Back

finished reading The Three-Body Problem by Liu Cixin (Three-Body Trilogy, #1)

Liu Cixin: The Three-Body Problem (Hardcover, 2014, Tor Books)

Within the context of the Chinese Cultural Revolution, a military project sends messages to alien …

Høgdepunktet med denne boka er korleis ho så tydeleg kjem frå eit kinesisk perspektiv. Her er det kinesisk historie, kultur og veremåte som dannar grunnlaget for historia, utan at det blir gjort noko vesen ut av det. Eg får lyst til å lese meir (scifi) frå heile verda, då det var så kjekt å setje seg inn i.

Sjølve historia har mange spanande moment, men også ein del som var mindre interessante. Det er noko med å lese skildringar av virtuelle verder som kjeder meg litt. Eg merka det også i Enders game og Ready player one. Tru kvifor? Den virtuelle verda i boka er jo ikkje mindre ekte enn den faktiske (fiktive) verda i boka.

Eg kontakta forlaget, og dei sa at dei ikkje har planar om å gje ut dei neste to bøkene i trilogien. Sukk!