn mi leseglede.

Deler av boka er definitivt ikkje viktige for historia sin del, og eg kobla nok av i nokre av avsnitta. Men eg trur det er ein del av poenget. Boka går også inn for å vere ein stor roman med mange karakterer og stort spenn i tid og geografi. …

Christian Belgaux: Peter Wessel Zapffe - Åpninger i landskapet (Norsk bokmål language, Nasjonalbiblioteket) No rating

Filosofen Peter Wessel Zapffe (1899−1990) tok bilder gjennom nesten hele sitt lange liv, og arkivet …

Premisset for boka (og serien) er at biletearkivet hos Nasjonalbiblioteket ikkje berre er av historisk interesse, men at ein kan kurere ut eit utval som er særleg estetisk/interessant. Og fleire av bileta som er samla er definitivt tatt av ein som har eit auge for kva som er bra. Ein blir jo nysgjerrig om det berre er tilfelle i ei samling på fleire tusen bilete, men forordet gjer det tydeleg at fotografi også var ein viktig del av livet hans. Hadde eg lese meir av filosofien hans, hadde det kanskje vore meir interessant å reflektert over (manglande) samanheng.

Eg har lese denne dikt for dikt dei siste vekene. Det er nasjonalromantiske dikt der Grieg hyller både landskapet og folket - men først og fremst arbeidarane. Landskapet er vakkert, men det er også hardt, og mest av alt speglar det kor hardt det er å arbeide i det. Men eg blei ikkje så engasjert i ein del av dikta, eg er ikkje så god å setje meg inn i lyriske skildringar - så naturbileta gjekk av og til tapt på meg. Men eg liker korleis mange av dikta har eit sluttpoeng som på eit vis konkretiserer temaa han utforsker.

finished reading Jernvognen by Jason

Jason: Jernvognen (Norwegian (Bokmål) language, 2003, Bladkompaniet) No rating

Etter å he lese romanen av Riverton/Elvestad, måtte eg tilbake til teikneserien som eg las for ganske mange år sidan. Den gong då gjorde han inntrykk på meg, men eg gløymte fort detaljane i historia. Og eg trur kanskje at teikneserieformatet er litt for "raskt" for denne historia, om ein ikkje stoppar opp sjølv mellom rutene. Det er ein del detaljar og "stemningar" i historia som går tapt i overgangen, samtidig som Jason si tolking også gjer noko med historia. Men framover vil eg nok helst anbefale originalen, så kan ein heller lese denne etterpå.

Stein Riverton: Jernvognen (2015, Solum Bokvennen) No rating

Jernvognen! Usynlig og spøkelsesaktig ruller den over veiene på sommerøya og varsler ond, brå død. …

Eg hadde lese Jason sin teikneserieutgåve frå før, så eg hugsa deler av plottet - men det var mykje som var nytt for meg, eller som ikkje hadde fanga opp tidlegare. Dette er ei tidleg norsk krimbok, men ho er også nesten ein psykologisk thriller. Eg vil ikkje seie så mykje meir om plottet, men det er rart at dette ikkje er blitt laga film av.

Gabrielle Zevin: Tomorrow, and Tomorrow, and Tomorrow (Hardcover, 2022, Penguin Random House)

On a bitter-cold day, in the December of his junior year at Harvard, Sam Masur …

Definitivt ei bok av si tid, men stort sett på eit positivt vis. Av og til stussa eg litt med kronologien - at fleire av tilbakeblikka verka meir som innfall hos forfattaren der og då enn som naturleg neste steg i historia. Boka er på sitt beste når ho feirar kreativitet og skaparvilje. Ho fekk meg av og til å tenke på ein utsegn frå Erlend Loe, om at mens han jogga så tenkte han på anmeldelsar av bøker han vil skrive. Med tanke på at dette er ei bok om dataspel, liker eg kor langt ho går i å dyrke litteraturinteressa til hovudpersonane.

(Og SimFarm er ein eldre gardsimulator enn Harvest Moon).

Herbjørg Wassmo: Karnas arv (Norwegian language, 1997, Gyldendal) No rating

Bok tre i serien om Dina, som ein lenge tenkte var den siste i serien før Wassmo kom med ei ny bok for nokre år sidan. For no blir nok denne den siste for min del. Første bok engasjerte meg veldig, då karakteren Dina var ein spanande måte å utforske Noreg på midten av 1800-talet. Andre bok var ikkje like spanande, då ein stort sett forlet garden og følgjer Dinas mindre interessante son. Tredje bok er vi tilbake til gards, men det var visst ikkje nok for min del. Det er mykje eg liker i desse bøkene, og Wassmo klarer fint å samle trådane mot slutten. Men mellom delane eg liker godt, er det ein del som eg gler meg til å kome forbi. (Eg kjem sikkert til å lese bok fire når eg har fått desse litt på avstand, sidan ho har fått gode meldingar.)

Agnete Nesse: Bergen Fundas (Hardcover, Norsk bokmål language, Kapabel) No rating

Bergens Fundas forteller om Bergens historie fra før byen ble til, og frem til 1670-tallet. …

Dette er første bok eg har lese for dottera mi. Ho er fem månadar og får sjølvsagt ikkje noko ut av det, men det er noko å gjere mens eg sit med ho, og det er gøy å kunne seie det i etterkant. Sjølve boka er eit spanande innblikk i Bergen på 1600-talet. Ho opnar med eit segn om Bergens opphav som eg ikkje visste om, så fortset ho å fortelje om ymse hendingar i Bergen. Og det er verkeleg ymse. Moderniseringa gjer ho lett å lese i 2024, og det at ei stor del av boka er korte notisar gjer at det er lett å plukke ho opp å lese litt og litt.

finished reading Lone Wolf and Cub Vol. 1 by Kazuo Koike (Lone Wolf and Cub (1))

Kazuo Koike, Goseki Kojima: Lone Wolf and Cub Vol. 1 (2000, Dark Horse) No rating

An epic samurai adventure.

Enjoyed the art and the stories - I left it thinking: "I can enjoy this a bit more", but I'm not sure if I can take 20+ books of one shot stories.

(Instead of adding every volume, I'll just edit this one: 28 volumes went like a breeze, and I would have been ready for lots more. Both visually and storywise the series kept itself interesting by exploring new ideas and ways to tell the stories. Great storytelling!)

Herbjørg Wassmo: Lykkens sønn (Norwegian language, 1992, Gyldendal norsk forlag) No rating

Dinas bok fenga skikkeleg, eg likte godt Dina og hennar verd. Lykkens sønn følgjer sonen Benjamin, som går frå å vere eit lite born til å bli ein ung mann. Hovudpersonen er ikkje like spanande, sjølv om tida/miljøet og historia tidvis er det. Eg hadde likt betre om det var Grønnsnes (garden) som var i sentrum. Men boka var framleis god nok til at eg går rett vidare til Karnas arv (bok tre).

Franz Kafka, Waldemar Brøgger: Fortellinger (1975, Cappelen) No rating

Denne har eg lese litt av og på dei siste åra. Nokon av dei har eg definitivt sansen for, særleg fleire av dei mest kjende - men også fleire av dei heilt korte. Men nokon av dei likte eg også veldig dårleg, t.d. den siste i samlinga "Hiet", og "Beskrivelser av en kamp". Og det er vel slik det må vere når ein publiserer mest mogleg, også av det som er ufullstendig. Eg gler meg til å gå i gang med romanane hans.