Kjerstin started reading The Goblin Emperor by Katherine Addison (The Goblin Emperor, #1)
Har lese denne fleire gonger, men fekk lyst til å lese henne enno ein gong då kongen døydde og media vart fylt med alle tradisjonane og prosedyrane som følgjer med eit tronskifte. Denne boka handlar om akkurat det, og om korleis det er å plutseleg måtte ta over ei trone ein ikkje var førebudd på å ta over, og måtte navigere mellom statsfunksjonar og etablerte politiske frontar ein ikkje har oversikt over. Og om korleis overleve alt dette når ein er eit godt menneske og ikkje ein maktsjuk tyrann. Forteljinga om Maia stiller ikkje spørsmål ved keisardømet som styreform, men innanfor den ramma er det ei av favorittbøkene mine, verda er passe kjend og samtidig passe framand til at det er ei glede å besøke henne, og eg elskar dei formelle språklege vendingane og dei omstendelege namna og titlane (som mange andre lesarar sikkert hatar) og dei strenge krava til …
Har lese denne fleire gonger, men fekk lyst til å lese henne enno ein gong då kongen døydde og media vart fylt med alle tradisjonane og prosedyrane som følgjer med eit tronskifte. Denne boka handlar om akkurat det, og om korleis det er å plutseleg måtte ta over ei trone ein ikkje var førebudd på å ta over, og måtte navigere mellom statsfunksjonar og etablerte politiske frontar ein ikkje har oversikt over. Og om korleis overleve alt dette når ein er eit godt menneske og ikkje ein maktsjuk tyrann. Forteljinga om Maia stiller ikkje spørsmål ved keisardømet som styreform, men innanfor den ramma er det ei av favorittbøkene mine, verda er passe kjend og samtidig passe framand til at det er ei glede å besøke henne, og eg elskar dei formelle språklege vendingane og dei omstendelege namna og titlane (som mange andre lesarar sikkert hatar) og dei strenge krava til kva som passar seg og ikkje, som hovudpersonen må manøvrere innanfor. Alle bipersonane er fantastiske, og det same er skildringane av hovudpersonens møte med dei. Eg har aldri før hatt det norske kongehuset i tankane når eg har lese denne boka, men no har eg det, og eg er spent på kva det får å seie for lesinga.
